Monthly Archives: May 2010

raudvin, dumdum og buffy

fine ting som har skjedd idag:

– stefar kjørte meg til skulen idag tidleg.

– eg reiste til sandane og hørte på bestevenninna mi, Kristin, sin hovudinstrument eksamen. den var kjempe bra, ho avslutta med dream theater og fekk karakter 5, sjølv om ho burde fått 6.

– eg har ingen lekser og det er fint vær ute.

– mamma kjem heim frå Harstad idag og har med seg gåve til meg.

– eg er komt til sesong 3 av buffy maratonet mitt.

– eg sitter å høyrer på DumDum Boys og drikker raudvin.

ting som ikkje er så fine idag:

– eg er konstant utslitt og har vore det i to veker no.

– megavideo seier eg må vente 54 minutt får å sjå ferdig Buffy episoden eg ser på.

– pcen til mamma støttar ikkje raw-fil bileter.

ja også ser eg litt småleg mongo ut idag.

.

it has been a long, but fun day. my best friend, Kristin, had her main instrument exam today (the piano), she was great and got a 5, which is the second best mark you can get in Norway.

Advertisements

3 Comments

Filed under Musikalske eventyr

å ha lyst på jordbær på ein søndag når butikkane er stengde.

foto: linked to source.

playlist: jordbær

.

i want strawberries, but it is sundays and all the stores are closed.

2 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Mat

dagens fotograf info, speleliste og ei liste som berre er fin

bloggen er litt kjedelig i det siste. eg veit det, og det irriterar meg grådig,  heldigvis fins det grunnar til det. heilt sidan eg kom igjen frå frankrike for ein månad sidan har eg vore heilt drukna i skulearbeid og jobben min. eg har hatt tre eksamenar, tre heildagsprøver og jobba mykje ekstravakter på jobb. av og til så må ein nesten berre prioritere det ein må gjere i staden for det ein VIL gjere. hadde det vore opp til meg, hadde eg brukt vekene på å intervjue fotografar og sjølv tatt mykje bileter. men eg bur på hybel og er økonomisk uavhengig og eg går på skule, så slik blir det berre.

eg har jo sjølv sett (og forstått kvifor) at lesartalet har sunke dei siste vekene, det er heilt forståeleg. dei siste to vekene har eg heller ikkje hatt macen min, den ligger på eplehuset i bergen etter å ha vore på service, og eg har måtta bruke min mors pc. forhåpentlegvis får eg den tilbake til mandag. pcen til mamma støttar ikkje raw-filer og eg får ikkje lasta opp bileter og i alle fall ikkje redigert dei (om ikkje det vil at eg skal paint redigere uopnbare rawfiler). ein anna grunn til lite og uvarierande innlegg.

no derimot er eg ferdig med alle eksamenane mine, eg har berre èi heildagsprøve igjen og no har eg også invistert i nytt objektiv. eg har så smått begynt å intervjue fotografar igjen, og har laga grunnlag til forbetring i “dagens fotograf”. forhåpentlegvis blir det ny dagens fotograf i løpet av helga. det skal eg gjere alt for å klare! det skal bli deilig å kunne publisere eit innlegg av litt kvalitet og arbeid. skal også prøve å bli flinkare til å annbefale andre bloggar, bøker og liknande. lovde ei for fleire månadar sidan å fortelle om stativet mitt og kva eg syns om det. (eg syns det er kjempe fint, tar litt tid å stille inn, men står støtt og stadig).

tenkte eg kunne legge ut ei speleliste: sommar kjensle og jane eyre og iste

og ei fin fin liste eg fann.

Xc3cyq_large

liste: ukjent

.

a little update about the blog. these last few weeks my updating has been irregular and the quality so and so. i’ve had three exams (biology, spanish and international english) and three finals in addition. i have also been to france, been busy at work and have had to make some tough prioritizing. the last two weeks my mac has also been in Bergen getting a little fix, and my access to computers has been my mothers computer. of course i would love to spend my time interviewing photographers and taking loads of pictures and editing them. i just have not had the oppertunity lately, and it is really unfortunate.

however, i have started to interview some photographers again, and i hope to publish some photographer of the day segments during the coming days. until then i hope it will do with a playlist: sommar kjensle og jane eyre og iste and the lovely list above (source unknown).

2 Comments

Filed under Dagens Fotograf, Musikalske eventyr

ei eldfluge hadde funne seg ein ven og dansa kring det store bålet på stranda. saman utgjorde dei den einaste lyskjelda i den blåbleike natta. i bakgrunnen kunne ein høyre ei einsam ugle synge ein stille natt konsert til seg sjølv og dei som måtte ynskje å høyre på. orkesteret var den brusande lyden av bølger som mjukt traff sandbanken i fast takt. svabosj svabosj. det var ein løynd nattfestival. og medan eldflugene dansa til den unike komposisjonen av hav og land som blei eitt, var det ingen som brydde seg om dei to som låg på bakken, inntulla i eit teppe og kvarandre, og sov.

tekst: meg

5 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

imagination is more important than knowledge – Albert Einstein

eg draumer om ei verd der eksamen er valfritt og ein får sjølv velje kva ein kjem opp i. eg hadde komt opp i engelsk og matte kvart einaste år.

eg draumer om ei verd der det er obligatorisk å ha ein liten sara-kvalp som søv på fanget ditt når du arbeider med lekser.

eg draumer om ei verd der alle et jorbær og blåbær til frukost saman med den beste koppen svart kaffi.

eg draumer om ei verd der jobben min er å lesa Jane Eyre og Wuthering Heights og Persuasions og The Old Man and the Sea og the secret garden i ei hengekøye innpakka i eit kvitt ullteppe og ein kaffikopp om våren.

(via gingerlilytea)

Eg draumer om ei verd der ein berre kan peike på eit kart i blinde og så reise til den plassen ein har peika på. om det så er midten av stillehavet.

Eg draumer om ei verd der alle lever etter Albert Einstein sine sitat. eg hugleikar den mannen.

Foto: linked to sources

viss de lurte så har eg lese dag til engelsk eksamen og har litt konsentrasjonsvanskar.

.

on a study break. tomorrow is my internation english exam, i am not too worried. i made a list over how i wish the world would be.

7 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

Vild

denne tumblren gjer at eg ikkje hyperventilera når eg tenker på eksamen og gjer at livet virkar mykje finare enn det er. verden skulle vore desse bileta.

Tumblr_l2pyo3do5e1qzcapto1_500_large

Impossible Things by Lissy Elle.

pretties by tinydoll.

4 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Lister, annbefalingar og fine ting

eg skulle skrive mykje

her skreiv eg mykje. mykje. eg skreiv om mykje også. mykje om mykje. men det vart ikkje til at eg publiserte det, for eg får angst når eg skal publisere mykje om mykje for tida. kvifor var det ikkje slik før? akkurat no har eg berre ein stor trang til å slette heile bloggen, alle innlegga der eg har skrive mykje om mykje. men så har det seg slik at dei er ein del av kven eg er, så eg får meg ikkje til det.

idag kjøpte eg boka til Regine Stokke. det bør du også gjer.

no høre eg på dimmu borgir og keep of kalessin og har store planar om ta bilete av ein sovande hund ved namn sara. også skal eg lese til spansk eksamen på verandaen. berre to eksamenar igjen og ei heildagsprøve, så er skuleåret ferdig. kan ein spole fram eit år i tid? er det lov? vil ein vite kva som skjer?

vindu2

12

4

foto: REGINE HANSEN STOKKE

har eg forresten sagt at det var regine som fekk meg interessert i foto?

2 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting, Skriverier og tekstar og slikt.