Monthly Archives: September 2010

Vi drukna i ei stillheit vi ikkje visste vi hadde skapt.

“Berre la det stå”

Det er ein morgon i oktober, ute har lufta frose og satt seg fast i stemmebanda våre. Det er difor vi ikkje drikk morgonkaffien på trammen lenger. Det er for kjøleg og kaffien blir kald før vi får drukke opp. I staden sit vi tause rundt kjøkkenbordet og høyrer på dagsnytt. Frosten stjal stemmene våre.

Kva var det eigentleg som skjedde? Korleis kom vi til denne einsamme staden? Vi står fastlåst i stiv givakt, ventande på neste kommando. Eg røyser meg og set kjørelet i vasken. Eg tenkjer at eg saknar deg, eg saknar oss – slik vi var før det vart kaldt. Eg kan kjenne deg riste på hovudet, sjølv om eg står med ryggen til. På kva tidspunkt gikk omsorg over til irritasjon?

Eit stille sukk slepp ut mellom leppene mine. Det seier meir enn tårer og skjellsrop. Det var ei tid, då sola var varm og vi sat på trammen og røykte og drakk kaffi, då hadde du spurt meg om kva som var gale. Du hadde strykt meg mjukt på kinnet, og ikkje gitt deg før eg hadde sagt kva som plaga meg. No seier du ingenting.

Eg vil at du skal gjere noko. Kva som helst. Eg vil du skal reise deg opp så fort at det skrapar høgt i golvet og klirrar i porselenet. Eg vil du skal gripe meg fast i skuldrane og sverge på at vi aldri skal stå i ro igjen. At vi skal springe til vi får krampe i beina og sting i sidene. Fyrst då skal vi legge oss ned, halde rundt kvarandre og snakke. Høgt og lågt og om alt vi tenkjer på – slik vi pleide å gjere. Før. Men du seier ingenting, i staden lener du deg fram og tar ein stille slurk av kaffien. I bakgrunnen høyrer vi introduksjons melodien til nitimen blande seg med den tunge skya av usagte ord, og eg tenkjer at dette går ikkje lenger.

foto: linka til kjelde

Advertisements

10 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Skriverier og tekstar og slikt.

Super-måndag!

+ Eg jobba 6 timar samanhengande med R1 matte, der to av timane var ei prøve om kombinatorikk og sannsyn.

+ Jobba med Politikk innlevering

+ Jobba med foto-prosjektet, planlegge photo-shoot til helga (har alt for store forhåpningar til dette!)

+ Middag, rydding og andre huslege ting

+ Aerobic med finaste Sissel Nord

+ No skal eg dø litt foran tven medan eg gjer litt historie.

+ Fine ting:

Foto: linka til fotograf!

3 Comments

Filed under Uncategorized

4 dagar i Praha

Praha var omtrent slik:

No blir det ikkje meir om Praha før neste gong eg reiser dit. I staden skal eg snart vise dykk eit fotoprosjekt eg jobbar med i media, også blir det sikkert mykje lister og inspirasjon, filmar og bøker og alt slikt fint.

13 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

Ting som får meg til å smile når eg trur eg døyr.

+ Fine venner ein ikkje har sett på lenge, som ein likevel kan sitte i timesvis med på kafé og le av dei same vitsane og snakke like fritt med som ein gjorde før. Det er ekte vennskap.

+ Skikkeleg blå-lilla blåbærsaft, som minner ein på ei tid då livet handla om skattejakt på oldemor sitt loft, blomeforkle og heimebaka kjeks med brunost på.

+ Bestemor som les høgt frå Den Hemmelige Hagen og Det Suser i Sivet.

+ Å sjå blåklokker vekse opp i vegkanten på veg heim frå skulen. Då kjenner ein seg litt som Pippi Langstrømpe, eller Supermann.

+ Å vera heime med familien og sjå Beat for Beat, Nytt på Nytt og Skavlan, medan ein et chips og drikk cola light. For det er slikt ein gjer på fredagar.

+ Å vakne skikkeleg tidleg på ein laurdag av at det er lyst ute, ligge under dyna og sjå på morgondugget danse ballett på vindauget.

+ Å sjå nokon bli så engasjert i eit tema at dei nesten byrja grine.

+ Når ungdom gir plassen sin til eldre på bussen – det gir meg trua på at der kanskje fins håp for oss likevel.

+ At Sara-kvalp ligg på fanget mitt, med auga igjen og pustar tungt og roleg, som om det er sjølve meininga med livet.

+ Lærerar som tar deg til side og seier dei har retta feil på prøva di og at du eigentleg skulle ha ein mykje betre karakter.

+ Å legge seg ein kveld og vite at alt kjem til å gå bra. uansett.

+ Å eta makronar som er så gode at ein må eta kjempe seint, slik at ein ikkje går glipp av noko.

+ Vinylplatespelarar

+ Venner som sender deg melding klokka sju om morgonen på ein onsdag, berre for å fortelle at dei har funne ein kjempe god kaffibar på veg til jobb.

+ Å sitte lenge med ei oppgåve og ikkje få til noko som helst, for så å lese gjennom oppgåva éin gong til, også forstår ein alt.

+ Å vakne opp til frukost på senga, nytrukken kaffi og dagens avis.

+ nyvaska sengekle

+ å lese fyrste setninga i yndlingsboka di og smile fordi du veit kva som kjem og du veit at det er så himla fint og vondt omkvarandre.

+ å få kompliment frå ukjende eller folk ein ikkje kjenner så godt.

+ Å rydde til denne sangen, berre fordi den ein gong, då du var ti og hadde musefletter på skulen, var det yndlingssangen din.

+ Å lese dei finaste bloggane i verda, som denne, denne, denne og denne.

+ Når du spør ei venninne kva bok ho les på for tida, og ho svarar at ho ikkje kan seie det, for det er ei “Kristina-bok”, og ho skal gi den til deg til jul.

Kva får dykk til å smile om dagane?

9 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

Praha turen: Buss frå Kiel til Praha

TYSDAG 15.09.10

Det var så alt for tidleg å stå opp då vi la til kai i Kiel, og vi var alle trøytte og lyset var så alt for lyst.

Vi kjørte lenge og lenger enn langt og eg sov meste parten av vegen.

også fekk eg endeleg tid til å lesa ut denne fine boka, som eg skal komme tilbake til i eit seinare innlegg.

Vi stoppa midt i Tyskland for å ete middag, og sjølv om salaten såg god ut, så var den langt frå det. Alt som var kokt eller stekt, var kokt eller stekt i sylteagurksaft.

I Tyskland har dei automatar for alt på toaletta.

Som sagt.

Då vi nærma oss Tsjekkia, hadde vi ein kviss på bussen om Praha, historie og Franz Kafka.

Som eg og Pernille vant

Så vi fekk ein pakke frå lærerane! Opp i den låg det to par sokkar, ein tannkost, tannkrem, to tyggisar, to kondomar, 100 koruna og litt godteri. Alt lærerane tydlegvis meinte vi trengde i Tsjekkia.

Medan eg låg og halvsov til Kent og Paolo Nutini, sat Pernille, Kim Inge, Toni og Svein Olav i gangen og spelte poker.

Svein Olav

Kven som vant til slutt, veit eg derimot ikkje noko om. Eg sov, som sagt.

Plutseleg var det mørkt ute og vi var endeleg framme i Praha og iso-verdiane på kameraet mitt var så alt for høge.

Og vi fann fram til hotellet, og eg skulle sove på rom saman med verdas finaste Sissel og Ingrid. Etter å ha pakka litt ut og funne oss til rette, gikk vi ned i baren på hotellet. Der kjøpte vi oss ein halvliter også sat vi ei gruppe og snakka og drakk i salongen (?). Også vart vi kjende med nokre tyskerar som også var der på skuletur, men dette tok eg overhode ingen bilete av, for kameraet låg på rommet.

2 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

Praha-turen: Oslo og Kiel-ferja

Søndag 12.09.10, kl.2300: Avreise Oslo

Vi venta på at bagasjen skulle bli lasta i bussen.

søte Elise!

(Kva Arnt-Ivar skulle med boomboxen, forblir eit mysterium den dag idag)

PÅ BUSSEN TIL OSLO

Kristine og Synnøve klare for avgang

til slutt roa alle seg endeleg, og eg fekk sove. faktisk.

Klokka 07.00 fann lærerane ut at det var morosamt å vekke heile bussen og ha eit frukoststopp to timar (eller noko sånt) utanfor Oslo. Lyset var blått og bussen var kald og eg låg pakka inn i ullteppet mitt og høyrde på PJ Harvey.

Også tok eg bilete av dei som faktisk sto opp, gikk ut i det kalde været og kjøpte seg mat.

OSLO

Vi annkom Tigerstaden klokka 09.00 om morgonen, før butikkar opna og vi sat på Oslo City og drakk kaffi. lenge.

Sondre, Viviann og Dziugas var trøytte i trynet.

etter at butikkane opna og klokka vart vennligare møtte eg søtaste Anette. Ho var skjønn som alltid og vi drakk kaffi og snakka om når eg flyttar til Oslo neste haust (om eg kjem inn, kryss fingrane!).

Etter å ha gått rundt i byen i nokre timar, møtte vi alle saman igjen og vi tok russebilete. Blant anna av Adrian etter at han hadde vore på kondomeriet.

Oda, Hanne, Malin og Aksel

KIEL-FERJA

Sondre mista nøkkelkortet sitt

Sissel glatta håret sitt

Ingrid og Elise gjorde seg klar for kvelden

Det var eg også

Etter eit lite vorspiel på lugaren bar turen ned på dekk og det var latter og promille og i tre tida kræsja eg, bokstavleg talt, i senga. I morgon kjem det fleire bilete, no skal eg skrive ein håplaus tekst i norsk og vaske hybel. Jau jau.

5 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

and your eyes will shine through the glass of my wine

Også var ein heime igjen. Ikkje berre heime på hybelen, men heime, på Flatraket. I huset mitt, med verandaen der eg braut foten då eg var ti år gammal. Huset som har vore heimen min halve livet mitt, der eg har vakse opp. Det er litt fint eigentleg, å drikka raudvin med mamma og visa fram alt eg har kjøpt. I det heile tatt fint å snakke med nokon eg ikkje har budd opp på i overkant av ei veke. Eg er sliten. Praha var fantastisk kjekt, elskbart, men slitsomt.

Å sitta på ein stappfull buss i samanlakt (tur/retur) 40 timar, bu på rom med tre andre i ei veke. Å stå opp klokka åtte kvar morgon slik at ein rekk byvandring, shopping og museum om dagen, for så å feste til langt på natt på fem etasjers nattklubbar eller underground barar. Det slit ein regelrett ut.

Eigentleg burde eg vel leggja ut bileter frå turen allereie no, men sanninga er at eg ikkje orkar. Ikkje i kveld, ikkje no. De får heller vente til i morgon, når eg har fått sove litt, på mitt eige rom, i mi eiga seng. No vil eg berre sjå MAD MEN og lesa fine bloggar. Puste ut og kjenne på kor godt det eigentleg er å vera åleine.

foto: linka til fotograf

fin sang: Russian Red – No Past Land

4 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda