sightseeing og is og anna tyl

vi fann ut at vi skulle reise på sightseeing gjennom haugesund. sightseeing-bussen er nemleg skikkeleg gammal (laga i 1949, produsert i England og laga i Vats) og var den gamle Haukliekspressen anno 1950-åra. Den var fin og bråkete og hadde veldig komfortable seter.

På Haraldshaugen (jauda, vi snakkar Harald Hårfagre) var det 10 minutt pause, og eg fekk tatt litt bilder og kjolen min blåste opp og slikt.

Elise-systa klatra litt på statua, og det fann vi ut var lov, for ho er så fin og nydeleg.

Etter sightseeing var vi på isbaren på indre kaien i byen. Eg åt italiensk karamell gelatto og var i skikkeleg ferie-modus.

og isen åt vi ute, også drakk eg litt kaffi då, sjølv om eg eigentleg prøvar å kutte ned på det.

eg kjøpte meg ei ny bok som heitte tyl berre fordi det er eit ord eg brukar mykje sjølv, også verka boka himla fin.

og då vi kom heim igjen, fann eg ut at det var passande å ta nokre tylne sjølvportrett. no pun intended.

2 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kristina i den Store Verda

2 responses to “sightseeing og is og anna tyl

  1. Tyl er visst kjempemorsom, foreldra mine har lest den og anbefalar den til alle. Eg har berre høyrt utdrag, men dei har vore ganske festlege.🙂

  2. Gi tilbakemelding på Tyl når du har lest den da😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s