Monthly Archives: July 2010

storm ved stadt

foto: meg

det var storm i natt. det har regna i heile dag og eg er sjuk. sommar for alle pengane altså. fortel meg noko fint – noko som gjer dykk glad og varm i magen, vær så snill!

Advertisements

5 Comments

Filed under Foto og slikt fint

Hold Still

I går fekk eg ein pakke i posten eg  har venta lenge på. Det var ein pakke frå capris.no og inn i den låg det to fine bøker eg lengje har hatt lyst å lesa. Få meg på for faen av Olau Nilssen og Hold Still av Nina LaCour.

Hold Still har eg venta lengje på. Den har vore med meg sidan 2. desember 2009, då eg heilt tilfeldig kom over video traileren på youtube. Det var noko med traileren til boka som (ved fare for å høyra cheesy ut) rørte ved meg. Kvifor eg ikkje bestillte den før forrige veke er litt merkeleg (det meiner eg også), men det berre vart slik. Men i går kom den, og i natt las eg ho – og den var alt eg hadde forestilt meg, og så litt til. Den er så fin og vond og trist og nydeleg. Den gir deg gåsehud, svarte hol i brystet – midt mellom ribbeina, sommarfuglar i magen – alt ei god bok skal gi lesaren.

5 Comments

Filed under Bøker, litteratur

the night is the hardest time to be alive, and 4am knows all my secrets.

Å ha insomnia, er det same som å vere levande heile tida. bevisst kvart einaste sekund, kvart einaste minutt, kvar time, alle dagar. i byrjinga er det nesten som ein velsignelse – det er som om du er overlegen søvn. du finn at du fungerar fint, om ikkje betre, sjølv om du berre har sove to timar dei siste to-og-tredve timane. kva behov har ein vel for å sove, når ein kan bruke nattetimane til å gjera alt ein utsett i kvardagen?

du ryddar huset, organiserar bokhylla opptil fleire gongar i ei søken etter det perfekte systemet. du les alle dei bøkene du ikkje har fått tid til å lesa, ser alle dei filmane du har villa sett lenge, men aldri hatt moglegheit til. du kjenner deg effektiv, som om du eig både natta og dagen. for kva kan vel vera betre enn å sitte innpakka i eit ullpledd på verandaen og smugrøyke, medan ein ser sola røyse seg frå fjella?

ingenting.

Så skjer det noko. du merkar at ettersom dagane og nettene smeltar inn i kvarandre, eit usynleg teikn på at tida er relativ, kryp det ein stille, nesten uhørleg desperasjon fram frå innsida av deg sjølv. ei kviskrande bønn til tordivelen som badar i morgondugget på marka. ei bønn om medynk. det er i den augeblinken du forstår at det er ikkje du som eig natta – det er den som eig deg, og du slepp aldri fri.

Speleliste: the testimony of an insomniac

11 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

krigsskade

det kule hadde vore om eg kunne sagt at eg pådrog meg desse fine såra under festivalen i helga. men akk nei, det skjedde nok på veg heim frå jobb i kveld. fem tomlar opp.

6 Comments

Filed under Uncategorized

Malakoff!!

Gif Created on Make A Gif

vi snakkast når alkoholen er absorbert og trommehinna sprukken. kos dykk i helga, det skal eg!

1 Comment

Filed under Festligheiter og feirerier

ting å ha med til Malakoff

Det har ikkje heilt gått opp for meg, men i morgon er det faktisk Malakoff. I morgon er det Navigators, Johnossi, Thomas Dybdal, Enslaved og BigBang. I den rekkjefølga til og med. I morgon er det bussing tilbake til vakre Eid og camping på Malakoff (som plassen der festivalen også heiter). Det er vorsing på campen med fiine folk og nye fine folk, det er lukke. Ja, det er til og med meldt sol og skyfri himmel!  Noko som, med det høljregnet som foregår utanfor vindauget mitt, verka heilt utopisk og uforståeleg. Det er øydelagde strømpebukser og sjanglande fjortissar og headbanging og klemming og… sukk. Fyrst må det pakkast, og eg tenkte eg kunne leggje ut mi eiga pakke-liste:

dette er jo ei ganske økonomisk og praktisk pakkeliste eg utvikla etter to år med store utgifter. det er dyrt på festivalar, og i staden for å bruke 30 kroner på ei flaske vatn, er det mykje meir praktisk å berre fylle opp ei som er tom når du er på do på statoil (det er æsj å fylle på festivaldoen).

1-2-3 kaffi til dagen etterpå hovudverk hjelp, også slepp ein å bruke 23 kroner på cats eller 15 kroner på puben.  Plastikkpose til opprydding av søppel. Dorull. Har du vore på festival sjølv, så forstår du. Ein kan så klart lage niste, men som regel blir det til (i alle fall i mitt tilfelle) at ein et på rockekiosken eller på statoil. hard facts. Ja, forresten: dersom du bur i nærleiken av Eid, er det alltid lurt å ha 50 kroner tilgjengeleg i tilfelle ein treng å benytte seg av trygt heim for ein 50 lapp-ordninga. det går også festival bussar under konserten. les meir på malakoff si heimeside.

Vi snakkast på Malakoff, sei hei om du ser meg (og du har lyst til å snakke med meg)! Trynet mitt ser slik ut:

eg er snill og smiler mykje (spesielt når øl er involvert) og litt sjenert og syns at alle skal vera venner!

18 Comments

Filed under Festligheiter og feirerier

ting som er kriblar i magen, og ting som gir meg mageverk

1. det er siste nattevakta til mi på ei veldig lang stund i dag/natt. døgnrytma mi er heilt på hovudet. dei einaste timane eg er våken er dei ti timane eg er på jobb, i tillegg til to timar før og to timar etter. Draumane min handlar ikkje lenger om glitter, bøker og sommarland, men om aktuelle, arbeidsrelaterte situasjonar. det er det livet mitt er om dagane, arbeid. ikkje at eg skal klage, eg likar jobben min. eg tener godt på den, og eg trivst godt – er ikkje det dét som tel? dessutan har eg snart ferie.

2. eg er litt deppa om dagen. planen var nemleg at eg og ei venninne skulle reise til syden no i august. på ein slik hoppe-på tur. i går fekk eg vite at ho ikkje kunne likevel, og difor blir det ikkje kypros, malta eller hellas på denne jenta. det hadde ikkje gjort meg så mykje, hadde det ikkje vore for at været er (og har vore sidan november) dritt i nordfjord. denne sommaren har vi hatt heile tre sommardagar. eg har ikkje ein gong fått bada i sjøen. slikt avlar depresjonar.

3. ein ting som gjer at det kriblar i magen min derimot, er at det snart er Malakoff. om tre dagar, faktisk. denne flotte, fine lokalfestivalen (som hadde over 11000 tilskodera/besøkande i fjor, og allereie er utsolgt i år), er den einaste av mine sommarplanar som faktisk blir noko av. det gjer meg båda trist og glad. denne helga skal eg campe med dei finaste folka, drikke mykje øl og skråle med til BigBang. Eg skal dessutan vere på ølområdet for fyrste gong(lovleg), og det blir spennande. eg har store planar om påpeike fordelane ved å vere fødd i mai til dei som ikkje endå er blitt 18. neida.joda.

4. eg har vore svært fæl til å utsetje ting i sommar. procrastinate, som det på fint heiter på engelsk. eg har endå ikkje fornya skattekortet mitt, men endå verre har eg endå ikkje leita* etter ny hybel. det byrja bli litt i seinaste laget no, og tanken på å måtte pendle frå anten Måløy eller Flatraket, gir meg store, svarte regnskyer i magen. også får eg bittelitt andenød ved tanken. eg har heller ikkje levert ein dårleg dvd som eg lånte på mix i mai (hysjhysj). dessutan må eg snart bestille legetime anngåande det rare flåttbittet eg fekk forrige helg. før de veit ordet av det har eg døydd av borelia.

5. denne månaden var eg også heilt klar for å gi opp kaffi-avhengigheiten min. leve av mitt naturlege energioverskot. enklare sagt enn gjort. ikkje berre har eg hatt abstinensar (hovudverk, kvalme, irritasjon), men for å kompensere for mangelen av energi – har eg bytta ut kaffien med e-stoffer og anna styggedom. eg trur at det er på tide å innsjå at kaffi er ein del av meg, som ein føflekk på magen.

6. CF-kortet mitt er endå bortevekk. det gjer meg gal i hovudet. i dag vurderte eg å teikne ei skisse av kortlesaren og minnekortet, for så å henge det opp i alle romma heime. eg har endå ikkje bestemt meg for om eg skal gjere det, eller ikkje. alt eg veit er at eg vil ha tilbake det fine, 8gb store, minnekortet mitt, som eg fekk til 18-års dagen. no må eg greie meg med 1gb. det er ikkje bra.

7. sara-kvalp er med meg på jobb. ho har timeliste og tener nøyaktig éin hundegodt for kvar vakt ho er med på. éin og ein halv når ho må jobbe overtid. ho søv på fanget mitt og er berre liten og fin og varm og god. i dag var ho på oppdagingsreise og gav meg nesten hjarteinfarkt då ho gikk lenger enn ho pleier på tissetur. men så kom ho tilbake og fekk mange sussar og klemmar, og blei dulla med litt meir enn vanleg.

no er det dykkar tur. kva gjer de om dagane? kva gir dykk sommarfuglar i magen, og kva gir dykk regnskyer? kva avhengigheiter har dykk som de ikkje blir kvitt? kva utset de alt for lengje og kva er det de gler dykk til? eg er nysgjerrig.

bileta er linka til fotografen.

8 Comments

Filed under Foto og slikt fint