Stillheita

”Ser du den?” Han rynka panna, to djupe liner kom til syne mellom augebryna, som saman utgjorde ein nysgjerrig kross. ”Ser kva då? Det er berre oss her” Ho smilte, for det var heilt sant, dei var heilt åleine i mørkret. I eit lite soverom det berre var ei madrass, dyne og pute, og i vindaugskarmen, like over madrassen, stod det eit slukna stearinlys. Ho sa ingenting. Han snudde seg over på sida og vikla dei sterke armane sine kring midja hennar. Armen hans kjentes varm og klam på magen, han drog ho til seg og kviskra stille i øyret hennar, så håra i nakken røyste seg. ”Ser kva då?” Stemma hans var mjuk og varm, som varm mjølk med honning. ”Stillheita, så klart” Ho sa det så stille ho kunne utan å kviskre, prøvde å vere så roleg som mogleg. Han kyssa ho nedanfor kjeven, mjukt og fuktig. ”Ein kan jo ikkje sjå stillheita, den berre er der” mjuk stemme.

Ho snudde seg og dei låg andlet mot andlet. Det var berre så vidt ho kunne skimte konturane hans i mørkret. Den litt store, men sjarmerande, nasa, dei buskete augebryna, tre-dagers skjegget. Ho kyssa han på munnen og haldt handa framfor auga hans. ”Lat att auga dine”, under handflata kjende ho augeloka og vippene hans lukke seg. Forsiktig fjerna ho handa si. Ho kyssa augeloka hans. Høgre, så venstre. Kyssa munnvikane, som sneik seg opp i eit skeivt smil, men ho kyssa han ikkje på munnen. I staden kvilte ho høgre peikefingeren på leppene hans. ”Høyr” sa ho. Der var ingen lyd, utanom den jamne lyden  av pusten deira. ”Stillheita er ein kvit liten blome som veks opp av navlen din og inn i brystet ditt. Der foldar den seg ut og blir til det vakraste nokon sinne skapt og alt i verda er eit mylder av evigvarande ro.” Ho svelgde høgt ”Men stillheita er ikkje alltid god. Sjølv om den alltid er vakker er den også vond. Den borar seg inn i dei holromma mellom ribbebeina og set seg fast der. Som ein svulst veks den og utvidar seg og krev meir rom enn der er. Den osar ut og pressar seg opp og vidare skjelletet ditt, den viklar seg rundt kragebeina, som ein klapperslange, og strammar seg. Den slår pusten ut av deg og knuser innvolane dine, eg likar ikkje den stillheita”


Tekst: Privat
Foto: linka til kjelde

5 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

5 responses to “Stillheita

  1. åh, så himla fint Kristina.
    du er så utrolig flink til å skrive.

  2. That third photo is simply breathtaking.
    xx

  3. du skrive så ufattelig ubeskrivelig umåtelig fint! eg blir heilt klam i fingrane. og hjerta mitt briste. finfine kristina😉

    / hihi tusen tusne takk søte du, glede meg te å starta prosjektet med deg😉

  4. Lady Netta

    Absolutt nydelig igjen, Kristina😀

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s