Who could hear the words of Charlie Darwin?

Dagane flyr forbi litt utan mål og meining. Dei siste tre dagane har eg vore sjuk med spysyka, og det har mildt sagt ikkje vore ei behagleg oppleving. Dagane har gått med til å ligge på sofaen, kaste opp, og sjå på Buffy the vampire slayer. Heldigvis har eg ein fin veslebror som passar på meg når eg er sjuk, og kjøper cola og potetgull til meg. slik at eg ikkje døyr eller noko.

sjølv om eg er frisk igjen no, har denne dagen vore like innhaldsrik som dei i forvegen. Eg er heime åleine – med unntak av nydlege sara-kvalp, så klart – mamma, stefar og veslebror 2 reiste til Tyrkia i går. Veslebror 1 er på Eid og tar mopedlappen og eg sit berre på kjøkkenet, foran macen, høyrer på Ingrid Olava og ser på fine bloggar og bilete. Dagens store mål er å få meg ut av huset, gå tur med sara-kvalp, køyre på jobb å hente laddaren til mobilen min (har eg nemnt eg har fått ferie?), levere skattekortet mitt og så ingenting. Ein dag utan mål eller meining.

Om nokon dagar reiser eg på ferie. Det skal bli godt, om ikkje for lommeboka, så for meg. Eg syns ikkje det er noko kjekt at det august igjen, at skulen byrjer igjen om to veker, at vi berre har hatt 5 solskinsdagar i heile sommar eller at eg ikkje har bada i sjøen endå. Det gjer meg eigentleg berre sint. Eg blir sint på sommaren, som berre har vore dum og ekkel med meg i år. Til neste år flyttar eg til California og bur i ein bungalow på stranda som ein og anna hippi. Hadde ikkje det vore himmel, så veit ikkje eg.

Kva tenketankar de på for tida?

6 Comments

Filed under Foto og slikt fint

6 responses to “Who could hear the words of Charlie Darwin?

  1. elske det førsta bildet! eg tenke veldig mye på neste helg, trommisen fylle 30 og me ska holda et vorsj for han her hos oss. lure på kossen eg ska pynta leiligheten og sånn😉

  2. I så fall så flytter jeg med deg! Banna bein!
    Bilde nummer 1 var råstilig!!

    Jeg tenker på Rasmus min som måtte avlives i dag. Fineste kaninen i verden.😦

  3. sv: åh ja. jeg liker sid, cassie og chris best, tror jeg. og effy siden hun er så pen

  4. Du får kose deg resten av sommerferien!🙂

    Trådløs fjernutløser hadde virkelig vært noe, ja… du har vel ikke en å anbefale? Synes det er så vanskelig å finne ut av hvilken jeg bør kjøpe.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s