tankerier om skule og ferie

På Onsdag var eg i Oslo, på torsdag i Brumlelumdalen, på Fredag i Valdres, i går heime på Flatraket og no, i dag, er eg tilbake på Eid. Installert i ein ny hybel og ikkje heilt klar eller oppladda til skulestart i morgon tidleg. Tida går for fort.

eg vil grille marshmallows med fine venner midt på natta berre fordi vi har fri og difor kan gjera nett som vi vil.

eg vil reise på ferie og slappe av, ikkje berre stresse med alt eg må rekke.

eg vil bruke lang tid på å lage ein skikkeleg god frukost (med mykje blåbær) og bruke god tid på å eta den, utan å måtte stå opp før klokka viser sju om morgonen.

Eg vil lesa bøker berre fordi dei er fine og eg har all tid i heile verda å bruka på å draume meg vekk i eit anna univers, ikkje fordi det er pensum eller fordi eg må bruka boka som bakgrunnskjelde i ein rapport eller eit særemne.

Eg vil sova til eg vaknar av meg sjølv, eller av sola som seier god morgon til vindauget mitt og vinker til meg derfrå.

Men eigentleg har eg det veldig flott og fint og gler meg mykje til å møte alle dei fine vennene mine igjen i morgon, å drikke eit to sifra anntal kaffikoppar og stresse med norsk-særemne (eg skifta emne til ukjent) og korleis eg skal få plass til alle privatistfaga mine i timeplanen. For slikt syns eg i bunn og grunn eigentleg er litt morosamt.

9 Comments

Filed under Foto og slikt fint

9 responses to “tankerier om skule og ferie

  1. Så mye rundt omkring du har vært da!! Håper det blir en bra første dag på skolen i morgen😀

  2. Ingrid Tjosaas

    Lukka til i morgon, vonar alt går din veg!😀 Hehe.

  3. Håper du koste deg på Nesodden!

    Sv: Jeg har flyttet til Trondheim nå! Det er litt skummelt nå, siden jeg ikke kjenner noen.

  4. åååh marshmallows! det e alltid litt hardt å omstilla seg itte sommerferie. eg syns ikje det fordi eg e arbeidsledig så eg føle eg har ferie heila tiå, sko ønska eg visste ka eg vil/ska gjør framover :O

  5. Tusen takk! Jeg gir ikke opp, trengte bare en pause allà en Buffy-episode eller to😄

  6. Jeg vil også gjøre alt det! Men jeg har det veldig gøy på uio nå, så jeg er temmelig fornøyd🙂 Selv om sommeren egentlig snart er over.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s