Monthly Archives: November 2010

the ocean doesn’t want me today

Eg sit i den grønne sofaen og les. Ord surrar seg saman i forskjellege kombinasjonar og utgjer vakre setningar og historier. Eg drikk te og er varm i kroppen. Dersom eg glimpsar opp frå boka, ser eg den mørkeblå vinterverda som har slått seg til ro i lufta. Frå ovnen kjem det små knitrelydar, som blandar seg med dei djupe tonane til Tom Waits’ No one knows I’m gone og ei underleg stemning skyl over meg. Eg legg boka ned og stirrer ut vindauget, inn i kveldens mørkeblå auger.

Utanom meg og Sara-kvalp, er det ingen andre i huset nett no. Heile huset er roleg og stille, det er nesten som om eg høyrer det sleppe ut eit stille sukk. Eg lurer på korleis det blir når dette ikkje er mitt hus lenger. Det er ikkje lenge til, berre nokre månadar, så flyttar eg på skikkeleg heimafrå. Då er det mamma og stefar og småbrødre sitt hus, eg kjem berre til å låne det ein gong i blant når eg er på besøk. Det er sprøtt å tenkje på, noko det faktisk ikkje burde vere. Eg har jo flytta over ti gonger i løpet av mine atten år, dette grønne huset har ikkje vore mitt så lenge, har det? Likevel er det ein merkeleg tanke å ikkje komme heim kvar helg og krangle med veslebror på sytten om musikk, litteratur, politikk og bono, for så å ete heimelaga pizza og sjå nytt på nytt og skavlan. Eg elskar nytt på nytt og skavlan.

Kva er eigentleg planen framover? Det er skummelt å spørje meg sjølv det spørsmålet, det verkar som om eg alltid har hatt svaret. Planen har vore enkel og klar frå eg var elleve år gammal, eg har alltid visst akkurat kvar eg skal og kva eg vil. Og det gjer eg endå, det er ikkje det. Draumen er den same, målet det same, vegen den same. Det er berre det at det er ein litt skummel veg og eg veit ikkje heilt kvar eg skal gå for å komme på den.  Eg kokar meir te.

Medan vasskokaren summar slepper eg Sara-kvalp ut bakdøra, men ho vil ikkje. Eg går inn på kjøkkenet igjen og finn fram ein hundegodt og set meg på kne foran ho, stå, seier eg, og når ho gjer det gir eg ho snopet og stryk ho på ryggen, flink jente. Vasskokaren seier klikk, eg røyser meg og tømmer vatn opp i kruset. Fennikel,  brennesle og peppermynte te, herleg. Lullaby av Tom Waits byrja spele akkurat med det eg sit meg ned i den grøne sofaen igjen.  Sara-kvalp legg seg ved siden av meg og kviler det vesle hovudet sitt på fanget mitt. Eg tar ein slurk av tekoppen og lener meg bak i sofaen, skyv vekk alle tankar om framtida, løfter boka opp igjen og fortsetter å lese. Eg har endå litt tid, tenkjer eg, og igjen surrar bokstavar seg saman til ord, som dannar vakre historier eg kan forville meg i.


I have been thinking a lot about next year and my future, and to be frank it scares me a bit. I keep telling myself that I have all this time to think about it later, but in truth I am just really the biggest procrastinator in the world.

ph: linked to source

Advertisements

13 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

Ting å gjere når ein er sjukmeldt

+ Sove til klokka ti, og ete frukost i senga.

+ bruke lang tid på badet, om berre for å pusse tenna og så sitte å snakke med sitt eige spegelbilete.

+ Gå i pysjamas heile dagen, og den skal helst vere så stor at det er plass til tre av deg, også skal den vere rosa fordi mor di syns det var finare enn lime, også skal namnet ditt vere brodert på venstre pupp.

+ Ta med seg dyna og ligge på sofaen heile dagen, for det har ein lov til.

+ Drikke pukka te og et makronar

+ Lese Haruki Murakami bøker utan å få dårleg samvit fordi ein eigentleg burde lese lekser i staden.

f: Anette Pehrsson

+ Høyre på den alt for lange spelelista ein laga på sjukehuset fordi det var natt og ein ikkje fekk sove. sjukehuset ha den på shuffle, for då veit ein aldri kva som kjem.

+ Syng høgt. skrål, brøl, men ikkje dans, for då får du veldig vondt i oprasjonssåra.

+Lage nytt design til bloggen, fordi ein fekk brekningar av at bloggen var rosa.

+ Knaske paralgin forte kvar sjette time slik at ein ikkje døyr av smerte.

+ Sove. så mykje som råd.

foto: linka til fotograf

12 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

Frukost på senga

I dag vakna eg av at veslebroren min kom inn på rommet med frukost til meg. han hadde laga te, skiver med ost og prim på, også hadde han baka kake. Ei pepperkake-kake som han hadde komposert sjølv, og den var kjempe god og smakte litt som eplekake med kanel.

kva hadde de til frukost i dag?
har de fått frukost på senga i det siste?

6 Comments

Filed under Mat

Ein fin ting å tenkje på i narkoseørska

Ryggen min er sliten etter å vore i same posisjon alt for lenge. Eg prøver å senke kroppen litt ned, flate den ut litt for å kvile musklane, men det hjelper ikkje stort. Dessutan gjer det vondt i operasjonssåra når eg prøver på det. Eg vurderar å spørre ein av sjukepleiarane om å senke ryggen på senga mi, men det blir med tanken. Ryggen min er alltid sliten, om sengeryggen blir senka, kjem eg til å ville ha den opp igjen etter kort tid uansett. Eg kjenner at morfinen byrja gå ut av kroppen, og smerten blir litt meir distinkt for kvart minutt, men det går enn så lenge. Det er jo berre å trykke på knappen så kjem dei med ei ny dose når den tida kjem.

Likevel er det litt småkjipt å vere åleine på eit ukjent sjukehus. Ein kjenner seg brått så isolert, og når handa er dekt av nåler og gjennomsiktige plaster, kan ein ikkje hjelpe for å kjenne seg litt ekstra dårleg og åleine. Men eg har hatt god tid på å forberede meg, og har så klart pakka med meg ein bråte dvdar og bøker. Til tross for at eg berre skal vere her ei natt. Ein sjukepleier kjem inn og spør om alt går bra, eg smiler og nikkar eit forsiktig joda, her går det berre bra. Eg tenkjer at eg gler meg til i morgon, til mamma kjem og hentar meg og eg kan fare heim att. No vil eg berre tenkje på fine ting. Som at eg og den finaste Sissel nett har bestilt oss sydentur til Rhodos og reiser dit med ein gong skulen er ferdig i sommar.

Då skal vi bu på stranda og andlete mitt skal bli ein stjernehimmel av frekner, sjølv om eg ikkje syns det er noko fint.

også skal eg ta bilete av all den nydelege maten vi skal ete

og eg skal ta bilete av alt som er greskt og fint og får meg til å smile.

No skal eg sove litt, eller sjå gilmore girls. Verda blir betre når eg får sett gilmore girls.

6 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda, Lister, annbefalingar og fine ting

Tre fine bøker alle bør lese

Eg leser bøker fortløpande, og kvar gong eg er ferdig med ei ny, tenkjer eg at eg må hugse å skrive om ho på bloggen. Dessverre blir det som regel berre med tanken, og eg noterer i Moleskine boka mi at eg må hugse å lage eit bokinnlegg om den. Ein dag. Difor tenkte eg at eg skulle dele tre bøker eg har lese det siste halvåret, tre bøker som eg personleg meiner alle bør få med seg. Fine, inntrykksfulle bøker.

Få Meg På For Faen – Olaug Nilssen

I denne boka møter vi tre forskjellege kvinner; Maria, sosiologi student i Bergen og arbeider som reinhalderske. Ho har fått i oppgåve å skrive eit føredrag, men alt ho greier å skrive om er kor forferdeleg ho syns arbeidet hennar er. Ho draumer om at føredraget skal bli så bra at Dagsrevyen vil dekkje det, og ho endeleg får den anerkjenninga ho føler ho treng.

Alma. Ei 15 år gamal jente som går siste året på ungdomsskulen. Alma slit i kvardagen. Ingen vil vere venn med ho, alt ho greier å tenkje på er sex og Artur og Sebjørn, og dessutan har folka i klassen byrja kalle ho Pikke-Alma. Og mor til Alma kan jo umogleg forstå korleis det er å vere ho, ingen forstår det.

Kona til Sebjørn. Ho er mora til Maria, og sju andre ungar. Ho kjeder seg som heimeverande mor og føler at ingen verdset arbeidet ho legg i heimen. Ein dag får Kona til Sebjørn nyss om at den lokale nepefabrikken skal leggjast ned, då bestemmer ho seg for å reise til Stortinget og demonstrere.

Denne boka er rett og slett berre kjempebra. Den er velskriven, humoristisk, klein, ærleg og feministisk. Dessutan er ho på nynorsk og handling foregår i Nordfjord (Gloppen). Eg vart kjend med denne boka i vår, då filmselskapet Motlys reiste rundt i Sogn og Fjordane for å finne skodespelarar til filmatiseringa av boka, som kjem til hausten igjen. Eine hovudrolla fekk ei venninne i parallellklassen min, Malin, så difor var eg ekstra interessert i å finne ut kva boka faktisk handla om. Berre les den, ok?

Utvalgte Emner i Katastrofefysikk – Marisha Pessl

Her møter vi Blue, mor hennar døydde då ho var lita, og sidan då har ho og faren køyrt frå by til by der faren har fått forelesingsjobbar. Han er nemleg både sosialist og professor og kjempesmart. Blue har aldri budd på same plassen over lengre tid, og har difor aldri knytta langvarige vennskap og bekjentskaper. Ikkje at det gjer ho så veldig mykje. Sosialisering har aldri vore ei av hennar hovudinteresser – bøker, kunnskapsdebattar med faren og skulearbeid er det Blue interesserar seg aller mest for, og ho arbeider for å komme inn på Harvard University ein dag. Siste året av vidaregåande slår ho og faren seg ned i ein liten by og ho byrjar på privatskulen st. Gallway. Her møter ho filmlæraren Hannah Schneider, og ho blir kjend med dei mest omtala elevane på skulen, dei kongelege. Blue sitt liv verkar strålande, heilt til ho finn Hannah hengd i skogen. Alle meiner det er eit sjølvmord, men Blue er sikker på at læraren ikkje tok sitt eige liv, og bruker difor alt ho har av kløkt og fantasi til å finne ut nettopp kva som skjedde den natta Hannah døydde, og kvifor.

Denne boka har eg skrive mykje om på bloggen, og eg har lova uttaleg mange å lage eit innlegg der eg fortel meir om ho, og her kjem det. Dette mesterverket er debutromanen til Mirsha Pessl, og eg kan berre tenkje meg at dei kommande bøkene hennar blir eineståande.Boka er eit eldorado for oss boknerdar, då den er full av litterære og filmatiske henvendingar for nesten kvar einaste setning. Den er kanskje på størrelse av Bibelen, men det gjer ingenting. Ein blir dratt inn i forteljinga og når den er ferdig sit ein igjen og vil berre vite meir.

alle kapittelene har ei litterær, filmatisk eller politisk henvising. Herlig.

Også er den full av grafiske hjelpemiddel. Her: Dei kongelege.

Og baksida av boka er kanskje endå finare enn framsida! Sukk, dette må vel kanskje seiast å vere ei av mine absolutt favorittbøker. Den er berre så himla vakker!

Livet sett fra Nimbus – Axel Jensen

Ein annan forfattar som har fått mykje omtale på denne bloggen, er Axel Jensen. Eg kan skrive åttehundre sider om kvifor han er favoritt forfattaren min, helten min. Kvifor eg valde han som særemne i norsk og kvifor bøkene og hans liv revolusjonerte korleis eg ser på verda, men då trur eg aldri at eg kjem til å slutte å skrive. I staden for kan de lese denne boka; her har nemleg Jensen sett tilbake på livet sitt frå sjukesenga. Med ein satirisk og humoristisk tone fortel han om å vekse opp som pølsemakarson, privatskular, dårlege norsk karakterar, om å flytte til Sahara og bu i ei hole med ein guru. Han fortel om venskapet med mystiker John Star Cook, om barndomskjærasten Marianne og då dei flytte til Hellas, der han vart god ven med Leonard Cohen, som seinare vart saman med Marianne (Leonard Cohen – So Long, Marianne og Leonard Cohen – If It Be Your Will). Om då han gifte seg med Leonard Cohen sin eks-kjærast, Lena. Om då han skilde seg og flytte til London. Om å få LSD som antideprersiv og tusen fleire ekstraordinære fortellingar frå hans ekstraordinære liv. Axel Jensen er ein inspirasjon og ein legende i norsk litteratur og helsepolitikk, eit litterærtgeni. Noko som er meir enn grunn nok til at alle i heile verda (og bøkene hans er jo oversatt til over 30 språk), burde lese bøkene hans. Spesielt denne. og EPP. og LUL. og Line. og Ikaros. og Gud Leser Ikke Romaner. og Den Øredøvende Stillhet. og Og resten står skrivd i stjernene. og alt.

Kva bøker les de for tida? Har de nokre bøker de meiner eg MÅ lese? Kven er favorittforfattaren din? Kva bok endra livet ditt?

8 Comments

Filed under Bøker, litteratur

litt frå ein kvardagstorsdag

Kaffi på veg til skulen (kom fem minutt forseint fordi eg glømde å skru av kaffitraktaren)

is i lufta og forfrossne fingrar

bestemor sin blomekjole. draumer om vår og sommar og sol.

Fine folk

og Sondre

Og fine tullefolk

Og no skal eg arbeide med særemnet og lese mykje Axel Jensen, og det er så fint at det burde ikkje vore lov.

Leave a comment

Filed under Foto og slikt fint, Kvardagen

Bloggermagasinet

Nokon av dykk veit det kanskje frå før, at eg, Caroline, Mette, Anette og Ida driv og lanserar eit nytt nettmagasin. Superspennande! No treng vi fleire medarbeidarar, og kanskje du er ein av dei?

Bloggermagasinet søker dyktige medarbeidere. Vi er et nettmagasin som lanseres november 2010 med hovedfokus på blogging, sosiale medier og å promotere gjemte bloggskatter. Bloggermagasinet vil være et sted du kan komme til når du ønsker inspirasjon og informasjon, og målgruppen vår vil i hovedsak være bloggere og blogglesere.

Som medarbeider ønsker vi at du skal ha enkelte faktorer på plass. Vi ønsker disse kvalifikasjonene:

     

  1. Pålitelighet. Vi må kunne stole på deg! At du leverer til riktig tid og at du sier i fra om du trenger hjelp.
  2. Du må ha et over gjennomsnittet godt språk, og ikke ha store problemer med å skrive. Det spiller ingen rolle om du skriver på bokmål eller nynorsk.
  3. Du må gjerne ha et talent du brenner for. Dette kan for eksempel være foto, tegning, film eller annet som kan være relevant i forhold til blogging eller sosiale medier.
  4. Du må være engasjert, ha lyst til dette og ha en positiv innstilling. Løsningsorienterte mennesker setter vi også pris på.
  5. Du må gjerne være strukturert, og flink til å holde orden på datoer, innlegg og korrekturer.
  6. Du må gjerne ha blogg, og erfaring med blogging. Det er en fordel om du kjenner til bloggersystemet til WordPress.
  7. Du må huske på at dette er et prosjekt du ikke vil få betalt for, og som du må bruke litt tid på. Det er ikke snakk om mye tid, men vi satser på kvalitet i innleggene vi publiserer, fremfor kvanitet. Så du må ha litt tid til dette.
  8. Domene og webhotell koster litt penger. Du må belage deg på å kanskje betale noen hundrelapper sammen med oss andre, vi deler på alle summene slik at vi ikke må betale så mye.

Bloggermagasinet vil være et givende, spennende, berikende prosjekt som vi virkelig ser frem til! Det vil bli mye spennende arbeid som er meget relevant i forhold til den tiden vi befinner oss i nå, med det teknologiske samfunn. Statistikk sier at antall blogger som er opprettet det siste året har mangedoblet seg, og dette er et spennende område å lage en nettside om.

Vi ønsker DEG på laget! For å søke må du fylle inn skjemaet som er lagt ved under her, og sende det tilpost@bloggermagasinet.com.

PS: Vi ønsker søknader fra både jenter OG gutter, i alle aldere.
———————————————————————————————————
Skjema for søking:
Fullt navn:
Fødselsdato:
Bosted:
E-postadresse:
Bloggadresse:
Bloggportal:
Hvor lenge du har blogget/drevet med sosiale medier:
Hva er dine sterke sider:
Hva er dine svake sider:
Hva du ser etter i en god blogg:
Hvorfor du vil bli medarbeider:
Hva kunne du eventuelt tenkt å skrive om hos Bloggermagasinet:
Eventuelt andre opplysninger/annen relevant erfaring:
Link til bilde av deg selv:

———————————————————————————————————
Med vennlig hilsen redaksjonen i Bloggermagasinet
CarolineMetteKristinaAnette / Ida

3 Comments

Filed under Superkonkurransar og slikt, Viktige ting