ein bungalow på Bali

å feire 18 års dagen sin i bergen er kjempe kjekt, men kan/vil resultere i allsang med gatetrubadurar klokka tre om natta (som sjølvsagt blir teke bilete av), bilete saman med forskjellige ukjente mennesker, taxi heim halv sju om morgonen og hovudverk så dunkande at det kjennes som om det er buekorpsparade i hovudet ditt. eller hitlerjugend som atle kallar buekorpsa. det vil også resultere i harmlause vitsar på din bekostning og lattermilde augeblikk av klarhet frå forskjellige hendelsar natta før. difor har dagen min gått med til vatn, tv, pledd og (til slutt) paracet og ibux. matinntaket har vore minimalt og eg har gått rundt i for stor nattbukse og daffegenser i heile dag, med håret i ein dusk på toppen av hovudet. sexy med andre ord.

på dagar som dette prøver eg å vere kreativ, produktiv og få unnagjort ting som må gjerast. som å lesa til spansk eksamen som er neste onsdag. det gikk ikkje så bra, eg blei deprimert og fekk ein truande oppførsel overfor dei rundt meg, pms med andre ord, så eg slutta relativt fort. ellers har eg redigert nokon bileter, sjekka e-posten min og lagt ut fleire bileter på flickr sida mi. eg har funne ut at kosthaldet mitt frå og med no skal kun bestå av avokado salat med ruccula og cherrytomatar og ost, saltstenger, ananas og epler frå sogndal. berre gode ting altså. ein kan sei at eg har vore tankeproduktiv. ein anna av mine tankeeskapader er at eg skal få mitt eige domene, eg skal gå eit år på folkehøgskule etter vgs og ellers leve i ein bungalow på bali og ete avokadosalat, jordbær, ananas og saltstenger. sjampagnesaft er godt også.

no sit eg, endå i den for store pysj buksa mi og daffegenseren og ser brannkamp på tv2 med Atle-Hjørn, Roy-Olav og farmor. sjølv om brann stadion er tjue meter unna og ingen av oss er noko fotballinteresserte.

birthday flowers 1 by ginnybranch.
love of mine by LOVISA SUPERSTAR.

Gullkorn frå dagen:

“ordet “elske” er et ekkelt ord” – Roy-Olav T. Øien

“eg merka det at namnet mitt har gjort meg schizofren! Av og til er eg Roy, og då er eg gangster, andre gonga er eg Olav og han er berre grei, så tilsammen er eg ei salig blanding” – Roy-Olav T. Øien

“Av og til så blir eg Atlis, og han er stille og sjenert og går i strikkagenser” – Atle-Hjørn Øien

Atle-Hjørn : “Dei burde gjer målet større for å kunne score meir..”

Roy-Olav: “dei gjer spelarane mindre”

“Eg såg avtrykket til John Wayne i Hollywood, han hadde kjempe små føter!!”

Farmor: “det er jo tydlig det at de ikkje har funne dokke eiga personlighet enda”.

Roy-Olav: “det har du sagt til meg sidan eg var født”

“Eg skjønnar ikkje det kvifor dei har innstilt pizzagjengen frå tv2! det er den beste serien” – Farmor

Familien min er two and a half men.

“eg er oppkalt etter Astrid og Hjørdis, hadde eg vore jente hadde eg heitt Astrid-Hjørdis!” – Atle-Hjørn Øien

” eg venta på at nokon skal springe gjennom det bunnpris skiltet og sjå kva som skjer” – Atle-Hjørn Øien

*spelarane nærma seg mål* “no må vi lene oss fram Roy!” – Atle-Hjørn Øien

Meg: “er det rart eg snakka så mykje, eg ser på BRANN-kamp”

Atle-Hjørn: “einaste grunnen til at eg ser er for å sjå om dei spring igjennom den bunnpris plakaten”.

2 Comments

Filed under Festligheiter og feirerier, Foto og slikt fint, Skriverier og tekstar og slikt.

2 responses to “ein bungalow på Bali

  1. huff, men brann taper visst.. jeg har gitt opp, beklager brann

  2. hihi, du er morsom. jeg kunne heller ikke i dag, så det er helt ok. har hatt et dundrende hodeverk jeg også og mye å gjøre i stand i hjemmet. i morgen kan bli litt vanskelig å koordinere er jeg redd (har mange planer), så vi må nok utsette det enda en gang.. jaja. èn eller annen gang skal vi nå få det til å passe for begge🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s