
Eg hadde media, eller MIK, i dei fyrste timane, det var kjekt sjølv om det berre var film-teori. for læreren min sa vi kunne arbeide med foto i dei praktiske prosjekta. også fekk eg arbeide for meg sjølv med photoshop i fritimen etterpå, for det er sånn eg gjer.

etter å ha gått meg lei og irritert på å ikkje forstå alt med CS5 (og photoshop generelt, i suck), byrja eg å ta bilete av folka som sat i kantina. det var morosamt.


så kom susann, ho hadde kjøpt salat i kantina, men syns ikkje den var nokon sensasjon, sjølv om ho åt den fordiom.

Sissel var der også og eg syns ho hadde fine øyredobbar og vi avtalte kaffi-date og snakka om alt.


Nina og Johan hadde eit irriterande høgt energi nivå og det var eigentleg berre fint og teit.

eg grubla litt på korleis Religions timane kom til å bli framover, meditasjon står på arbeidsplanen og vi fann ut at det kan bli… interessant.

Eg hadde verkeleg forberedt meg skikkeleg til Politikk timen, med verdas finaste ugle-termos og ei skriveblokk full av notatar. Men det var noko gale med termosen min og den begyndte å lekke noko som likna på svart/grå lim og eg var redd eg skulle døy kvar gong eg drakk av kaffien min.

Politikk var kjekt, sjølv om eg vart mobba for å vera “ekstra lærar” fordi eg svara på alle spørsmål og aldri greier å svare kort og enkelt, men svara lengje og utfyllande. dei kallar meg av og til leksikon, og eg syns ikkje det er noko morosamt. men så går det greit likevel.

Susann var med meg heim og vi laga verdas finaste middag. Det var alt for mykje mat. Eg laga to fulle glasbollar med min yndlingssalat (isberg, feta, tomat, spirer, sopp, avokado, agurk og sjalottlauk), vi laga pasta og pesto, og susann laga wok og heimelaga, ubehandla, ovnsbakte potetbåtar og grisestrimlar. sistnemnte var det berre ho som åt.



det var godt og eg åt alt for mykje mat og trudde eg skulle sprekke. Og det finaste var at eg hadde laga ALT for mykje super-salat, så kjøleskapet mitt er no fullt av namme-salat og det skal eg gå og knaske på til alle døgnets tider.

Så reiste Susann og trente på treningssenter, men eg likar ikkje det treningssenteret ho går på, så eg vart igjen og jobba litt med lekser og høyrde på Trang Fødsel og nynna litt og såg på det fine været ute.

men eg var ikkje åleine lenge, for etter ei lita stund kom finaste Sissel på besøk.

vi gikk tur rundt Eid, for det er fint å gjera når det er sol og august.

På vegen møtte vi Henriette, ho har nett blitt 18 og Sissel hadde gebursdagsgåve til ho.

Henriette hadde verdas finaste hest, Solan, og då ho fann ut at vi skulle same vegen som stallen fekk eg lov å ri han.

Eg er sånn heste-jente, og vart skikkeleg glad og nostalgisk då eg kom opp på hesteryggen igjen. Dessverre har det blitt mindre med det sidan vidaregåande byrja, slik er det vel. (foto: Sissel).

Eg rei bort til stallen, og der var det endå ein nydeleg hest, og eg fekk heilt vondt inn i meg, for eg kom på kor mykje eg sakna å drive med hestar. men det var fint fordiom.

Vi venta tolmodige på at Henriette skulle bli ferdig i stallen før vi tusla vidare til hybelen min, der vi tente te-lys og drakk kaffi. eg er skikkeleg kaffi-jente. hihi.

og himmelen var fin, og det var kjøleg i lufta, så vi fraus litt, og no skal eg jobbe litt med retorikk analyse.
Korleis har dykkar måndag vore? Kva er det finaste med heile denne dagen? Kva er det verste?