tilbake i Bergen

Eg er tilbake i Bergen, og det er så herleg! Eg tok båten ned i går, og det var ein veldig lang, men fin dag.

det fyrste eg gjorde, etter å ha låst kofferten inn i ein boks på strandkaiterminalen, var å finne fotobutikken ved siden av fløien. Antonio Stasi heiter den (og innehavaren av butikken, som er frå italia), og butikken har berre gamle kameraer. Eg vurderte å kjøpe eit gamalt, analogt Olympus, men måtte tenke på det til i dag, for reisebudsjettet er litt stramt fram til neste torsdag. då har eg lønning.

Eg åt lunsj på nye capello(?), eg fekk vente nummer 92 og åt ein kjempe god vegetar toast med pesto, mozzarella, feta, tomat og salat. den var meir enn namm!

Etter nokon timar i byn, møtte Eg Atle-Hjørn, Camilla og finaste Aurora Miliane

etter middag drakk vi kaffi på Roll & Rock. Der var fint og roleg og eg fekk endeleg ferie kjensle i kroppen.

Camilla

Aurora fekk pepsi

Atle-Hjørn og ei litt trøtt prinsesse.

Etter ei kosleg stund med familien, tusla eg opp til den nye leilegheita til bestevenninna mi, Kristin. Ho har akkurat flytta til Bergen og eg måtte så klart sjå den nye heimen hennar. Leilegheita var stor og fin og nydeleg, med gateskilt til alle romma. Etter ei stund der, tusla vi ned til bror hennar og såg film, Cop Out trur eg den heitte. Ein kosleg og morosam kveld!

6 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kristina i den Store Verda

6 responses to “tilbake i Bergen

  1. åh den toasten hørtes god ut🙂 bra du kose deg🙂

  2. Jeg er enig; toasten hørtes skikkelig god ut! Hvor ligger den resturanten? ^^

  3. Capello<3 Er så glad dei har opna att!

    Ser ut som du har hatt ein fin dag, hurra for ferie!🙂

  4. hvis eg drar te Bergen ein gong så ska eg jommen prøva den toasten🙂

    /tusen takk, eg syns listene mine blir mindre og mindre, kanskje fordi nå komme de vansklige bokstavane🙂

  5. kos! Så ut som en fantastisk butikk!!!

  6. Ida

    ja! gå for et gammelt analogt olympus. og takk, snille for kommentar, men du fortjente det.🙂 god helg

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s