Monthly Archives: August 2010

ting å ynskje seg på ein måndagskveld

Sidan eg ikkje har fått lov til å kidnappe Sara-kvalp med meg på hybelen, har eg funne det nest beste. Eg har lyst på ein liten pusekatt. Ein som ligg på golvet og leikar med eit garnnøste når eg arbeider med R1 matten. Som ligg i fange mitt og kosar når eg sit i stova med kveikte stearinlys, roseblad te og ser på Parenthood. Som søv i senga mi og vekker meg om morgonen med små mjau.

Eg vil også at skulearbeidet skal gå fortare. At eg skal forstå alt med éin einaste gong og kunne alt frå før av. Litt sånn som Sheldon i BigBang Theory, eller Rory i Gilmore Girls. Eg vil ha ein betre arbeidsmoral, betre karakterar, betre det meste eigentleg.

Eg vil ha meir energi til å få ting gjort. Meir energi til å få noko ut av dagane mine. Eg vil kunne sleppe å måtte drikke den sjuande koppen kaffi før lunsj. Eg vil kunne svare på fine venner sine spørsmål om eg får sove, utan å få tårer i auga fordi eg ikkje får sove.

Men aller helst vil eg kidnappe med meg sara-kvalp, og ha ho her på hybelen min. for ho er så fin og nydelig og full av kjærleik.

foto 1, 2 og 3: linka til fotograf

siste bilete: av meg, linka til min flickr.

Advertisements

6 Comments

Filed under Foto og slikt fint

Dagens Fotograf – Fabrizio Mingarelli

Name: Fabrizio Mingarelli
Age: 20
Current Location: Rome, Italy

Job/Occupation: i study architecture in rome.

How the interest for photography began: i started taking photographs when i was 14, my parents bought me an old digital kodak camera, i just wanted to express feelings with self portraits at first.

Inspiration: i’m ispired by music, movies, skinny people with long hair, sad faces in the metro station, random people walking down the street, lonely sides, and more. Everything can inspire me, it depends on my moment mood.

Equipment: i use a pentax k1000 for my analog shots and a canon eos 400d for my digital works, i have a polaroid too.

best tip to other photographers: ah no i don’t have any tip to other photographers, i think to need some tips from others rather aha, by the way the only thing i can say is to be yourself and listen a lot of good music.

The most important thing about photography: Definitely Light . light makes photography, we are all light catchers.

Favorite Photographer(s): i love hedi slimane and ryan mcginley for sure, but there are a lot of unknown artists very talented in the world.

WEBSITE
FLICKR

7 Comments

Filed under Dagens Fotograf

eg har blitt intervjua!

Finaste Milla har laga blogg intervju med meg, så det er berre å trykke her for å lesa meir om meg! finfintfint!

bilete: linka til fotograf

4 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

Om ein superhelt

eg tenkte eg skulle introdusere dykk til ei av verdas finaste mennesker som eg veit om. Tiril. Eller Tiril-lill.

Tiril er ein superhelt. Ho kan få alt i heile verda til å bli morosamt og fint, det er hennar superpower. Dét, også kan ho høyre det du tenkjer, for det syns ho hadde vore kjempe morosamt.

Tiril er modig. På tysdag reiser ho til USA og skal bu der eit år. Det er både spennande og morosamt, samstundes som det er trist og litt vondt. For Tiril er den personen eg ringer når eg går til Rema 1000 og kjedar meg medan eg går. Det er ho eg ser supernatural med og har store diskusjonar om Jensen Ackles, Impala 67 og alt anna som er triviellt og random. Vi går turar midt på natta berre fordi det er då det er mest morsomt å gå på tur. Vi går også på tur midt på dagen iført pysjamas bukse og t-skjorte, fordi ingen kjører forbi der ho bur. Vi spelar Crash Bash, Funny Funny HaHA og vri 8, fordi vi syns det er morosamt.

Difor syns eg det er litt skummelt at ho skal fare. At ho skal reise til den andre sida av jordkloda, og så leise forlate meg, i eit heilt år. Så klart skal vi skype, og snakke på facebook, men det blir trist likevel. På den andre sida syns eg det er kjempe bra, for ho, for ho kjem til å lære så mykje, oppleve mykje og ha det heilt fantastisk kjekt og vidunderleg. Det veit eg, for ho er vinduderleg.

5 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

om bloggen, domene og andre ting

Tusen takk for alle dei fine tilbakemeldingane eg får. De gir meg motivasjon og store smil, berre slik at de veit det. Eg har ikkje så mykje nytt å formidle, eg er ganske uinspirert om dagane, og eg jobbar ganske mykje. Difor så lurte eg på kva det er de ynskjer å sjå meir av. Ein liten avstemning om de vil. Skriv i kommentarboksen, så skal vi få sving på sakene! (kategoriar under biletet)

* Dagens Fotograf – Fotograf intervju

* tekstar om fasinasjonar

* inspirsasjonsbilete

* litt rare tekstar om småting i kvardagen

* bloggannbefalingar

* bokannbefalingar

* musikklister

* fine filmar

* kvardagar

* det hadde også vore fint dersom de kunne ta med eigne forslag til kva de ynskjer å sjå her.

Det siste eg ynskjer å spørje dykk om er domene. Eg har utruleg lyst å få meg eit nytt domene (berre tanken på å kontrollere designet på bloggen sjølv gir meg gåsehud), problemet er at eg ikkje kan noko om web-design. Er det nokon skjønne små web-designerar som ikkje tar stygg mykje pengar frå ein stakkars student der ute, som har eit brennande ynskje om å byggje web-designet mitt?

Ellers så kan eg fortelje dykk de at favoritt filmen per dags dato er “where the wild things are”, favoritt sangen Cloud Cult – Running With the Wolves, fotografane Cole Rise og Robert Doisneau. Framtidsplanen min er sjølve definisjonen på kaos-teorien og eg angrar meir enn nokon sinne over at eg byrja på allmenn her på Eid, og ikkje gikk Medie på Firda.

Kva er dykkar favorittar, kva angrar de på, korleis er framtidsplanane dykkar, og kva vil de forandre på denne bloggen? curiosity is my best friend.

6 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

Det står skrivd i stjernene

Ting skjer så fort. Det er som om alle dagar, mennesker, timar og stunder, alt, berre flyr forbi meg. Eg spring så fort eg greier for å ikkje falle bak, gå glipp av noko, men eg spring liksom ikkje raskt nok. Eg heng alltid litt etter.

Så eg prøver å deligere tida mi annerleis. Gi døgeret nokre fleire timar, frå tjuefire til toogtredve. Søvn er ikkje så viktig, og ikkje kjem den uansett, så kva skal eg med den? Eg drikk kaffi, og verda mi rasar saman når termosen min knuser eller kaffiprisen aukar. Eg gløymer å ete, kjem på det nokre timar for seint, når det vrenger seg i magen og energi og blodsukker er på det lågaste.

Og endå heng eg etter, og eg spring så raskt eg berre kan, men beina er for korte og bakken for lang og kondisen min eit kapittel for seg sjølv. Det einaste eg har er ein dalande motivasjon, som dagleg treng påfyll frå slike fine mennesker som berre får ein til å smile og le. Slike som sjølve står der, med kaffikoppen i handa, termosen i veska og fagbøkene under armen, med slitte joggesko på føta, klare til å springe når fløyta bles.

Foto: linka til fotograf

De får undskylda dårleg kvalitet på bloggen framover, det er berre så mykje på ein gong. Skule, privatist fag, russestyre, jobb, foto og venner. beklager.

5 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

Murphy’s Law

Eg vakna tjue minutt for seint. Eg gløymde alle notatane mine. Ugle-termosen min full av kaffi sprakk i bagen min. Eg må bruke 60 kroner på kaffi i kantina i dag. Skulle det vore ein dag eg hoppa frå Måløy-brua, så hadde det vore i dag. neida. joda. neida. eg treng berre kaffi.

foto: linka til fotograf

6 Comments

Filed under Uncategorized