små, daglegdagse fasinasjonar

Livet mitt er fullt av små, daglegdagse fasinasjonar. Det kan vera alt frå ein artist til eit ord eller berre ei setning. Ei einskild hending kan få min fulle merksemd i dagesvis, berre fordi det fasinerar meg. Av og til mistar eg interessa, eller, betre sagt, fasinasjons objektet mistar magien sin. Andre gongar, som i Albert Einstein sitt tilfelle, legg eg berre fasinasjonen på hylla i ei lita periode – for å bli like fasinert når eg skal tørke støv der nokon veker seinare.

Ofte, nesten alltid, finn eg mykje inspirasjon i fasinasjonane mine. Det kan vera alt frå inspirasjon til tekstar eg skriv i løyndom, bilde eg tek berføtt i kveldingen, til reiseplanar og særemne. Ofte meiner folk at eg er i overkant sær og merkeleg, i verste tilfelle søt, når eg kjem med små fakta-opplysingar om forskjellege emner. “Den tyngste menneskehjerna (som har vore vegd) vegde 2.3 kg”. slike ting. For tida er det mange forskjellige ting eg er fasinert av, så eg har laga ei lita liste:

1. hud. sår. sårbarheit.

2. Rotete sengekleder og folk som søv.

3. Folk som tek bilde av bilder.

4. Folk som lagar fine hugselister med illustrasjonar til.

5. Å sittje i vindaugskarmen og berre sjå ut og tenke på kva enn som måtte falle ein inn i den augneblinken.

6. ting som flagrar i vinden.

Kva små fasinasjonar har de i dagleglivet? Kva drar de inspirasjon frå? Eg er nysgjerrig, skriv gjerne eit blogginnlegg om det og gi meg linken, eller skriv det som kommentar! Eg vil vite meir om dykk!!

Alle bilder linka til fotograf.

7 Comments

Filed under Foto og slikt fint

7 responses to “små, daglegdagse fasinasjonar

  1. For et herlig innlegg! Kanskje jeg skal gjøre det samme!

  2. Åhh, ja det var mange fine fascinasjoner.
    Noe som aldri slutter å fascinere meg er tuneller, tenk, å være midt inni et fjell. Det er helt villt. Eller inni et fjell under vannet til og med. Nei det er fascinerende, men kanskje ikke særlig inspirerende.. Sånn egentlig.

    Mennesker som sover er jeg veldig enig i!!! =)

  3. for et nydelig innlegg, og når eg e blitt skutt av inspirasjonspilå så ska eg laga et innlegg og dela det med deg😉

  4. åh, for et fint innlegg!
    kan være jeg skriver et innlegg om det senere, men er i hvert fall veldig enig med mennesker som sover. og så fjell og natur, klesvask, pikknikk, gatemusikere, osv. ja, tror jeg skal skrive et innlegg :)!

  5. der fikk eg te ei litå lista med fascinasjoner😉

  6. men kanskje ikke huskelister med oversikt over karbohydrater, fett osv i maten, i tillegg til en treningsplan.

  7. Det var fine fasinasjoner. Jeg er ofte fasinert av mennesker. Det sier seg vel egentlig selv. Men jeg er fasinert av hvordan mennesker oppfører seg. Hvordan de prater, spiser, ser seg rundt. Jeg liker å observere, rett og slett. Det er fint🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s