Månadsoppsummering: Mars

Fordi eg sit oppe og (igjen) ikkje får sove, fordi eg har hovudverk som ikkje vil forsvinne og fordi eg blir heilt deprimert av hovudverannfalla mine tenkte eg å gjere noko litt morosamt. noko som gjer at eg tenkjer positivt, nyttårsforsettet mitt var trossalt å bli meir positiv. difor tenkte eg at eg skulle gjere noko á la siljesreise og mewkid. nemleg månadsoppsummering. om dette er noko interessant å lese veit eg ikkje (eg er ikkje akkurat verdas mest interessante person). har justera litt på spørsmåla her da. here we go!


Største glede: fekk spørsmål om eg ville vere med til Frankrike i april (noko eg sa JA til)
Største irritasjon: tidsklemma må eg seie. sit på ein heil haug med intervju med fotografar, men har ikkje tid til å få alle ut i tide. noko som er litt trist. ÅÅÅ! eg kom på no: AT EG IKKJE HAR PHOTOSHOP!! mine tekniske evner tilseier at eg må kjøpe.. moralen min nektar meg å laste ned ulovleg. dumme moral.
Største irriterande tanke: sit og lurer på om passet mitt er gyldig eller ikkje. hm…
Beste bilete (tatt av meg): dei eg har vore spesielt fornøgde med er dette. har eit bilete eg tok av auge til Oda som eg ikkje har ferdigredigert på macen. kan leggje det ut ein annan gong.

Kjekk ting som har skjedd/eg har gjort: Comenius workshoppen! også var eg i Bergen to dagar og det var kjempe koslig!
Ser fram til: Frankrike turen, å ta mange fine bileter!

Fotograf: eit sinnsjukt vanskeleg spørsmål, men eg må vel kanskje seie ho her: Li Hui
Mat: grønne smoothies! også alfalfa spirene mine – babyane mine.. (link til teit film)


Trim: ler.. har ikkje tid til slike privilegier lenger eg…
Serie på tv: ehm.. ser svært lite tv… men har sett veldig mykje men in trees da… men det er sånn surfthechannel når eg har tid opplegg hehe.
Sang/Band: Oxford Comma – Vampire Weekend og Patti Smith
Person: stefaren min som kjørte heilt til Eid og henta meg då eg vart sjuk med bronkitt/lungebetennelse berre for at eg skulle sleppe å vente i to timar på bussen til Måløy. snille, søte stepappaen min🙂
Film: mange fine filmar denne månaden, må bli Alice in Wonderland, den var awesomness som Tiril ville sagt.


Mange, mange, MANGE sinnsjukt flinke fotografar som får meg til å tru at eg aldri kjem til å greie å ta skikkelege bileter, samtidig som dei inspirerar meg til å greie alt! i forbi farta desse 2:
tori schepel

annette pehrsson:

men også har eg oppdaga kor langt eg kan presse kroppen før han bryter ned. besvimingar og sjukdom er vel det som eg kan summere opp månaden i helsemessig.

Beste kjøp: blender! electrolux assistent stand blender 2600/3000! superduper nøgd med den!
Dårligste/kjipeste kjøp: tja.. er eigentleg ikkje ein shoppe person, men kjøpte nokon sokkar på cubus som vart hol i med ein gong…
Ønskeliste: telelinse, canon 5d mkII (in my sweet dreams), box brownie kamera, gamle analoge kameraer (som eg greier å finne film til), holga kamera… skal eg fortsette?

Månedens blogg: the photodiarist
Nyeste blogg på bloglovinlisten: green-ecomom
Bloggirritasjon: som vanleg.. barn som bloggar. er vel ikkje like mykje irritasjon som skremselstaktikk. syns det er kjempe skummelt at ti åringar bloggar, syster mi er snart 9 og ho får verkeleg ikkje lov av meg å utlevere kvardagen sin, samt geografisk beliggenheit til verda før ho er minst 14. (Er eg overbeskyttande?)

Livet som veggis funkar like fett som før. Den siste månaden har eg blitt meir og meir inspirert til å leve betre, grønnar og må nok innrømme at de ikkje må bli heilt overraska om de i april 2011 finn ut at eg er blitt veganer. tida vil vise. like før påska var vel kosthald ikkje-eksisterande saman med matlyst grunna antibiotika helvete, men det ordna seg sakte men sikkert.

Ein utruleg hektisk månad, på mange måtar ein fin ein, men mykje arbeid, skule og mykje sjukdom for både meg og nokre av mine nærme.

ser for meg at april kjem til å vere ein maraton-månad med eksamenslesing, heildagsprøver, jobb og tur til frankrike og arbeid med comenius avisa. men vi forheld oss positive så langt.

no følte eg meg litt som ein copycat… overskriftene er tatt frå: siljesreise

9 Comments

Filed under Uncategorized

9 responses to “Månadsoppsummering: Mars

  1. tack så hemskt mycket!🙂

  2. Helt enig, moralen min lar meg ikke laste ned photoshop….. Selv om det trengs, ganske.
    sv: Tusen takk, var litt usikker på om det ville funke egentlig.
    Hahah, tjaaa… Fint vet jeg ikke om jeg ville kalt det men, takk🙂

  3. tusen takk for fiiin kommentar:***

    jeg liker bloggen din! Du legger så mye arbeid i innleggene.

    hvor får du tak i alfalfafrø? jeg eeelsker sånne spirer!

  4. Ingrid

    Jeg hadde en slik moral før når det gjelder å laste ned Photoshop ulovlig, men da behovet ble for stort forsvant den..

    Morsomt å lese slike månedsoppsummeringer!😀

  5. Ida

    tack snälla du! dina fina ord gör mig stark❤

  6. Hehe, du var litt copycat der ja😉 Last ned Photoscape gratis, det er det programmet jeg bruker(og har laget skriften i), det er et veldig ok program for oss som ikke har photoshop. Last det ned(søk på photoscape i google) og lag din egen skrift da vetu🙂

  7. Härligt att det är fler som tycker likadant🙂 Då kanske man kan få personerna som tror att allt hänger på kameran att ändra sin uppfattning lite🙂

    Hoppas du har det fint!

  8. ja, er gøy. men ikke så gøy der og da når man ikke klarer å stå på beina x)

  9. Ja, og jeg setter pris på at du sa ifra. Opplevd at folk stjeler alt fra bilder til gif’er som jeg tilfeldig kommer over senere.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s