Gløymde bilete og fjellturar

I vår, ikkje lenge etter at eg var komen heim frå Frankrike, midt i eksamsenskaoset, gikk eg ein tur på fjellet. No skal det vera sagt at eg ikkje er den mest entusiastiske fjellturgåaren. Eg likar å gå på tur, men etter nokre traumatiske opplevingar frå barneskulen, har fjelltur alltid vore eit tema der eg nølar og ser i golvet. Heilt fram til i år.

Mai var ein månad som berre kan beskrivast som stress. Eg hadde fire eksamenar, eg vart 18 år og hadde nett vore vekke ei veke i Frankrike. Det var på denne tida eg utvikla insomnia og gløymde å ete. Eg var så pumpa på koffein og så fokusert på skulearbeid at eg ikkje fekk til å slappe av. Eg kunne ikkje sitte i ro, det var konstant noko eg måtte gjere. Så fann eg ein måte å gi slepp på kaoset og berre puste ut. Om berre for nokon få timar.

Denne fjellturen var ikkje som dei på barneskulen. Då det var om og gjere å komme fyrst til toppen og å springe raskast ned att. På denne turen var eg utstyrt med kamera og iPod og målet var ikkje å sette personleg rekord i kappgang, men å tenkje på noko anna enn osmose og celleanding. Noko eg gjorde. Eg knipsa over 400 bilete og skråla høglydt til Ida Maria og PJ Harvey. I ettertid håpar og ber eg om at ingen sambygdingar var på fjellet på same tidspunkt som meg.

Her eg no sit, på mi fjerde nattevakt denne veka, fann eg igjen nokon av bileta eg tok på denne turen. Eg hadde reint gløymt dei av. Så gulrotknaskande og kaffidrikkande, sit eg her no og tenkjer at eg må ta meg ein fjelltur att. Med kamera og iPod. Eg må berre finne at minnekortet til kameraet og få ein fridag. Lettare sagt enn gjort.

8 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Lister, annbefalingar og fine ting

8 responses to “Gløymde bilete og fjellturar

  1. så fine bilder, nummer ein va jo bare ultrasøtt😉

  2. De fineste turene går man virkelig alene og med kamera!

  3. Fjellturer er undervurdert. Selv går jeg nesten aldri på tur, men når jeg først gjør det er det jo kjempekos ^^

  4. åååh, Buffy❤ og Angel!😀 Haha, eeelsker Xander, og Oz (jeg mener, kan man bli kulere?)😀

    Ja, man må jo nesten si i fra, men skjønner at det ikke alltid er like lett.

    Latskap ftw!

  5. svar: hehe naj eg glede meg kje akkurat te været i mars eg heller, men som du sa det e alltid kjekt å ha no å gleda seg te😉

  6. svar: hehe naj været e vel ikje te å skryta av i mars, men som du sa det e alltid gøy å ha no å gleda seg te😉

  7. jaa, det er absolutt verdt å spare til! et tips er å kjøpe det på ebay, og få selgern til å sende det som gave, så slipper du toll og mva🙂 er aaalt for dårlig til å bruke mitt

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s