ting å ynskje seg på ein måndagskveld

Sidan eg ikkje har fått lov til å kidnappe Sara-kvalp med meg på hybelen, har eg funne det nest beste. Eg har lyst på ein liten pusekatt. Ein som ligg på golvet og leikar med eit garnnøste når eg arbeider med R1 matten. Som ligg i fange mitt og kosar når eg sit i stova med kveikte stearinlys, roseblad te og ser på Parenthood. Som søv i senga mi og vekker meg om morgonen med små mjau.

Eg vil også at skulearbeidet skal gå fortare. At eg skal forstå alt med éin einaste gong og kunne alt frå før av. Litt sånn som Sheldon i BigBang Theory, eller Rory i Gilmore Girls. Eg vil ha ein betre arbeidsmoral, betre karakterar, betre det meste eigentleg.

Eg vil ha meir energi til å få ting gjort. Meir energi til å få noko ut av dagane mine. Eg vil kunne sleppe å måtte drikke den sjuande koppen kaffi før lunsj. Eg vil kunne svare på fine venner sine spørsmål om eg får sove, utan å få tårer i auga fordi eg ikkje får sove.

Men aller helst vil eg kidnappe med meg sara-kvalp, og ha ho her på hybelen min. for ho er så fin og nydelig og full av kjærleik.

foto 1, 2 og 3: linka til fotograf

siste bilete: av meg, linka til min flickr.

6 Comments

Filed under Foto og slikt fint

6 responses to “ting å ynskje seg på ein måndagskveld

  1. åååååh eg har lyst på ein katteklatt!

  2. Awe jeg har så utrolig lyst på en liten hundevalp! Og her og kunne både arbeidsmoral og søvn vært bedre!

  3. åååh, pusekatt. jeg har så lyst på en liten perser som skal hete bjarne eller molly. de er så finfine.
    og senere skal jeg ha en blodhund som heter knut. det vet jeg at jeg skal ha, skalskalskal.

    trenger selv energi, å stå opp i fem/halvseks-tiden er hard hverdagskost for en søvnløs sjel.

  4. ntå… de kattungan e så nydelige❤

  5. CJ

    Åh vilka söta katter!

  6. Det var mye fint på en gang! Jeg vil også ha en katt. Eller, jeg har en, men han er sinnsyk og snodig. Såeh. Jeg vil ha min egen når jeg en gang flytter ut. Katter er fine dyr🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s