om å ha haustferie i utkant Noreg

Det er haustferie. Eg er ferdig å jobbe og har plutseleg sju dagar fri, sju dagar der eg kan gjere kva enn eg vil, sove til klokka fem om ettermiddagen om det skulle vere ynskjeleg. Og det er det jo. Ikkje. Det einaste problemet med feriar, spesielt småferiar som haust- og vinterferie, er at eg aldri veit kva eg skal gjere. Eg går heilt i frø, for kva finn ein på ei veke i oktober på Flatraket?

I kveld så drog vi fram Bailysen (for oss over atten) og eg sat og såg på National Geographic Channel og prøvde å konvertere folk til å bli miljøvennlege veggisar, utan større hell. Då programmet om netpython-slangen kom på, takka mamma for seg og gikk i seng, og eg sat og grein som eit uvær då dei kasta slangen inn i eit lite bur for å ta den med til labben for testing. Neida. Joda. Kanksje litt.

Så no, i rein frustrasjon etter at stefar så fint skifta kanalen tilbake til TV2, har eg laga ei liste over kva eg skal ta meg til med denne ferien.

Måndag:

Spele Scrabbel med meg sjølv.

Tysdag:

Hente pakken frå Capris hos nærbutikken (Joker). Bruke lønninga mi på postoppkravet. Gråte litt over dette.

Onsdag:


Ligge på badegolvet og lese Karamasov Brødrene av Dostojevski bind for bind.

Torsdag:

Vaske skittentøyet for hand.

Fredag:


Sove til tolv, drikke te, sjå “Saman er ein mindre aleine” medan eg hatar at eg er singel og ikkje har nokon å plage når livet er keisamt.

Laurdag:


Glede meg over at snart er sundag og eg snart reiser tilbake til Eid og livet mitt. Sykle til Selje i lykkerus og ta bussen heim igjen (tre kvarter med buss).

Sundag:


Snakke om kor trist det er at ferien allereie er over, at vi verkeleg MÅ finne på noko til neste år. Sjølv om eg tenkjer stille for meg sjølv at eg har ikkje haustferie til neste år. Ta tidlegaste bussen inn til Eid, drikke kaffi med vakre vesen og snakke om kor deilig det var å ha ei veke fri frå skule, mas og tjas.

Ja, også skal eg ein tur til Ålebyen, ha ein photoshoot, på fest med fine folk eg ikkje har sett på lenge og sove til ti kvar morgon. Så eigentleg er blir det ein veldig fin ferie, og eg kjem til å blogge mykje om det, så det så.

9 Comments

Filed under Uncategorized

9 responses to “om å ha haustferie i utkant Noreg

  1. for ein hærlig liste. du skrive så finfint.

  2. Ja der var det mye koselig!🙂 Og så fine bilder!

  3. Høres ut som en flott ferie, spør du meg ^^

  4. Yngvild

    Fredag/Laurdag: Finne på nåke me Yngvild😉

    • sorry snuppa, trur det er svelgen fredag/lørdag og muligens jibben med sofie lørdag/søndag… men viss du får ræva di heim frå oslo før, så kan vi ta ein filmmaraton igjen😉

  5. Yngvild

    åå, d va synd “/
    nææ.. lika meg her eg :p

  6. Åh, høstferie❤ Skulle ønske jeg hadde en sånn type luksus. Menmen. Du får kose deg masse uansett🙂

  7. Pingback: 2010: oktober, november og desember. « Photographs and Imaginary Pixies

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s