17.05.10 – ein grunnlovsdag

så var 17.mai ferdig og eg sit i sofaen hos Atle-Hjørn og Camilla og ser på tv-program om folk som krangla om verdsrekord i Donkey-Kong. det videospelet frå hundre år sidan. Atle-Hjørn er heilt med og både ropar og heia på han derre steve fyren. eg tenker at eg bør begynde å lese og skrive til spansk eksamen på onsdag. i staden endar eg vel opp med å skrive endå ein rar tekst som aldri kjem til å sjå dagens lys, lese bloggar og prøve å finne ut kva folkehøgskule eg vil gå på til neste haust.

eg er veldig vinglepetter på kva eg vil gjere det første året etter vgs, eg veit at eg vil ha eit friår, men eg vil gjere noko. året etter byrjar studiene for fullt, anten i utlandet eller her heime. er ganske keen på folkehøgskule akkurat no, så dersom du har ein å annbefale: skrik ut! du kan tenkje deg at temaet anten er foto eller skriving. om det fins ein folkehøgskule der ein berre kan sitte og lese fine bøker i eit år og ta fine bileter vedsiden av hadde det vore toppers.

imorgon er det heim att. båt til måløy og så heim, lese, skrive notat, ha nervøst samanbrot og så er det den helvetes eksamenen. har eg nemnt av eg suger i spansk? eller at vi har hatt vikar i fire månedar utan skikkeleg undervising og av desse fire månadane har eg vore sjuk med lungebetennelse ei veke og hatt fritak grunna comenius i to? kanksje eg skal ta sjølvmord, er ganske sikker på at eg slepp spansk eksamen då. nei, no skal eg slutte å skrible, legg ut nokre søte bileter frå dagen. den var kald, men den var fin.

syns det var så fint at dei hadde blomstrar i håret!

Aurora fina

dette syns eg var kjempe stilig. sånn skal eg gjer til neste år på flatraket. eller vent, eg er russ eg neste 17.mai. dæven.

eg fraus meg blå på leppene. blir så lett kald for tida, frostpinne eg er.

men Nikolai tøffen var ikkje kald og syns det var über kjekt på tivoli. her: før ballongen flydde til himmels. som alle visste ville skje.

opp igjen til Roy-Olav og Karen venta nydekt bord og Roy dreiv å “laga” rømmegraut. veit de det at han kjøpte 12 slike posar med rømmegraut. eg var/er veldig mett i magen min.

korleis var dykkar 17.mai?

.

Today was the national may 17th celebration here in norway, our national day where we celebrate our constitution. i spent my may 17th in Bergen for the first time and we watched the parades (we’re lazy), and it was very cold so my lips turned blue, which has been happening a lot lately. there was a tivoli and we ate a lot sour-cream porrige, which sounds really gross but is actually very good and filling. now i am trying to get my spirits up to study for my spanish exam on wednesday. i am most likely to watch a movie or write a strange story, but my intentions are good. how was you may 17th?

4 Comments

Filed under Festligheiter og feirerier, Foto og slikt fint, Kristina i den Store Verda, Mat

4 responses to “17.05.10 – ein grunnlovsdag

  1. Ann

    Hvilken type linse bruker du?🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s