the ocean doesn’t want me today

Eg sit i den grønne sofaen og les. Ord surrar seg saman i forskjellege kombinasjonar og utgjer vakre setningar og historier. Eg drikk te og er varm i kroppen. Dersom eg glimpsar opp frå boka, ser eg den mørkeblå vinterverda som har slått seg til ro i lufta. Frå ovnen kjem det små knitrelydar, som blandar seg med dei djupe tonane til Tom Waits’ No one knows I’m gone og ei underleg stemning skyl over meg. Eg legg boka ned og stirrer ut vindauget, inn i kveldens mørkeblå auger.

Utanom meg og Sara-kvalp, er det ingen andre i huset nett no. Heile huset er roleg og stille, det er nesten som om eg høyrer det sleppe ut eit stille sukk. Eg lurer på korleis det blir når dette ikkje er mitt hus lenger. Det er ikkje lenge til, berre nokre månadar, så flyttar eg på skikkeleg heimafrå. Då er det mamma og stefar og småbrødre sitt hus, eg kjem berre til å låne det ein gong i blant når eg er på besøk. Det er sprøtt å tenkje på, noko det faktisk ikkje burde vere. Eg har jo flytta over ti gonger i løpet av mine atten år, dette grønne huset har ikkje vore mitt så lenge, har det? Likevel er det ein merkeleg tanke å ikkje komme heim kvar helg og krangle med veslebror på sytten om musikk, litteratur, politikk og bono, for så å ete heimelaga pizza og sjå nytt på nytt og skavlan. Eg elskar nytt på nytt og skavlan.

Kva er eigentleg planen framover? Det er skummelt å spørje meg sjølv det spørsmålet, det verkar som om eg alltid har hatt svaret. Planen har vore enkel og klar frå eg var elleve år gammal, eg har alltid visst akkurat kvar eg skal og kva eg vil. Og det gjer eg endå, det er ikkje det. Draumen er den same, målet det same, vegen den same. Det er berre det at det er ein litt skummel veg og eg veit ikkje heilt kvar eg skal gå for å komme på den.  Eg kokar meir te.

Medan vasskokaren summar slepper eg Sara-kvalp ut bakdøra, men ho vil ikkje. Eg går inn på kjøkkenet igjen og finn fram ein hundegodt og set meg på kne foran ho, stå, seier eg, og når ho gjer det gir eg ho snopet og stryk ho på ryggen, flink jente. Vasskokaren seier klikk, eg røyser meg og tømmer vatn opp i kruset. Fennikel,  brennesle og peppermynte te, herleg. Lullaby av Tom Waits byrja spele akkurat med det eg sit meg ned i den grøne sofaen igjen.  Sara-kvalp legg seg ved siden av meg og kviler det vesle hovudet sitt på fanget mitt. Eg tar ein slurk av tekoppen og lener meg bak i sofaen, skyv vekk alle tankar om framtida, løfter boka opp igjen og fortsetter å lese. Eg har endå litt tid, tenkjer eg, og igjen surrar bokstavar seg saman til ord, som dannar vakre historier eg kan forville meg i.


I have been thinking a lot about next year and my future, and to be frank it scares me a bit. I keep telling myself that I have all this time to think about it later, but in truth I am just really the biggest procrastinator in the world.

ph: linked to source

13 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

13 responses to “the ocean doesn’t want me today

  1. Det var veldig fint skrive.
    Veit du, eg vart fortalt at sjølv om ein trur at ein skal velge kva ein skal gjere resten av livet sitt når ein er knapt atten år så treng ein ikkje det. Det gjer ingenting om ein velger feil, for det er det ein lærer av.. Ein lærer av feila sine. Vi tar nye valg og kanskje det var det riktige? Ein finner ikkje ut av det før ein har prøvd…
    Ein kan velge kva ein skal gjere neste år, gå på folkehøgskule, jobbe eller berre reise og nyte livet. Ta eit år av gongen også kjem resten av seg sjølv.
    Eg har lyst å tru på det, men har litt vanskelighetar med det. Kanskje det hjelper deg med kva du skal gjere? (:

  2. Du har det med å skrive magisk. Me like. A lot!

  3. åh, eg elske dine ord, magisk som Caroline seie😉

    / jepp det e Leia sine øyrer, komme noen bilder av hu snart😉

  4. Vakkert skrevet. Rett og slett.

  5. Du er ikke den eneste som gruer deg til framtiden, den er skummel😉
    Ordene dine blir så vakre når de leses, du skriver kjempe bra og skaper steminger jeg virkelig kan føle. Leser skjelden nynorsk, men med deg gjør jeg et untak😉

  6. du er så flink, og finfin.

    jeg tenker en del på sånt, neste år, neste måned, neste uke, ja osv.
    selv om jeg vet at jeg kan ta det med ro..

  7. Ida

    Det går jättebra, jag blir bara glad om du vill skriva några rader om mig🙂 Tack på förhand. Kram

  8. svar// Hei.. Det skal du selvfølgelig få lov til! Kjempegøy om jeg får være med der🙂

    (btw.. venter spent på premien fra konkurransen din..)

  9. sv: ja, selvfølgelig kan du det🙂 gøy!

  10. hihi, eg og elske hundar nå😉

  11. du skriver väldigt, väldigt fint.

  12. Nydelig tekst🙂 Jeg var også forvirra for et år siden, om mulig mer siden jeg ikke visste i det hele tatt hva jeg ville. Men det ordner seg🙂 Gjorde det for meg uansett🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s