korleis ikkje vere forkjøla

Eg er sjuk, forkjøla til det punktet at stemma mi har forandra toneleie og folk kallar meg Snufs. Å vere sjuk er ikkje noko eg har tid til akkurat no, så difor laga eg ei liste om korleis ein ikkje er forkjøla.

1. Sov

Eg seier ikkje sov heile dagen, men sov om natta. Legg deg tidleg og sov. Dersom du, som meg, har vanskeleg for å sove (les:insomnia), så kan dette vere eit vanskeleg punkt å følgje. Drikk te utan kaffein, ikkje drikk kaffi etter klokka sju (hard, i know) og slapp av éin time før du legg deg, les ei bok eller sjå ein søt film. Uansett, sov. La kroppen kvile, la den prøve å fikse seg sjølv.

2. Gå i strikkegenser

Det er min filosofi at alt blir betre dersom ein går i ein tjukk og god strikkagenser. Helst med tradisjonelt mønster og fargar, kombinert med tjukke gode strikkasokka. Sjølv tjuvlånar eg bestefar og stefar sine tjukkegensarar, for dei er store og varme. også har eg berre éin eigen tjukkegenser sjølv.

3. Et skikkeleg mat.

Som Tine Katrine seier: “det er så mange som kaster seg over godteri og chips og kaker når man er syk. blir litt feil føler jeg, for hvis kroppen noen gang trenger næring, så er det når man er syk!!” Dette er heilt sant. Så klart er det godt med safari kjeks når ein ligg i sofaen, med ullteppet over seg, rennande nase og ein god dose sjølvmedlidnad, men hjelper det eigentleg? Vil kroppen bli raskare frisk dersom du proppa den full av tilsetningsstoff, sukker og anna dritt? Nei. Sjølv er eg ein smoothie person. Alt som er godt og sunt er best som smoothie.

Ein god bli-frisk smoothie er denne:
– 1/2 banan
– ein neve eller to med frosne blåbær
– bringebær og jordbær
– 1 ts purely greens
– 1/2 ts rått kakao pulver
– 2 ts udo’s choice
– ca 1 1/2 – 2 ts sukrin
– fyll på med skummetmelk og vatn og blend godt i ca 3 – 5 minutt for minst mogleg klumpar og voila! Ein smoothie full av vitaminar, næring, antioksidantar, fettsyrer og alt som kroppen treng for å lege seg sjølv.

4. Les fine bøker

Harry Potter er endå betre dersom ein les den når ein er sjuk. Det fins ikkje eit betre tidspunkt for å leve seg inn i ei ny verd, eit nytt univers, enn når ein er sjuke. Fine bøker å lese når ein er sjuke er: Harry Potter, Pride and Prejudice, the Perks of Being a Wallflower, Og resten står skrivd i stjernene (Axel Jensen) og Hold Still (Nina LaCour).

5. VÆR POSITIV!!!

Ikkje la sjølvmedlidnaden ta over! Tenk på alt som er fint i verda, kattungar, hundekvalpar (sara-kvalp <3), regnboger, og alt sånt som eigentleg er litt teit, men også er utruleg fint og kosleg, og som får deg til å smile. Dette er kanskje det viktigaste punktet!

6. Drikk te

Likar du ikkje te, så drikk kaffi eller kakao, men drikk noko som er varmt og godt. Så klart er te mykje sunnare enn dei to andre alternativa, men eg kjenner ofte at berre det å drikke noko varmt og godt roar kroppen og sinnet og gjer at ein slappar lettare av.

Det viktigaste av alt er vel eigentleg at ein fokuserar på å bli frisk. Den mennesklege psyken er ganske sterk, fokuser på at du skal bli frisk. Ikkje på at du ikkje skal vere sjuk eller at du er sjuk (då er det jo ordet sjuk som går igjen i hovudet ditt), fokuser på å bli frisk. Dersom du konsentrerar deg på å bli frisk, så er oddsa på at du blir det mykje større!

Foto: linka til kjelde!

12 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting, Mat

12 responses to “korleis ikkje vere forkjøla

  1. for ein hærlig og søt lista. den ska eg huska på når forkjølelsen komme på besøk😉

  2. Flott liste, jeg er kjempeofte sjuk, så denne må jeg følge hehe

  3. Tell me bout it, jeg hadde halsbetennelse 3 ganger i fjor! Den siste var helt forferdelig, hadde så store mandler eller hva det no er som hadde hovna opp, at hu på sykehuse sa hu aldri hadde sett noen så store!

  4. Yngvild

    Vakje meininga å smitte deg😦
    God bedring🙂

  5. ullgenser og bøker❤
    god bedring, Kristina!

  6. God bedring! Og tips nummer 4 er kjempebra; alt blir bedre med Harry Potter😀

  7. hihi eg og like buffy🙂

  8. Så enig!😀 Jeg er syk akkurat nå, og alt dette høres lurt ut. Fikser meg kakao med krem as we speak😉

  9. Pingback: L as in Lillefot « Heroes & Me

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s