Tre fine bøker alle bør lese

Eg leser bøker fortløpande, og kvar gong eg er ferdig med ei ny, tenkjer eg at eg må hugse å skrive om ho på bloggen. Dessverre blir det som regel berre med tanken, og eg noterer i Moleskine boka mi at eg må hugse å lage eit bokinnlegg om den. Ein dag. Difor tenkte eg at eg skulle dele tre bøker eg har lese det siste halvåret, tre bøker som eg personleg meiner alle bør få med seg. Fine, inntrykksfulle bøker.

Få Meg På For Faen – Olaug Nilssen

I denne boka møter vi tre forskjellege kvinner; Maria, sosiologi student i Bergen og arbeider som reinhalderske. Ho har fått i oppgåve å skrive eit føredrag, men alt ho greier å skrive om er kor forferdeleg ho syns arbeidet hennar er. Ho draumer om at føredraget skal bli så bra at Dagsrevyen vil dekkje det, og ho endeleg får den anerkjenninga ho føler ho treng.

Alma. Ei 15 år gamal jente som går siste året på ungdomsskulen. Alma slit i kvardagen. Ingen vil vere venn med ho, alt ho greier å tenkje på er sex og Artur og Sebjørn, og dessutan har folka i klassen byrja kalle ho Pikke-Alma. Og mor til Alma kan jo umogleg forstå korleis det er å vere ho, ingen forstår det.

Kona til Sebjørn. Ho er mora til Maria, og sju andre ungar. Ho kjeder seg som heimeverande mor og føler at ingen verdset arbeidet ho legg i heimen. Ein dag får Kona til Sebjørn nyss om at den lokale nepefabrikken skal leggjast ned, då bestemmer ho seg for å reise til Stortinget og demonstrere.

Denne boka er rett og slett berre kjempebra. Den er velskriven, humoristisk, klein, ærleg og feministisk. Dessutan er ho på nynorsk og handling foregår i Nordfjord (Gloppen). Eg vart kjend med denne boka i vår, då filmselskapet Motlys reiste rundt i Sogn og Fjordane for å finne skodespelarar til filmatiseringa av boka, som kjem til hausten igjen. Eine hovudrolla fekk ei venninne i parallellklassen min, Malin, så difor var eg ekstra interessert i å finne ut kva boka faktisk handla om. Berre les den, ok?

Utvalgte Emner i Katastrofefysikk – Marisha Pessl

Her møter vi Blue, mor hennar døydde då ho var lita, og sidan då har ho og faren køyrt frå by til by der faren har fått forelesingsjobbar. Han er nemleg både sosialist og professor og kjempesmart. Blue har aldri budd på same plassen over lengre tid, og har difor aldri knytta langvarige vennskap og bekjentskaper. Ikkje at det gjer ho så veldig mykje. Sosialisering har aldri vore ei av hennar hovudinteresser – bøker, kunnskapsdebattar med faren og skulearbeid er det Blue interesserar seg aller mest for, og ho arbeider for å komme inn på Harvard University ein dag. Siste året av vidaregåande slår ho og faren seg ned i ein liten by og ho byrjar på privatskulen st. Gallway. Her møter ho filmlæraren Hannah Schneider, og ho blir kjend med dei mest omtala elevane på skulen, dei kongelege. Blue sitt liv verkar strålande, heilt til ho finn Hannah hengd i skogen. Alle meiner det er eit sjølvmord, men Blue er sikker på at læraren ikkje tok sitt eige liv, og bruker difor alt ho har av kløkt og fantasi til å finne ut nettopp kva som skjedde den natta Hannah døydde, og kvifor.

Denne boka har eg skrive mykje om på bloggen, og eg har lova uttaleg mange å lage eit innlegg der eg fortel meir om ho, og her kjem det. Dette mesterverket er debutromanen til Mirsha Pessl, og eg kan berre tenkje meg at dei kommande bøkene hennar blir eineståande.Boka er eit eldorado for oss boknerdar, då den er full av litterære og filmatiske henvendingar for nesten kvar einaste setning. Den er kanskje på størrelse av Bibelen, men det gjer ingenting. Ein blir dratt inn i forteljinga og når den er ferdig sit ein igjen og vil berre vite meir.

alle kapittelene har ei litterær, filmatisk eller politisk henvising. Herlig.

Også er den full av grafiske hjelpemiddel. Her: Dei kongelege.

Og baksida av boka er kanskje endå finare enn framsida! Sukk, dette må vel kanskje seiast å vere ei av mine absolutt favorittbøker. Den er berre så himla vakker!

Livet sett fra Nimbus – Axel Jensen

Ein annan forfattar som har fått mykje omtale på denne bloggen, er Axel Jensen. Eg kan skrive åttehundre sider om kvifor han er favoritt forfattaren min, helten min. Kvifor eg valde han som særemne i norsk og kvifor bøkene og hans liv revolusjonerte korleis eg ser på verda, men då trur eg aldri at eg kjem til å slutte å skrive. I staden for kan de lese denne boka; her har nemleg Jensen sett tilbake på livet sitt frå sjukesenga. Med ein satirisk og humoristisk tone fortel han om å vekse opp som pølsemakarson, privatskular, dårlege norsk karakterar, om å flytte til Sahara og bu i ei hole med ein guru. Han fortel om venskapet med mystiker John Star Cook, om barndomskjærasten Marianne og då dei flytte til Hellas, der han vart god ven med Leonard Cohen, som seinare vart saman med Marianne (Leonard Cohen – So Long, Marianne og Leonard Cohen – If It Be Your Will). Om då han gifte seg med Leonard Cohen sin eks-kjærast, Lena. Om då han skilde seg og flytte til London. Om å få LSD som antideprersiv og tusen fleire ekstraordinære fortellingar frå hans ekstraordinære liv. Axel Jensen er ein inspirasjon og ein legende i norsk litteratur og helsepolitikk, eit litterærtgeni. Noko som er meir enn grunn nok til at alle i heile verda (og bøkene hans er jo oversatt til over 30 språk), burde lese bøkene hans. Spesielt denne. og EPP. og LUL. og Line. og Ikaros. og Gud Leser Ikke Romaner. og Den Øredøvende Stillhet. og Og resten står skrivd i stjernene. og alt.

Kva bøker les de for tida? Har de nokre bøker de meiner eg MÅ lese? Kven er favorittforfattaren din? Kva bok endra livet ditt?

8 Comments

Filed under Bøker, litteratur

8 responses to “Tre fine bøker alle bør lese

  1. Fantastisk innlegg! Aw, jeg ELSKER bloggen din!

  2. ❤ for et fantastisk innlegg, ja!

  3. finfine innlegget! DU e fin. eg fikk lyst te å lesa bok nummer to og bok nummer 3, men eg vett ikje heilt om det e min type bok? hvis eg ikje syns det e spennanes fra første sia så har eg altfor lite patience te å fullføra. eg e faktisk ikje et bok menneske. har vel egentlig aldri vært det :O MEN eg har nå lest bra bøker for det, og foreløpig e Neil Gaiman min favoritt forfatter og The Graveyard Book min favoritt bok. bokå som forandra meg og mitt liv der og då når eg leste den va ei bok eg leste av Stephen King faktisk. eg va 18/19 år og va innlagt på sjukehuset. eg va mørkredd og satt aleina og leste Desperation. den va så spesiell og rar at eg forsto at eg e ikje den einaste i verden som har mørke tanker. eg trodde eg va gal fordi folk rundt meg reagerte som om eg va det, men når eg leste denna bokå så skjønte eg at eg ikje e aleina. derfor kan eg vel sei at denna bokå forandra meg og mitt liv😉

    / tusen tusen takk for den långe og fine kommentaren. eg tror ikje du e overlegen, ikje i det heila tatt. eg har skjønt at du har det litt hektisk, så ikje tenk på det😉 såklart syns du sarakvalp e finast og såklart syns eg leia e finast, det e litt sånn som mødre seie om sine unger “mine barn er de vakreste som fins”. flærre bilder komme når hu lære seg te å ikje vær redd for kamera😉 eg glede meg sykt te prosjektet, håpe du gir beskjed når du vil at me ska starta på det. og tusen millioner takk for tåre og sang tips, snille søte du😉

  4. Herlig innlegg for jeg elsker bøker og boktips og dette var så inderlig inspirerende❤

    De tre beste bøkene i hele verden etter min mening er "Jeg savner deg, jeg savner deg" av Peter Pohl som jeg har lest over 20 ganger og som jeg fant da jeg var tretten og alltid siden da har elsket, "Stargirl" av Jerry Spinelli fordi den er så nydelig skrevet og har en hovedperson som er mitt største forbilde og "This is all: The Pillow Book of Cordelia Kenn" av Aiden Chambers som er litt for tykk og har sine feil, men samtidig er utrolig poetisk skrevet og der jeg kjenner meg så godt igjen i hovedpersonen. Ellers så har jeg flere andre bøker jeg er innmari glad i, men de tre er magiske =0)

    Og jeg skal notere meg bøkene du nevnte bak øret, du fikk dem til å høres veldig interessante ut🙂

    Ha en fin dag!

  5. For et fint innlegg! Endelig noen andre som også har lest Spesielle Emner I Katastrofefysikk😀 Jeg brukte store deler av tidlighøsten på å sluke Special Topics (leste den på engelsk, men har store planer om å lese den på norsk for å få med meg detaljer som kanskje har gått tapt), og jeg elsket den! Ble en av favorittbøkene mine umiddelbart etter første side. Gleder meg til Marisha Pessl kommer ut med flere bøker, det at dette er debutboken hennes er mer eller mindre utrolig🙂

    Nå for tiden leser jeg Dorian Gray, og den er sålangt veldig bra! Er minst fem Oscar Wilde-sitater per side, haha. Anbefales iallefall🙂 Elsker gotisk skrekk!

    Men takk for et inspirerende innlegg. Skal merke meg bok 1 og 3 bak øret, for de hørtes ganske så bra ut😀

  6. * Utvalgte emner i katastrofefysikk, selvsagt. Slik kan det gå🙂

  7. /bare hyggelig (:

    Og takktakk! Kostet nette 20 kroner, føler det var litt av et kupp!
    Her er det også blitt forferdelig kaldt, ja akkurat sånn som du sier. Bare kaldt, ingenting annet.
    Skulle ønske jeg kunne gå i hi jeg og, men har utrolig mye skole for tiden, god grunn til å bare sitte inni da. Takk, det skal jeg ha, og det samme til deg!

  8. Liker de to første bøkene godt selv, og Axel Jensen må jeg jo lese. Nå er det forresten min tur til å skryte: pappa har faktisk sittet i samme bil som han da førstnevnte gikk på videregående og arrangerte litteraturkveld og måtte hente Axel på togstasjonen😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s