Om å vera i Oslo dag 2

Eg møtte Maren ved National Teateret etter å ha gått ein pitteliten feil-runde. Vi gikk på Indiska, kjøpte supersmoothie på Oslo S og tok trikken til Majorstuen for å reise på second-hand butikkar. Tonica var stengd, men vi var på fretex og der kjøpte eg meg ei fin fin jakke som var raud og alt for stor.

Etter å ha traska litt for lenge i butikkar, satt vi oss ned på fortauet og kvilte beina medan vi venta på at far til Maren skulle komme å levere noko til ho. Det tok ei stund og vi vart sittande å sjå på alle folka som gikk over vegen.

Vi leika litt med Diana F+ kameraet til Maren, og eg fekk sagt opptil fleire gongar kor misunneleg eg er på ho, og kor mykje eg ynskjer meg eit Diana kamera.

Etter å ha traska litt til, og funne ut at vi dei fleste second-hand butikkane sikkert var stengde, tusla vi vidare til Vegan Restauranten, the Loving Hut. Sidan eg er vegetarianer og Tine-Katrine annbefalte den på bloggen sin, måtte vi kjøpe middag der.

Dei selde mange forskjellige téar og dei som jobbar der var kjempe koslege!

Eit bilde til av Maren medan vi venta på maten skulle bli ferdig. Vi bestilte kvar sin vegan burger (classic) og kvar sine sommarrullar. Når maten var ferdig, gikk vi bort i Slottsparken (eit lite steinkast unna) og satt oss i sola.

Vegan burgerane var utruleg gode, og verkeleg til å annbefale til alle som leitar etter ein god veggis-burger i hovudstaden. Sommarrullane derimot var litt merkelege, og hadde ein litt merkeleg konsistens og smak – noko som kan vera fordi vi kjøpte dei på slutten av dagen og då maten kanksje hadde blitt laga tidlegare på dagen. Etande var dei i alle fall og eg skal definitivt kjøpe mat på Loving Hut igjen. Berre kanskje ikkje akkurat sommarrullar.

Maren tok av innpakkinga (det gjorde eg også etterkvart då den hadde ein litt merkeleg smak og konsistens) og åt med ein gaffel ho tilfeldigvis hadde i veska. Eg hadde handla bestikk på indiska før på dagen, og brukte ein av dei fine gaflane eg kjøpte der. Sausen som følgde med rullane var kjempe god!

Latar som ingenting.

Kan du gi deg!?

sjå!

også tok eg nokre tilfeldige bilder av tilfeldige folk i parken.

Ellers så åt vi deilig sorbé på Deli de Luca, og han som jobba der var snill og gav meg topping på isen, sjølv om eg ikkje hadde betalt for det. han får ein blogg-klem. Alt i alt ein strålande fin dag med mykje gåing og snakking og sol og alt som skal vera på slike flotte dagar. Korleis har de hatt det i dag?

7 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kristina i den Store Verda

7 responses to “Om å vera i Oslo dag 2

  1. jeg har hatt det finfint, og du kan bare gjette hvorfor.

    (:

  2. /ja ok, sender en melding i løpet av morgendagen🙂

    ikke for å tulle, for det er ikke noe å tulle med. men hvis livet hennes var en film, og tittel skulle gitt mest mulig mening, så burde den hete The Notebook. tror jeg..

    hahah, huffffff. masse bilder når jeg ike vet det og sånn. og litt sånne “heh. ja heh se i kameraet jah, heh..kleint. blir nesten litt klam”
    er litt skummelt å bli tatt bilde av.

  3. Så koselig! Og maaan, jeg som tenkte jeg skulle spørre om vi skulle dra på Loving Hut i morgen! Jeg leste også at hun anbefalte det, nemlig. Typisk a gitt😛 Men ja, jeg sender deg melding i morgen og sånt jeg😀

  4. Jaada, det kan vi😛 Jada, det er bare koselig det da🙂 Har ikke vært på Tonica Vintage før, men har hatt skikkelig lyst til å ta en tur innom🙂 Også har jeg jo aldri møtt Maren, så det er jo bare hyggelig! Og yes, halv ett ved tigeren😉

  5. Takk🙂
    Ja jeg har en egen kategori på bloggen min om spisesteder, og et eget innlegg om Oslo. Se i menyen til høyre.

  6. Jeg gleder meg også, blir gøy😀

  7. Det høres ut som en herlig dag – og for noen koselige bilder. Jeg tror jeg ble forelsket i den grønne kjolen der.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s