ting som er kriblar i magen, og ting som gir meg mageverk

1. det er siste nattevakta til mi på ei veldig lang stund i dag/natt. døgnrytma mi er heilt på hovudet. dei einaste timane eg er våken er dei ti timane eg er på jobb, i tillegg til to timar før og to timar etter. Draumane min handlar ikkje lenger om glitter, bøker og sommarland, men om aktuelle, arbeidsrelaterte situasjonar. det er det livet mitt er om dagane, arbeid. ikkje at eg skal klage, eg likar jobben min. eg tener godt på den, og eg trivst godt – er ikkje det dét som tel? dessutan har eg snart ferie.

2. eg er litt deppa om dagen. planen var nemleg at eg og ei venninne skulle reise til syden no i august. på ein slik hoppe-på tur. i går fekk eg vite at ho ikkje kunne likevel, og difor blir det ikkje kypros, malta eller hellas på denne jenta. det hadde ikkje gjort meg så mykje, hadde det ikkje vore for at været er (og har vore sidan november) dritt i nordfjord. denne sommaren har vi hatt heile tre sommardagar. eg har ikkje ein gong fått bada i sjøen. slikt avlar depresjonar.

3. ein ting som gjer at det kriblar i magen min derimot, er at det snart er Malakoff. om tre dagar, faktisk. denne flotte, fine lokalfestivalen (som hadde over 11000 tilskodera/besøkande i fjor, og allereie er utsolgt i år), er den einaste av mine sommarplanar som faktisk blir noko av. det gjer meg båda trist og glad. denne helga skal eg campe med dei finaste folka, drikke mykje øl og skråle med til BigBang. Eg skal dessutan vere på ølområdet for fyrste gong(lovleg), og det blir spennande. eg har store planar om påpeike fordelane ved å vere fødd i mai til dei som ikkje endå er blitt 18. neida.joda.

4. eg har vore svært fæl til å utsetje ting i sommar. procrastinate, som det på fint heiter på engelsk. eg har endå ikkje fornya skattekortet mitt, men endå verre har eg endå ikkje leita* etter ny hybel. det byrja bli litt i seinaste laget no, og tanken på å måtte pendle frå anten Måløy eller Flatraket, gir meg store, svarte regnskyer i magen. også får eg bittelitt andenød ved tanken. eg har heller ikkje levert ein dårleg dvd som eg lånte på mix i mai (hysjhysj). dessutan må eg snart bestille legetime anngåande det rare flåttbittet eg fekk forrige helg. før de veit ordet av det har eg døydd av borelia.

5. denne månaden var eg også heilt klar for å gi opp kaffi-avhengigheiten min. leve av mitt naturlege energioverskot. enklare sagt enn gjort. ikkje berre har eg hatt abstinensar (hovudverk, kvalme, irritasjon), men for å kompensere for mangelen av energi – har eg bytta ut kaffien med e-stoffer og anna styggedom. eg trur at det er på tide å innsjå at kaffi er ein del av meg, som ein føflekk på magen.

6. CF-kortet mitt er endå bortevekk. det gjer meg gal i hovudet. i dag vurderte eg å teikne ei skisse av kortlesaren og minnekortet, for så å henge det opp i alle romma heime. eg har endå ikkje bestemt meg for om eg skal gjere det, eller ikkje. alt eg veit er at eg vil ha tilbake det fine, 8gb store, minnekortet mitt, som eg fekk til 18-års dagen. no må eg greie meg med 1gb. det er ikkje bra.

7. sara-kvalp er med meg på jobb. ho har timeliste og tener nøyaktig éin hundegodt for kvar vakt ho er med på. éin og ein halv når ho må jobbe overtid. ho søv på fanget mitt og er berre liten og fin og varm og god. i dag var ho på oppdagingsreise og gav meg nesten hjarteinfarkt då ho gikk lenger enn ho pleier på tissetur. men så kom ho tilbake og fekk mange sussar og klemmar, og blei dulla med litt meir enn vanleg.

no er det dykkar tur. kva gjer de om dagane? kva gir dykk sommarfuglar i magen, og kva gir dykk regnskyer? kva avhengigheiter har dykk som de ikkje blir kvitt? kva utset de alt for lengje og kva er det de gler dykk til? eg er nysgjerrig.

bileta er linka til fotografen.

8 Comments

Filed under Foto og slikt fint

8 responses to “ting som er kriblar i magen, og ting som gir meg mageverk

  1. 1. eg e arbeidsledig og gjør altfor lite om dagane. det vil sei at eg har god tid og gjør absolutt det eg ar lyst te. 2. samboaren min gir meg masse sommerfuglar i magen for tiå. me har vært sammen i snart tre år og akkurat nå e me nyforelska. 3. eg savne Haugesund, folkå mine i Haugesund, og når eg tenke på de blir eg lei meg og sko ønska at det regna ute. 4. eg e avhengig av cola. og uansett kor mye eg seie te meg sjøl at idag ska du IKJE ta deg cola så klare eg ikje å la vær :O 5. eg utsette det å gå tur kvar dag. seie “nei imårår ska eg gå tur”, åsså blir det aldri te. eg må skjerpa meg tror eg. 6. te slutt noe eg glede meg te: mars 2011 komme oppfølgeren te et fantastisk spill som eg har blitt hekta på; Dragon Age. eg glede meg som ein liten unge. rart. for eg har aldri vore no særlig glad i playstation, men nå digge eg det. eg får ikje nok rett og slett😉

    tusen takk for et fint innlegg, detta gjorde min triste og mørke morgen litt lysare😉

  2. sv: tusen takk^__^ og dumt at ikke du fikk reist alikavel!

  3. Jeg tror dette er en fantastisk blogg. Derfor legge jeg deg til på bloglovin!

  4. sv: tror ikke winston kommer fra noe spesielt, tror han bare liker navnet🙂 han har hvertfall ikke sagt noe om det. heldige du som har hund!

    du får ta deg en tur til oslo eller noe da siden det ikke ble sydentur?
    nå for tiden teller jeg bare ned til vi får leiligheten. og har det fint med venner!

  5. For en fin blogg du har! Denne må jeg følge🙂

  6. hehe tusen takk, eg synd det kanskje va litt få ting på e, men ein kan jo ikje huska på alt heller😉 everything is illuminated e ein vakker film så den anbefale eg på det sterkaste😉 åååååh Haugesund!

  7. Jeg jobber, heldigvis ikke nattskift, jeg blir så gretten uten søvn… Snart har jeg sommerferie, og jeg banner inni meg fordi jeg enda ikke er 18, og det definitivt er en fordel å ha bursdag i mai. Den eneste ferien jeg har i år er en tur til Oslo, men det tror jeg blir fint, så det ser jeg fram til.
    Jeg utsetter ingenting akkurat nå. Jeg tar meg god tid, og det resulterer blant annet i en kommentar på bloggen din.
    Ha en fin dag!

  8. SV: Tusen takk ^^
    Mener du.. Frank Robert? Eller en annen Frank?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s