Category Archives: Filmatiske vidunder
eit liv i tårer
do not pity the dead, harry, pity the living. above all pity thoes who live without love.
spoiler alert.
ralph fiennes, daniel radcliff, avada kedavera. og så blir det kvitt. akkurat slik det skulle bli. kvitt og dust, som eit tynt teppe av skodde. kvite skyer. det er kings cross. det er harry og dumbledore og ein døyande del av tom riddle. naken, kvit, spinkel og blodete. ein blanding av eit barn og eit vesen. ein blanding av levande og død. det er tomhet farga i kvitt. og det er vakkert og rått og magisk. akkurat slik det skal vere.
og det er ei tolking. ei tolking, ikkje berre gjort av david yates, men også av emma og daniel og rupert. ei tolking frå maggie smith og alan rickman, frå gary oldman og ralph fiennes. det er ei bok, fleire bøker, ei historie, tolka av så mange forskjellege, kreative mennesker. frå regissør til cast, frå sminkørar til ad-ar (art direction). ei tolking laga av menneske der denne historia, desse bøkene, karakterane, har vore livet deira – barndommen deira, på ein heilt anna måte enn nokon andre kan påstå – og det er vakkert. til tross for alle avvik og omskrivingar, er det vakkert. det er skjørt og mørkt og dystert og skremmandes djupt. ein adaptasjon ein ikkje gløymer, for det er den siste, og det er den viktigaste.
det er alan rickman, ikkje i shrieking shack, men i ein krystallbåt. det er nagini, kill, og tårer av sølv. der det gøymde seg eit heilt liv, ein heil kjærleik – gløymde løyndomar frå hjartets innerste hjørne. og det er hudlaust og ekte. og sjølv om det er redigert i forhald til boka, så kom den gjennom – bodskapen, meininga. det løynde poenget som ikkje kunne komme før det nesten var slutt. det som forklarte alt.
og tårene vart til elver som vart til hav.
det er så mykje, så mange. det verkar fåfengt å ta tak i berre ein del, i berre nokre einskilde – for dei er berre små bitar av det heile. av poenget og moralen. det handlar ikkje berre om harry, eller voldemort, eller ron og hermoine. det handlar ikkje berre om kjærleik, men og om sorg og sinne, mot og motlause – hat og barmhjertigheit. det handlar om vennskap, om å vekse opp, om å bli eit menneske. det handlar om å leve, det handlar om livet. og det er det som gjer det så magisk og fantastisk – for det er nettopp det vi alle har til felles.
of course it is happening inside your head. but why on earth should that mean that it is not true?
translation:
i watched the last harry potter movie today, and here are my thoughts around the movie, the movies, the story and the adaption from book to movie.
Filed under Filmatiske vidunder
and so we have to say good-bye










tre år. og no er det slutt. vidaregåande er over. det vi har gleda oss til så mykje at tida i mellom av og til verka som om den hadde stoppa opp. det vi har snakka om i tre år. no er den her – tida etterpå – og kva som skjer vidare er i kvar enkelts hand. og vi seier hade og vi snakkast plutseleg og gir ein klem og tar ei pils og lar tida komme til oss. no har vi jaga den nok.
![]()
three years have passed and suddenly high school is over. we celebrated in the sun, reminiscing, laughing and wondering what will happen nexr.
I will always be along the side of your life. And you will always be along the side of mine
dette er mitt bidrag til 12-frames prosjektet eg og milla har. mai-filmen var Everything is Illuminated, basert på Jonathan Safran Foer si bok med same namn. Denne filmen er så fin, og det som kanskje er finast, ved siden av den fantastiske filminga, er at Elijah Wood spelar Jonathan. det syns eg er det finaste i verda akkurat no.
for å lese meir om 12-frames, klikk her.
![]()
this is my interpretation of the may-movie, everything is illuminated, based on jonathan safran foer’s book with the same name. this movie is so beautiful, and the thing i find the most beautiful, besides all the wonderful filming, is the fact that elijah wood is playing the role of jonathan. that might be the most beautiful thing in the world at this point.
Filed under Filmatiske vidunder, Foto og slikt fint
I couldn’t even begin to think about knowing how to answer that question.
av og til skulle eg ønske eg kunne leve som margot tenenbaum. flytte inn på badet og bu i badekaret. med ein rosa hustelefon, kabeltv, bøker og sigarettar, berre ligge der, i varmt vatn og bade i depresjon og einsemd. berre gøyme meg frå verda, gløyme ansvar og forventingar. skjule meg under falmande såpeskum og lunkande vatn. sovne, i nesten kaldt vatn. med tom waits i bakgrunnen og the bell jar i henda, halveis nedsunken i vatnet omgitt av eit tjukk teppe av røyk – og berre gi ein god faen.
![]()
sometimes i wish i could do like margot tenenbaum. move into the bathroom and live in the bathtub. just wallow in depression and loneliness, forgetting all responsibilities and expectations. just fall asleep, in disappearing foam and cooling water, with tom waits in the background, and the bell jar, halfway sunk in the water. breathing a thick layer of smoke, and just not giving a shit about anything.
Filed under Filmatiske vidunder, Skriverier og tekstar og slikt.
autumn de wilde
ein av mine nye favorittfotografar heiter autumn de wilde. dottera av fotografen jerry de wilde. ho regisserar også korte filmar, og er god ven med elijah wood og zooey deschanel. ho er rett og slett fantastisk. bilda hennar kan du sjå her.
my new favorite photographer is autumn de wilde.
Filed under Filmatiske vidunder, Foto og slikt fint
filmar eg vil sjå
+ submarine
+ få meg på for faen
fordi boka er kjempebra, filmen kom vidare til hovudkonkurransen på tribeca film festival i new york, og ei venninne av meg har rolla som sara i filmen. ho er også russepresidenten vår forresten, tihi.
+ the roommate
+ the help
+ waiting for forever
+ last night
+ water for elephants
også satsar vi på at elefantane hadde det bra
+ something borrowed.
eg dør litt av denne traileren. plottet er gammalt, men eg elskar det fordiom, hahaha
+ bridesmaids
fordi ho som spelar sookie i gilmore girls har eine rolla. og ho er fantastisk.
+ pirates of the Caribbean 4
har du sett ein, må du sjå alle. er det ikkje slik?
+ HARRY POTTER AND THE DEATHLY HALLOWS PART 2
inga forklaring naudsynt
+ my week with marilyn
(fann ingen trailer)
emma watson, michelle williams. det må jo bli bra.
+ the other woman
+ norwegian wood (of course)
+ eat pray
kva filmar vil de sjå??
![]()
some movies i am really looking forward to watch. the second one (turnmeongoddammit) i starring one of my friends, malin, as sara. that is really cool. what movies are you looking forward to see?
Filed under Filmatiske vidunder
i was made for you
det er vår i lufta. sol sol sol. og frekner og grilling og skrubbsår på kneet. eg vil vere zooey deschanel i denne reklama. ver så snill.
![]()
it’s spring in the air. sun sun sun. and freckles and barbecues and wounded knees. i want to be zooey deschanel in this commercial. pretty please.
Filed under Filmatiske vidunder
fine ting på youtube
skins – mad world:
moddi
this is england trailer
the essence of memories
girl, interrupted – ice cream outing
pippin’s song
the kooks – brooklyn
moon river
Jon Cryer – Try a little tenderness (frå pretty in pink, som er så fin)
kva er dine favorittfilmar på youtube?
A love song for Bobby Long
Den finaste filmen eg veit om heiter a Love Song for Bobby Long. Den handlar om liv som snurrar rundt kvarandre og binder seg i hop, om kjærleik, tragedie, kjensler, alkohol og mykje litteratur. Eg elskar den.
sjå den berre. trailer finn de her.
![]()
My favorite movie in the whole world must be a love song for bobby long. i just love it!
Filed under Filmatiske vidunder

































