Om å sjå seg tilbake

Det finaste i verda er å vera med venner. Det kan vel alle og ein kvar skriva under på? Å drikka kaffi og ete saltstenger med dei finaste og snillaste personane ein veit om, fins det ingen konkurranse mot. Å snakke om ekle mareritt, telefonar frå stille ukjende nummer, om å vakne av at ein ler eller har ein samtale med nokon utan å vite det. Å dela sakn etter dei finaste vennane som kanskje ikkje er der då (ja, Lene, det er så klart deg vi saknar!), å sitte å smugrøyke i løynd på trappa å diskutere alt som er og har vore og skal bli. Det som var skummelt då, men som er morosamt no, det som er skummelt no og i framtida og det vi gler oss meir til enn noko anna. Å drepe edderkoppar, knuse mobilen i asfalten når ein spring i mørkret, å finne ut at ein har forandra seg, men eigentleg er litt glad for det. Å finne løysingar på problem som verka uløyslege i byrjinga, det er slikt ein har venner til, og det er det finaste i heile verda.

Foto: linka til fotograf

Kameraet mitt gløymde eg forresten heime, så eg får det ikkje att før på fredag. Noko som til stor grad gjer at blogging blir lite. Det var kjempe kjekt å lesa om dykk, blir så glad i alle saman, tusen milliardar takk til alle de som kommenterar – de er solskin i kvardagen altså!

5 Comments

Filed under Foto og slikt fint

5 responses to “Om å sjå seg tilbake

  1. sv. bare koselig!🙂
    Hils tilbake til Johan!😀

  2. Hanne

    Du er så flink å skrive Kristina;) veldig enig i det du skreiv, utenom de med røykinga då, eg og mine nærmaste røyker ikkje;)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s