om bloggen, domene og andre ting

Tusen takk for alle dei fine tilbakemeldingane eg får. De gir meg motivasjon og store smil, berre slik at de veit det. Eg har ikkje så mykje nytt å formidle, eg er ganske uinspirert om dagane, og eg jobbar ganske mykje. Difor så lurte eg på kva det er de ynskjer å sjå meir av. Ein liten avstemning om de vil. Skriv i kommentarboksen, så skal vi få sving på sakene! (kategoriar under biletet)

* Dagens Fotograf – Fotograf intervju

* tekstar om fasinasjonar

* inspirsasjonsbilete

* litt rare tekstar om småting i kvardagen

* bloggannbefalingar

* bokannbefalingar

* musikklister

* fine filmar

* kvardagar

* det hadde også vore fint dersom de kunne ta med eigne forslag til kva de ynskjer å sjå her.

Det siste eg ynskjer å spørje dykk om er domene. Eg har utruleg lyst å få meg eit nytt domene (berre tanken på å kontrollere designet på bloggen sjølv gir meg gåsehud), problemet er at eg ikkje kan noko om web-design. Er det nokon skjønne små web-designerar som ikkje tar stygg mykje pengar frå ein stakkars student der ute, som har eit brennande ynskje om å byggje web-designet mitt?

Ellers så kan eg fortelje dykk de at favoritt filmen per dags dato er “where the wild things are”, favoritt sangen Cloud Cult – Running With the Wolves, fotografane Cole Rise og Robert Doisneau. Framtidsplanen min er sjølve definisjonen på kaos-teorien og eg angrar meir enn nokon sinne over at eg byrja på allmenn her på Eid, og ikkje gikk Medie på Firda.

Kva er dykkar favorittar, kva angrar de på, korleis er framtidsplanane dykkar, og kva vil de forandre på denne bloggen? curiosity is my best friend.

6 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

6 responses to “om bloggen, domene og andre ting

  1. – dagens fotograf – fotograf intervju

    – tekstar om fasinasjonar

    – inspirsasjonsbilete

    – bloggannbefalingar

    – musikklister

    favoritt filmene mine e mången men dei eg har sett mest e Ringenes Herre og Transformers filmane, eller så e Everything is illuminated ein av mine absolutt favorittar. Eg angre litt på at eg slutta på Niss, men ikje så mye at eg vil tebake. Eg har ingen favoritt fotografer (vett ikje om så mången). Og heilt te slutt eg vil ikje forandra på noe som helst med denna bloggen, like den rett som an e🙂

  2. Så gøy om du får egen hjemmeside😀

    Jeg vil gjerne lese mer av:

    * tekster om fasinasjoner

    * inspirasjonsbilde

    * litt rare tekster om småting i hverdagen

    * bloggannbefalinger

    * bokannbefalingar

    * musikklister

    * fine filmer

  3. Jeg liker en god blanding av ditt og datt jeg, favoritter må kanskje være

    dagens fotograf – fotograf intervju
    inspirsasjonsbilete
    bloggannbefalingar

    Ellers alle slags lister (Vi liker lister!) og annet kvardagsting. Egentlig er jeg ikke vanskelig å please, så lenge det er bra gjennomført.
    Syns du er flink jeg!

    Favorittfilm er vanskelig å velge, jeg liker så mange. Favorittsangen; Disenchanted av MCR. Fremover håper jeg å gjøre det bra på skola, og graduate med en bra grade. Så blire kanskje å få en egen plass jeg og Steven min da. Vi får se vi får se🙂

    Tilslutt, om du er den som kommenterte på bloggen min så må jeg bare si TUSEN TAKK, made my day! Om ikke.. haha never mind!

  4. Jeg stemmer for disse:

    * tekstar om fasinasjonar

    * litt rare tekstar om småting i kvardagen

    * bloggannbefalingar

    * bokannbefalingar

    /tusen takk for kommentaren din. det varmer virkelig.

  5. så utrolig gøy, då glede eg meg te å lesa mær🙂 tusen takk for at du syns det, det betyr mye for meg å hørra at bloggen min e okey. hehe aftenstjerne, for et nydelig etternavn. det syns eg ikje du ska vær flau over, eg syns det va fint eg🙂 Niss e ein bra skole ja, så bare søk🙂

    sånn by the way? kan eg få ha et bloggintervju med deg? (men då trenge eg mailadresså di)

  6. eg kommenterte på feil innlegg :O men du fikk den vel uansett😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s