Frukost smoothie!

Det fine med å ha insomnia er at ein har mykje tid til å få ting gjort. god tid på badet, god tid til å finne ut kva ein skal ha på seg. tid til å rydde rommet, organisere bokhylla etter alfabet, sjanger, høgde, lest/ulest, god/dårleg. Men kanskje det eg set mest pris på er god tid til å lage frukost. I den travle kvardagen, har eg som regel ikkje tid til å lage meg frukost. Den blir liksom alltid beståande av ein kopp 1-2-3 kaffi på veg ut døra, også eit par dusin kaffikoppar i friminutta fram til lunsj. Å ta seg god tid på kjøkkenet om morgonen er difor eit dyrebart gode for meg. som vegetarianer og helsefreak er det ganske beroande å kunne ta seg tid til å lage noko skikkeleg.

Dagens frukost er ein smoothie. Planen var å lage ein grønn smoothie, men med manglande ingrediensar vart den lilla. den er propp full av vitaminar og smakar nammenamm. ein liten oppkvikkar.

God frukost smoothie

Ca. 150g skogsbær (frose)

To nevar isbergsalat

2 ts udos choice

ca 3dl rismelk

½ frossen banan

1 ss blåbærsylte

1 ts vanilje pulver

littegrann søtningsmiddel (sukrin e.l)

bland I ca 2 min for best konsistens

+ 1 multivitamin

denne smoothien er ganske rennande, men det er berre å ta væskeinnhaldet på sparket (som eg som oftast gjer). Kor mykje væske du vil ha i smoothien din (vatn, rismelk) kjem heilt an på kor tjukk du vil at smoothien skal vere. Den frosne banana er for konsistens (frosen berre for å gjere smoothien kald og god). Det går heilt fint å bruke ei fersk banan og bruke isbitar i staden. eit godt råd er å fryse ned rismelk som isbitar!

Dette blir også ganske mykje smoothie, så eit fint tips er å leite fram ei g-sport flaske (eller noko i den duren) å helle i det som er igjen og oppbevare det i kjøleskapet. Når det er sagt, så bør den sikkert ikkje stå lenger enn ein dag i kjøleskapet. inspirasjon til vegetarmat og smoothiar får eg  frå desse sidene: Silje, Mjuugly

No skal eg dusje og drikke pukka te og kaffi og gjere meg klar til å reise på jobb (måtte visst jobbe ekstra denne veka gitt).

1 Comment

Filed under Mat

One response to “Frukost smoothie!

  1. Smoothie til frokost er best<3 Takk for link!

    Ja, maca er reseptbelagt i norge, men kan kan kjøpe det lovlig fra andre land der det ikke er reseptbelagt. Derfor kjøpte jeg fra England(Funkyraw.com). Kjøper man fra iHerb blir pakken sendt tilbake hvis den blir sjekket.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s