Nokre få ting om livet akkurat no

Akkurat no les eg ei av dei finaste debutt-romanane eg har lese så langt. Den heiter “Utvalgte emner i katastrofe fysikk”, er skriven av Marisha Pessl og den varmar alle indre organ slik som berre fine bøker klarer.

Eg har nett hatt fint besøk av ei fine lita kråke som heiter Susann. Vi har snakka om kaffi og bøker og filmar og redigering og fotografering og vegetar mat og vintage-kjola og musikk og blomar og interiør og framtida og alt slik som gode venner snakkar om. vi har også vaska hybelen min, for det er slikt fine venner gjer.

eg tok også eit bilete av ho og vi diskuterte kva som var finast av svart/kvitt og farge bilete, og om ein skriv bilde eller bilete på nynorsk – og vi fann ut at både farge bilete og svart/kvitt bilete var like fint, men kvar til si annleiing, og at ein kan skrive både bilete og bilde på nynorsk. for sånt engasjerar oss.

Ellers så skal eg akkurat no byrja på nokre rekningar eg må betale, som eigenanndelen på Praha-turen min og husleige og slikt som svir litt i lommeboka, men som eigentleg er greit å få unnagjort. Eg gler meg også utruleg mykje til i morgon tidleg, for då har eg Media og Informasjonskunnskap 2 i dei fyrste timane mine, og det blir kjempe spennande. Læraren min lovte at eg kunne få ta mykje bilete i år og vera sjef over dei kreative prosjekta mine sjølv – så det har eg planar om å halde ho til. hihi. også skal eg ta med meg den finaste termosen full av kaffi på skulen i morgon, for eg meiner det er for dyrt med 10 kroner koppen. også er termosen kjempe fin og har ei ugle på seg.

kva gjer de akkurat no? kva gler de dykk til? kva tenkjer de på?

foto: meg

7 Comments

Filed under Foto og slikt fint

7 responses to “Nokre få ting om livet akkurat no

  1. Akkurat nå har jeg slukt to brødskiver med banan, gleder meg litt til å ha de to første timene med gym i morgen, og tenker på så mye som ingenting.🙂

  2. akkurat nå sitte eg aleina i leiligheten og hørre på rolig og finfin musikk med datan på fanget. det eg glede meg te nå e siste helgå i september, for då ska eg og trommisen min ein tur te Haugesund. det eg tenke mest på for tiå e kroppen min og kor mye eg vil forandra på den. skikklig irriteranes men det e det som foregår i min lille hjerne🙂

  3. Ingrid Tjosaas

    Eg sit i senga og tenkjer på at eg burde ha pakka. Men eg ser på Miss Undercover 2 i staden for, for det er så mykje kjekkare. Eg gler meg til å byrje på folkehøgskule. Eg tenkjer på at eg burde ha pakka. For det burde eg verkeleg. Skal jo faktisk reise på laurdag. Skummelt.

    Bilete i svart/kvitt var forresten veldig fint.

  4. Det hadde vært fantastisk med et innlegg fra deg om ynglingsbøkene dine! Du har jo herlig smak!

  5. Eg skal nett til å plassere 600 bilete i album. Gler meg til å verte ferdig med det, ta med meg albummet og kike i det når eg saknar dei som ikkje bur i same by som meg.

    Du må sei kva du synst om slutten på boka! Eg har lese den, og vil gjerne høyre kva andre synst.

  6. Da er den boka notert🙂 Akkurat nå sitter jeg i sofaen, akkurat kommet hjem fra hyttetur med folk jeg studerer med og greier. So fun! Og nå er jeg supertrøtt! Men jeg må lese masse blogger så jeg kommer meg asjur igjen. Det er en blanding, litt bittersweet type deal. Jeg gleder meg til jeg er på bane igjen med blogging og Universitetsting, for det krever mye arbeid har jeg funnet ut! Også gleder jeg meg masse til jul allerede! Woho

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s