Kaffi og Kafka

Eg reiser til Tsjekkia på søndag. Då skal eg sitte i ein buss full av medelevar i ni timar før vi kjem til Oslo (som eg hugleikar). Vi skal vere litt i Oslo, før vi reiser vidare med Kiel-ferja, der vi skal vere atten år og på klassetur. Så skal vi kjøre lenge og lenger og lenger enn langt, og på tysdag er vi i Praha. Tenk det. Praha. Byen eg har draumt om å besøk sidan niande klasse. Då eg satt på andre bakerste rada ved vindauget, såg lauva falle frå trea utanfor, og tenkte at det berre var to år før eg var ferdig med Selje ungdomskule. Då skulle livet byrja. Og eigentleg så gjorde det jo det. Sjølv om eg endå tenkjer at det er berre ni månadar igjen, så er eg ferdig med Eid Vgs, og DÅ skal livet byrja.

Praha er jo ein verkeleg kunst by. Ein av mine kjæraste forfattarar, Franz Kafka, kjem jo her frå. Er det ikkje utruleg? Tenk på all den historia som ligg i brusteinane i gatene, i mursveggane, dei lave bruene. Ein by som er over 1100 år gammal, som har overlevd to romerske herskarar, Habsburg, fyrste verdskrig (som resulterte i samanslåinga av tsjekkoslovakia), tysk okkupasjon under andre verdskrig, kommunistisk statskupp i 48, kommunistisk okkupasjon i 68 (der ein student brann seg sjølv i protest), fløyelsrevolusjonen 89, splittinga av tsjekkoslovakia 1993 og EU medlemskap i 2004. Så mykje historie, så få dagar.

Det er nesten litt skummelt å endeleg reise dit. Nesten skuffande at mitt fyrste møte med denne herlege byen er på ein klassetur. Det er så mange ting med denne byen som eg eigentleg berre vil oppleve åleine. Eg gruar meg nesten til å ha med meg heile 92-kullet, eg vil ikkje dele byen med nokon andre. Eg er redd eg kjem til å gå glipp av mykje fordi mine interesser vil kollidere med andre sine. Eg vil få med meg alt. Eg vil leggje merke til alle brusteinane, alle monumenta, alle bygningane, trea, alt.

Men guri så kjekt det blir. For eg skal jo reise med nokon av dei finaste på denne jord. Som Sissel og Susann. Og eg skal finne ein kamerabutikk, og der skal eg kjøpe meg eit analogt kamera, eller eit Diana kamera. Også skal eg ha med meg om lag tusen eingongskamraer. Og vi skal sitte på kaféar og diskutere fine ting og alle opplevingane vi nettopp har hatt, og skal ha (som gym-time i Praha sentrum). Vi skal drikke kald pils og tenkje at livet eigentleg er ganske perfekt, og at det er ganske greit og vere 18 år i Praha.

Speleliste laga berre for Praha: Kaffi og Kafka

8 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

8 responses to “Kaffi og Kafka

  1. Oi nå ble jeg litt sjalu, jeg vil også på tur, særlig til en såppas spanande plass som Praha! Heeeldige du!

  2. åh heldige du. Tsjekkia av alle plasseer. eg og vil der. åh ta et bilde for meg😉 gooood tur og kos deg kjempemasseultramegamye😉

  3. Ida

    å, så bra! god tur – praha er en utrolig flott by! jeg tror jeg har noen bilder derfra på bloggen. byen byr på alt fra 7-etasjers diskotek, til supre mexikanske og italienske restauranter. kjempebillig mat og drikke! og så broene da.. kos deg!:)

  4. sv: spar spar!😀 og takk

  5. jeg kjenner virkelig igjen følelsen av at man ikke vil dele, men heller ha det litt for seg selv. jeg er jo faktisk sånn på det meste, så gjerrig som jeg kan være..
    men du får ha god tur! har aldri tenkt så mye over Praha, men det virker tydeligvis som en kjempefin by. og kanskje du er heldig og kommer hjem et diana-kamera med pusekatter på, sterke farger, porselensmønster, eller bare den fine klassiske.

  6. Hoho, jeg tror det blir en fantastisk tur😀 Kos deg, igjen🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s