Det gjer vondt å vakne

Med reklame frå fjernsynet i bakgrunnen og den søte lakrisaktige duften frå tekoppen min, sit eg inntulla i eit kvitt ullteppe i stova mi. Rommet er kaldt og eg har skrudd ovnen på full guffe, eg hatar å fryse. Det er søndag, så klart er det søndag, eg prøver å slappe av. Prøver å styre tankane mine inn på fine ting og draumar, men det går ikkje. Uansett kva eg gjer, styrer tankane seg inn igjen på det gamle togsporet. Annsvar. Alt skulearbeidet eg eigentleg burde gjort i staden, oppgåvene eg burde skrive no, notatane eg burde tatt, prøvene eg burde forberedt meg til. Eg veit eg burde gjere det no, eg veit det så inderleg godt, kjenner det langt inn i ryggmergen. Aller helst vil eg springe inn på rommet mitt og hente politikkboka mi, skru av tven og lese. Men eg kan ikkje, eg har ikkje lov. Det er søndag, det er november og eg har ikkje lov til å tenke på slikt. Ikkje i dag, i dag er det fridagen min.

Eg prøver å lese, tar fram ei bok eg ikkje har sett i på fleire månedar, Spis Elsk Lev. Etter tre setningar kjenner eg meg som ein ukjend. Eg hugser då eg byrja lese denne boka for første gong, det var i sommar, eg gikk i kjolar utan strømpebukse og håpte at sola skulle komme fram og seie hei. Eg jobba mykje, men det gjorde ingenting. Eg åt riktig, tok vare på meg sjølv og lata som om eg var eitt år fram i tid og budde i Oslo. Oh, how the mighty have fallen.  Eg er endå meg sjølv, men eg er ein ny. Då skulen byrja og stress kom bankande på døra, var det som om eg gav avkall på alt som var viktig for meg. Det verkar som om kosthaldet mitt for med det første haustvindkastet i september. Alt vart erstatta av kaffi og 1-2-3 suppe. Billig, raskt og enkelt. Er det merkeleg at overskotet mitt er borte, at eg merker stress tydlegare på kroppen enn nokon gong før?

Eg tar ein slurk av den litt for varme, litt for sterke téen min. Kinesisk balansete. I sommar var det oksygenet mitt, i haust har eg halde pusten. På ti minutt kan eg tenkje på hundre slike små faktorar. Ting som var viktige før, men som med tida har blitt meir og meir uklare, heilt til dei gikk i eitt med med lufta. Det er skummelt å tenkje på at det er så enkelt å gløyme seg sjølv, så lett å la seg sluke av arbeid og skule at alt anna blir uviktig. Eigentleg vil eg ikkje vere her, eigentleg vil eg lese franske bøker, gå i tynne sommarkjolar og bruke litt for raud lebestift. Eg er lei av kulde og keisame fag, våte sokkar og kaffeinsjokk. Eg må berre bli ferdig med vidaregåande, jobbe litt hardare, lære meg fransk. Eg skal legge meg no, sette vekk tékoppen, fjerne sminken og kollapse på senga, eg gruar meg til i morgon tidleg – det gjer vondt å vakne.

foto: linka til kjelde

11 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

11 responses to “Det gjer vondt å vakne

  1. ja, det er ikkje godt.

  2. Du er fantastisk flink å skrive!

  3. Det gjør virkelig vondt å stå opp!
    Utrolig fin tekst🙂

  4. idag va det ekstra vondt for meg å våkna! herregud du skrive så fint kristina, eg vil ha ditt skrive-talent, NUH😉

  5. i dag var det faktisk heilt jævlig å vakne.
    fin tekst!

  6. Åh, så vakkert skrevet. Du er så flink til å skrive ærlig og vakkert. På nynorsk, ikke minst. Lykke til videre! Det er viktig å ta var på seg selv.

  7. Ah, kjenne følelsen så ALTFOR godt…… Skulle ønske skulen ikkje tok heile hovudet mitt og all mi dyrebare tid. Eg vil ha tid til å tenke over det eg vil og gjere det som er viktig for meg. Ta vare på meg sjølv og dei andre rundt meg.
    Då snøen kom i oktober fekk eg med ein gong den same vinterdepresjonen som eg hadde i fjor. Fysj, dei følelsane vil eg ALDRI ha igjen! Men no når snøen kom i november var det noko heilt anna. Det hjelpe sinnsjukt å skrive ned det du har på hjartet og kanskje dele det med nokon andre..
    Håpe du har det bra (:

  8. Åh, fineste Kristina.
    Du skriver så pent og godt, og du har helt rett.
    I morgen vil jeg ikke våkne opp, ikke før dagen er omme.

  9. Lady Netta

    Nydelig innlegg, Kristina.
    Og tror du jeg kjenner meg igjen, eller? Eksamen på fredag. En av tre. På tre uker. Woho…😦

  10. Pingback: Linkstorm #6 –

  11. kjenner meg igjen der. begynte på spis elsk lev boka for en god stund siden pga pensum og skolestyr har jeg ikke fått satt meg ned for å slappe av med en bok som ikke heter “antikk historie” eller bla gjennom kompendiumer.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s