Eg sit i den grønne sofaen og les. Ord surrar seg saman i forskjellege kombinasjonar og utgjer vakre setningar og historier. Eg drikk te og er varm i kroppen. Dersom eg glimpsar opp frå boka, ser eg den mørkeblå vinterverda som har slått seg til ro i lufta. Frå ovnen kjem det små knitrelydar, som blandar seg med dei djupe tonane til Tom Waits’ No one knows I’m gone og ei underleg stemning skyl over meg. Eg legg boka ned og stirrer ut vindauget, inn i kveldens mørkeblå auger.
Utanom meg og Sara-kvalp, er det ingen andre i huset nett no. Heile huset er roleg og stille, det er nesten som om eg høyrer det sleppe ut eit stille sukk. Eg lurer på korleis det blir når dette ikkje er mitt hus lenger. Det er ikkje lenge til, berre nokre månadar, så flyttar eg på skikkeleg heimafrå. Då er det mamma og stefar og småbrødre sitt hus, eg kjem berre til å låne det ein gong i blant når eg er på besøk. Det er sprøtt å tenkje på, noko det faktisk ikkje burde vere. Eg har jo flytta over ti gonger i løpet av mine atten år, dette grønne huset har ikkje vore mitt så lenge, har det? Likevel er det ein merkeleg tanke å ikkje komme heim kvar helg og krangle med veslebror på sytten om musikk, litteratur, politikk og bono, for så å ete heimelaga pizza og sjå nytt på nytt og skavlan. Eg elskar nytt på nytt og skavlan.
Kva er eigentleg planen framover? Det er skummelt å spørje meg sjølv det spørsmålet, det verkar som om eg alltid har hatt svaret. Planen har vore enkel og klar frå eg var elleve år gammal, eg har alltid visst akkurat kvar eg skal og kva eg vil. Og det gjer eg endå, det er ikkje det. Draumen er den same, målet det same, vegen den same. Det er berre det at det er ein litt skummel veg og eg veit ikkje heilt kvar eg skal gå for å komme på den. Eg kokar meir te.
Medan vasskokaren summar slepper eg Sara-kvalp ut bakdøra, men ho vil ikkje. Eg går inn på kjøkkenet igjen og finn fram ein hundegodt og set meg på kne foran ho, stå, seier eg, og når ho gjer det gir eg ho snopet og stryk ho på ryggen, flink jente. Vasskokaren seier klikk, eg røyser meg og tømmer vatn opp i kruset. Fennikel, brennesle og peppermynte te, herleg. Lullaby av Tom Waits byrja spele akkurat med det eg sit meg ned i den grøne sofaen igjen. Sara-kvalp legg seg ved siden av meg og kviler det vesle hovudet sitt på fanget mitt. Eg tar ein slurk av tekoppen og lener meg bak i sofaen, skyv vekk alle tankar om framtida, løfter boka opp igjen og fortsetter å lese. Eg har endå litt tid, tenkjer eg, og igjen surrar bokstavar seg saman til ord, som dannar vakre historier eg kan forville meg i.

I have been thinking a lot about next year and my future, and to be frank it scares me a bit. I keep telling myself that I have all this time to think about it later, but in truth I am just really the biggest procrastinator in the world.
ph: linked to source








































































