the end of a love-story


det er no to år og ein dag sidan eg oppretta denne bloggen. to år og ein dag sidan eg sat i bergen, med gamle macen min, som då var ganske så ny, og klikka meg inn på wordpress. 732 dagar, 2097 kommentarar og 430 innlegg og 88 følgerar på bloglovin seinare, sit eg no på jobb og skal annonsere nedlegginga av same blogg. det er noko rart over det heile. noko merkeleg og endeleg. eit punktum i siste setninga av ei bok.

denne bloggen har endra meg på så mange måtar. eg har liksom funne meg sjølv litt med den. her har eg klaga over prøver og særemne, eg har tatt dykk med på opptaksprøver og intervju. de har fått vere med til frankrike, praha, hellas, bergen, oslo, brummundal, haugesund, valdres. heile utviklinga mi som fotograf ligg åpen og klar i sidene på denne bloggen. to år og ein dag. det er ganske mykje det.

det er litt bittersøtt at dette er siste innlegget eg kjem til å skrive her på kristinakvaale.com. kjenslen er litt lik den ein får når ein står i ei tom stove som ein gong var di, og ein veit at dette er den aller siste gongen ein kjem til å vere der. for denne sida har jo vore heimen min her på internett. fuglane veit kor mange gongar eg har sitte med ein kopp te eller kaffi og gått over kommentarar, sett igjennom innlegg, skrive innlegg, endra layout… men livet må gå vidare, og sjølv om dette er det siste blogginnlegget mitt her, er det jo ikkje det siste blogginnlegget mitt i historia. nei, eg skal jo tross alt berre flytte.

eg har kjøpt meg eit domene, eit nytt hus om du vil. og de som følger meg på twitter har anten visst eller ana dette. dei siste fire veken har eg pussa opp og bygd på domenet. gjort det klart til introduksjon og innflyttingsfest. i dag er dagen, og de er alle saman personleg innviterte til innviingsfest hjå;

 imaginarypixies.com.

heile festen blir kickstarta med ein konkurranse der vinnaren kan vinne ein boks pukkate of his/her choice samt ein overraskelse. så kom, kom! ta med dykk smil og kreativitet og bli med på å gjere imaginarypixies.com like bra som det kristinakvaale.wordpress.com har vore!

tusen takk for alle kommentarar, støttande ord, følgarar og alt. de har betydd, og betyr, så uendeleg mykje for meg!

kyss og klem, Kristina

translation:
it is now two years and a day since i started this blog. and now, 731 days, 2097 comments, 430 posts and 88 followers on bloglovin later, i am announcing the end of it. it feels strange, like i am writing the last sentence in a book, knowing there is no more to say. reviewing the blog i feel like i am standing in my empty livingroom before leaving, knowing i will never return. but then i remind myself that i am not going  to stop blogging even though i am retiring this blog. you see, i’ve made a new blog, a new home, and you are all invited to visit whenever you want!

 imaginarypixies.com.

to get the party started i am launching a contest on the new blog, where the winner will get a box of pukka-tea of his or her choice, and also a surprise prize to go with it. so bring your smiles and creativity and come help me make imaginarypixies.com just as good as kristinakvaale.wordpress.com has been. thank you so much for all of your comments, supportive words, followers and everything. you have meant, and mean, som incredibly much to me!

lots of love and kisses, Kristina! 

About these ads

6 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

6 responses to “the end of a love-story

  1. jeg blir gjerne med på fest, så vi sees der :)

  2. Nå var jeg helt sikker på at du skulle slutte å blogge, eller iallefall ta en sånn pause som nesten er en slutt, og kanskje komme tilbake med halen mellom beina om et og et halvt år, også funderte jeg på om jeg skulle være forståelsesfull og grei, eller urimelig og trist. Men så trengte jeg ikke å tenke noe mer på det, heldigvis.

  3. Åh, jeg gleder meg til å følge med deg i ditt nye hjem! <3

  4. regndrope

    Gratulerer med ny bloggheim! Gler meg til å sjå korleis det vert der framover :) (og så er eg enig med haruhi, for det ville vore eit vanskeleg dilemma )

  5. Stine

    Takk for en veldig fin blogg her, og selvsagt skal jeg bli med videre.

  6. Synd at denne bloggen forsvinner,men jeg gleder meg til å følge deg videre. var litt bekymret da jeg leste meg nedover at du skulle slutte med bloggingen helt,men tjoh.. det skal du ikke.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s