Monthly Archives: December 2010

juli, august og september

juli.
sidan eg visste at eg kom til å jobbe nesten heile juli, byrja eg månaden med å skrive ei liste over ting å glede seg til den månaden.

når eg ikkje var på jobb eller sov meg opp til nattvakter, gikk eg på tur saman med denne fine sofie-jenta, som nettopp hadde komt heim frå tenerife og var superbrun.


om kveldane stod himmelen i brann over silda (øya) og havet.

eg tok fine sove bileter av veslebror og sara-kvalp i juliskumringslys, sjølv om det for det meste av heile juli regna syndeflod.

faktisk tok eg ganske så mange bileter av sara-kvalp i juli.

i heile juli hadde eg to helger fri, eine helga var malakoff-helga, og den andre helga reiste eg inn til eid og var saman med dei fine folka mine der, som eg ikkje hadde sett sidan skulen slutta. eg byrja med ein og ein halv dag på stårheim der eg besøkte susann og vi pilsa i fjæra og snakka, berre oss to.

også besøkte vi verdas kulaste CT (som forøvrig bur i stockholm no og går på sirkus-linja, som eg syns er sinnsjukt kult!)

ho hadde nett fått seg ein ny kattepus

og vovven hennar hadde nett fått kvalpar tre dagar i forvegen, og var små og nusselege, og bittelitt ekle for navlestrengen var der endå.

vi hadde overraskingsselskap for veronika, og det var himla fint det. og tenk kor heldige vi var med været, for to dagar etterpå så var det regn og vind og fjuskevær som varte ut heile månaden.

også byrja det å nærme seg sommaren sitt høgdepunkt, nemleg Malakoff Rockfestival, og eg laga pakkeliste der eg prøvde å ha med alt eg gløymde i fjor, klok av skade.

og eg såg om lag slik ut då eg hoppa ut døra og tok bussen til Eid for å leve i eit to manns telt saman med tiril-superhelt i to dagar. og malakoff var så utruleg fint og koseleg og eg fann ut at zyrtec verkeleg er tingen.

eg prøvde å multitaske medan eg kjørte moped og det ente med at eg plutseleg fann meg sjølv i grøftekanten på flatraket.

eg las hold still av Nina LaCour, og byrja kjenne at insomniaen min, som har plaga meg i nesten eit år no, byrja å ta på og eg kjende meg berre trøtt og utmatta heile tida.

siste dagen i juli var det storm ved stadt (som også er storm ved flatraket sidan stadt berre er ein time unna), og eg var trøytt og litt lei og følte heile meg var i storm også.

august.

og det var storm i meg, for eg var sjuk og låg i nesten ei veke og var dårleg.

og når ein er sjuk er det fint å ha ein veslebror som lastar ned photoshop på macen min for å muntre meg opp (og fordi eg masa hol i hovudet hans)

også vart eg frisk att, og vi fekk koseleg besøk av kusiner frå østlandet, og dei var søte og fine og leika mykje med sara-kvalp.

og så fekk eg fri frå jobb, og då hoppa eg rett på båten til bergen, der eg var på foto-butikkar og besøkte verdas tøffaste onkel og camilla, også besøkte eg verdas finaste kristin, som flytta til bergen akkurat då eg var der. og det var fint og koseleg, og eg spanderte middag på kristin som innflyttingsgåve for eg visste ikkje kva anna eg skulle gi ho.

og etter nokre dagar i bergen, vendte eg snuten mot haugesund og besøkte den finaste veslesystera og veslebroren, og det var så fint som det kan bli.

etter haugesund vendte eg nasa tilbake til bergen, og der var eg i éi natt, før eg hoppa på toget til oslo. i oslo møtte eg verdas søtaste Maren og den finaste Anette. og eg vart forelska i byen og fann ut at eg berre må flytte hit etter vidaregåande, og det har eg jo tenkt til.

etter nokre dagar i tigerstaden byrja dagane før skulestart å svinne hen, så eg tok toget til brumlelumdalen der eg besøkte farfaren min og kona hans, og dei gav meg eit nytt kamera og fekk sjå alle dei fine kjolane eg kjøpte på tonica vintage, og dagen etter kjørte dei meg til fagernes, der eg møtte besteforeldrene og tante og onkel og søt kusine og søte tvillingsøskenbarn. og vi vaksne spelte trivial pursuit, som er favorittbrettspelet mitt, og spiste mozzarella pizza og drakk raudvin og eg tok absolutt ingen bileter. og det var eigentleg litt fint.

så byrja skulen igjen, og eg var litt skeptisk, og litt spent og kjempeglad for å sjå alle dei fine folka mine igjen.

og eg hadde flytta inn i ny, fin kjellarhybel, med stove og kjøkken ein kunne vere to i samstundes og det var verdas største lettelse.

eg og sissel fina drakk gikk mykje på tur rundt Eid og drakk mykje kaffi på hybelen min, saman med finaste veronika og janne, og slik vart kaffiklubben oppretta.

også var det avskjedsmiddag for tiril-superhelt, og det var trist og kjekt og merkeleg, for to dagar etter sat ho på flyet til new york, og to dagar etter der igjen ringte ho meg frå det store eplet for å snakka littegrann i seks minutt. og det var fint. og eg var kjempetrøtt for eg hadde endå kjempeirriterande insomnia og hadde også vore på jobb den dagen, men det gikk bra fordiom.

september.

eg, mamma og sara-kvalp reiste på roadtrip til valdres, for der hadde vi ikkje vore på lenge, og det var endå lenger sidan vi hadde gjort noko saman. dessutan hadde mamma skulegjenforeining der den helga også. og været var fint og livet var fint og det var som ein liten ferie frå alt som heitte kvardag og skule og arbeid, og det var godt det.

eg plukka blåbær og henda mine matcha blomekjolen min og strømpebuksa mi, og eigentleg var det ein ganske så blå månad, og det var eigentleg ganske så fint.

eg laga “familie”selskap til ære for sissel, som vart atten år.

og det var eit familieselskap, så det var berre meg og sissel og janne og veronika og amund der, for amund og veronika er forelska så han måtte få komme også.

og eg hadde på meg blondestrømpebukse og den finaste laura ashley kjolen eg kjøpte hos tonica vintage, og vi spiste og kosa oss, og avslutta det heile med den obligatoriske turen på pubben. er ein atten, så er ein atten.

og seint ein sundagskveld, pakka eg alle koffertar og baggar og vesker, og gjorde meg klar til å reise til Praha. og det var både spennande og skummelt, for eg har villa reist til Praha sidan eg var tretten år gammal og las Kafka for aller fyrste gong.

og vi satt i buss i ti timar på veg til tigerstaden

og der var vi trøytte nordfjordingar i oslo

også møtte eg verdas finaste anette igjen i oslo, og det var kjempetriveleg.

også var det eit døgn på kiel-ferja, og det var morosamt og rock and roll.

og praha var kjempefint, og vi var ute kvar einaste kveld, og eg og sissel sprang gjennom gatene og sang heia brann og min første kjærlighet, så høgt vi berre kunne.

også kom vi heim igjen, og kvardagen byrja igjen og eg la ut denne teksten, og det var kanskje den fyrste skikkelege teksten eg publiserte og eg var kjempe nervøs. og det var september.

2 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kvardagen

april, mai og juni

april

i april byrja eg å spire mine eigne alfalfa spirer, dei var grøne og vakre og sinnsjukt gode!

eg var mykje på kafé saman med denne jenta og snakka om alt som vi kom på, også lo vi mykje.

eg drakk hylleblomst te, og vart gladare for kvar einaste solstråle som slapp gjennom vindauge i garasjehybelen min.

eg samla på cola-kork poesi, sjølv om eg ikkje likar cola, og fekk ofte nokon andre til å drikke opp, slik at eg fekk behalde korken.

fullt hus UB arrangerte fest på Hjelle, eg hadde både vorspiel og nachspiel på den vesle garasjehybelen min, og vi var eit tosifra anntal mennesker på eit rom egna for éin, kanskje to. vi hadde det så utruleg kjekt og i fem tida på natta sovna åtte personar i den vesle garasjehybelen min. torstein måtte sove på golvet, men det gikk fint og når vi vakna var alle saman med på å rydde og vaske opp. ei ganske så fin helg eigentleg.

eg kom med i finalen av ein fotokonkurranse og var kjempenøgd og superstolt.

eg reiste til bergen igjen saman med veslebror og farmor

der var eg barnevakt for verdas finaste aurora, og hadde eit fint avbrekk frå verkelegheita. eg gikk å gleda meg til å reise til frankrike og var livredd for at dei islandske vulkanane skulle gjere slik at vi ikkje fekk reise. men vi kom oss til frankrike og det såg om lag slik ut:

og natt til fyrste mai feira vi med vin og sjampagne og vodka, og vi såg alle omtrent slik ut:

katinka:)

Mai

i mai var eg trøytt og sliten, eg hadde tre eksamenar på ei veke, var lei meg fordi det endå var kaldt og snø ute. men det gjorde ingenting, for vi vorsa mykje på hybelen min og kræsja russefestar i jektehola. eg vart atten år og feira det med dei finaste folka med endå meir vorsing på garasjehybelen. og hadde min fyrste lovlege tur på pubben og med sprittusj smiley i panna, tok eg bussen heim til flatraket midt på natta.

eg reiste til bergen for syttande mai, og camilla tok meg ut på byn for å feire atten års dagen min, og passa på at eg alltid hadde noko å drikke. eg sang die polizei med ein gatemusikant, som viste seg å vere ein nordfjording og halv sju om morgonen ramla vi inn dørene hos camilla, glade og trøtte.

17. mai var ein kjempefin dag med god mat og godt selskap og eit kjempefint syttande mai tog.

eg las boka til Regine Stokke, eller, eg grein meg gjennom boka til Regine Stokke, og var utruleg takknemleg for alt eg har i livet.

eg byrja legge ut draumelistene mine og la ut teksten om eldfluga. også høyrte eg mykje på denne spelelista: Albert Einstein’s last words were ” I have done my share, it is time to go. I will do it elegantly”

eg skulka skulen for å få med meg hovudinstrument eksamenen til verdas beste Kristin, som ho fekk femmar på (og som eg meiner var ein sekser eksamen, hehe).

og yndlingsmånaden min vart avslutta med raudvin, fin musikk og verdas finaste utsikt, heime på Flatraket.

Juni

eg kjøpte meg eit nytt objektiv: 50 mm f/1.8, og tok bilete av verdas finaste mamma i verdas finaste junisol.

eg var mykje bort med tante renate og ungane, som fanga marihøner og hadde laga badebasseng i hagen.

det var siste innspurt for skuleåret, og vi var slitne, men lukkelege. her: verdas finaste Janne, ferdig med Fullt Hus UB for alltid.

nina les til særemnet, vi brukte fleirfaldige fritimar i kantina med særemne bøker og prøvde å lese. men av ein eller anna grunn snakka vi meir enn vi las.

siste måndagen før sommarferien grilla vi i jektehola og det var typ den finaste festen heile sommaren.

også byrja sommarferien og eg og kristin reiste på roadtrip til sandane og pakka ut av hybelen hennar som ho hadde hatt i tre år.

også overnatta eg med kristin på den nesten aude øya ho bur på, og vi åt kreps og pilsa og snakka om sommaren og framtida og slikt.

også var eg der heile helga, og været var nydeleg og vi var på ridetur med dei skjønnaste skjønne nesjar og vågaprins.

og det var den helga det var jonsokk, så den feira eg der, for eg er jo eigentleg fjernadoptert barmar.

eg og tiril-superhelt vassa på stranda midt på natta saman med sara-kvalp, og snakka om at ho skulle reise til usa, neste sommar og slikt som vi snakkar om.

dei siste dagane i juni fekk eg besøk av verdas beste veslesyster og veslebror, og det var kanskje dei finaste dagane i heile 2010.

8 Comments

Filed under Kvardagen

desemberfasinasjonar

1. ugler

2. å male og teikne

3. globusar og verdskart

4. maleskrin

5. fine, gamle kjolar

6. denne flickren, og bloggen hennar

7. lyslekking i bileter (det er det finaste i heile verda akkurat no, trur eg)

8. søte tekoppar

9. folk som ser ut som dei høyrer heime der dei er, og er lukkelege

10. masker

dei ti siste fasinasjonane i 2010.

kva fasinerar dykk, no på slutten av året?

6 Comments

Filed under Fasinasjonar

min julaften

på julafta var været heilt upåklageleg, ute låg det fleire centimeter med snø, det var kaldt og himmelen var blåbleik akkurat slik eg likar den best.

vi besøkte oldemora på eldresenteret, og ho var fin og pynta til julafta. 

heile familien var med, også sara-kvalp, som fekk mykje kos og merksemd av veslebror og tante sissel.

eg gjorde ferdig nokre siste-liten julegåver medan eg venta på at klokka skulle bli middagstid og pakketid.

så kom besteforeldrene og det var endeleg tid til å ete.

eg hadde på meg blomekjolen til bestemor, og det syns ho var fint, for den kjøpte ho då ho var tjue år gamal, og det er femti år sidan.

julegåver! eg fekk masse fint, blant anna ei finfin sløyfe, finfine bøker og smykker.

så spelte mamma og veslebrødrene og bestefar det nye brettspelet vi fekk, medan eg og bestemor las i kvar vår bok og tok livet ganske så med ro.

og det gjorde vi heilt til sara-kvalp kom tuslande fram frå korga si og bjeffa at no ville ho legge seg, så då gikk vi å la oss.

2 Comments

Filed under Festligheiter og feirerier, Foto og slikt fint

2010: Januar til og med Mars

Januar.

2010 byrja med nyttårsfeiring heime på Flatraket saman med familien.

Tiril-superhelten feira nyttår hos meg, fordi vi ikkje kunne feire saman til neste år. Vi syns det var kjipt at det ikkje var noko nyttårsfest på Flatraket, og sat på golvet på loftet mitt og skreiv ned mål og forsett for det nye året i den svarte boka mi, vi såg rakettane og nyttårsbukkane og klokka tre om natta gikk vi tur rundt heile bygda og snakka om livet og kjærleiken og slikt.

eg vart vant til å vere vegetarianer, leika med det nye kameraet mitt, jobba veldig mykje og var mykje saman med familien, såg mykje gilmore girls og hadde ein del filmkveldar med vener.

Ute var det kaldare enn nokon sinne og eg skreiv på bloggen at i kulda er ein ingenting medan eg draumde om sommar, sol og varme dagar.

Februar.

i februar var eg sjuk og låg på ein giftig hybel og levde på safarikjeks og doc-pastillar medan eg las foto-blader og prøvde å forstå meg på livet og slikt.

eg gikk ut midt på natta og tok bilde med blitz av tre og hus i mørket og lurte på om sommaren aldri skulle komme.

eg var med i foto-konkurransar og tenkte at eg aldri kom til å forstå meg på kameraet mitt. Eg hørte mykje på denne spelelista (take this sinking boat), var på inspirasjonsjakt og byrja å skrive Dagens Fotograf .

eg avslutta månaden med vinterferie i haugesund, der eg besøkte verdas finaste syste og veslebror.

der las eg verdas finaste bok, høyrte på denne spelelista (“do you like it when you can hear something before you see it?”) og såleis slutta kalde og mørke februar på ein ganske lys og fin måte.

Mars.

i mars brukte eg mykje tid på biblioteket med biologiboka, eg drakk mykje kaffi og prøvde å få tilbake skulemotivasjonen. Eg var drittlei alt som hadde med skule og lekse å gjere å drømte om å flytte langt vekk og leve livet akkurat slik eg ville. Eg lærte meg at bilder utan blitz eigentleg var finast og byrja endeleg å ta bileter som eg vart nøgd med.

eg vart skikkeleg sjuk med lungebetennelse og låg på sofaen i ei veke og drakk verdas eklaste hostesaft, som gjorde meg susen i hovudet. eg kosa mykje med Sara-kvalp, som nettopp hadde flytta inn hos oss og prøvde berre å bli frisk igjen.

Det var comenius workshop på skulen og vi fekk besøk frå polen, tyskland, frankrike og italia og eg prøvde å lære meg å smile igjen. Eg våga meg til å vere meir utadvent og fekk mange nye vener. eg fann ut at det kanskje ikkje er så farleg å berre vere meg sjølv, litt hippi og litt punk og litt vintage.

eg hadde besøk av verdas beste Kristin, og sjølv om snøen endå var der, så vart det lysare dagar og mildare vær og livet vart finare enn det hadde vore på lenge.

2 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere

2010 i fem personar

Eg hermar etter Mariell (Hjartesmil), men det var ein så fin måte å oppsummere året på, at eg kunne ikkje dy meg.

Sissel. Snille, vakre, søte Sissel. Vi har kjent kvarandre sidan fyrste klasse på vidaregåande, men det var ikkje før i år, då ho budde og studerte i Førde, at vi verkeleg vart venner. Vi har ledd saman, grått saman, gått oss vill i Praha saman, snakka mykje om gutar og kjærleik og forelsking, også har vi drukke oss fulle saman. På avsluttingsfesten (Grisefesten) før jul, skreiv Sissel tale til meg. Den skreiv ho på ein serviett, men turte ikkje lese den høgt, så ho berre ga meg servietten. Det er det finaste nokon har nokon sinne gjort for meg, og vi sto på scena på nachspielet, medan folk dansa kring oss, og klemte og gråt litt for vi er så glade i kvarandre, og kan ikkje tenke oss ei verd der vi ikkje er vener. Vi skal til Rhodos i sommar, og vi veit begge to at vi skal vere vener til vi er femognitt år gamle og sit i rullestol på eldresenteret på Eid og mimrar demente til kvarandre om den gongen vi gikk fulle ned over gata i Praha, berre vi to, og sang min første kjærlighet så høgt vi berre klarte.

Janne. Blidare, finare, snillar, meir omtenksom jente trur eg ikkje det fins her i verda. Janne er jenta som aldri mistar motet, ho som trøstar deg når du er lei deg og avsluttar med, nei du Kølla, det er rart med det altso. Vi snakkar om alt, om gutar, kjærleik, sex, kaffi, arbeid, livet, økonomi, mote, teite folk, fine folk, morosame ting og triste ting. Vi covra det lett. Humor, kaffi og ein god dose sjølvironi er viktige nøkkelord i våre samtalar. Eg og Janne vart kjendt i 2008, då vi byrja i same klasse, og sidan då har det gått i eitt. Då ho slutta på skulen i haust visste eg ikkje kvar eg skulle gjere av meg, eller kva eg skulle gjere, eg kjende meg litt forlatt – men det gikk likevel, vi snakka like mykje, drakk like mykje kaffi og skulen, vel, den gikk ingen plass.

Veronika. Eg vart kjent med denne vakre skapningen i vår, då eg tusla ned på Peppinos og spurte om ho kunne klippe meg. Veronika er frisørlærling skjønnar du, og den beste frisøren ein kan finne. Eigentleg er det ganske rart at vi ikkje vart kjent før i år, for Veronika er bestevenn med både Janne og Sissel. I sommar inviterte ho meg i gebursdagen sin, og eg var kjempesmigra, for vi kjente ikkje kvarandre så godt, og likevel ville ho at eg skulle komme. Etter det har vi drukke litervis av kaffi saman og tømt sjelene våre til kvarandre, nesten i alle fall. Ho er den personen som alltid tenker på andre fyrst, omtenksom, snill og kjempemorosam! Eg er utruleg glad for at eg vart kjent med ho, og det er merkeleg å tenke på at vi berre har kjent kvarandre i eit halvt år. crazy man.

Kristin. Kristina og Kristin. Kristin og Kristina. Bestevenner sidan barneskulen, gjennom familiekriser, personlegekriser, oppturar, nedturar, ungdomsskulen, vidaregåande, kjærestar og alt. Når livet er dritt og ingenting er bra, då ringer eg Kristin, og vise versa. Ingen kan gi ein håplaus situasjon perspektiv, som Kristin. Ringenes Herre, Underworld, Nesjar og Vågaprins. Vi er liksom familie, fjernadoptert familie. Slik er det berre.

Tiril. Superhelten min, som er superhelt på den andre sida av jordkloda. Vi flytta begge til Flatraket same året, og har vore samansveisa sidan den tid. I vår har vi ti års jubileum og det er ganske fint, for då kjem ho heim igjen frå USA, og då er ho atten år og vi kan feire det på skikkeleg. Vi har funne på så mykje rart gjennom åra, alt frå ein ekstrem WITCH fasinasjon til 24 timers Charmed og Supernatural maraton. Vi skypar kvar veke, så og sei, og då er det nett som om vi er same rom og USA berre er ein liten plass i Noreg.

Off, eg føler eg burde nevne så mange fleire, det er så mange fine folk de berre er nødt til å møte. Nina, Lene, Frank, Viviann, Elise, Andrea, Sofie, Yngvild… men det får vere til ein annan gong. Til no vil eg berre sei God jul til alle saman, håper de fekk alt de ønskte dykk og at de kosa dykk gløgg ihjel (men ikkje slik heilt ihjel).

Har de nokre venner som var med på å gjere 2010 til eit supert år, eller i alle fall eit mykje betre år enn det hadde vore utan dei? Fortell meg om dei, eg er nysgjerrig. Vener er det viktigaste i heile verda.

2 Comments

Filed under Viktige ting

Svar på spørsmål

No har eg endeleg svart på alle dei fine spørsmåla de har sendt til meg. Eg har prøvd å svare så best eg kan, dersom de lurer på noko meir er det berre å spør meir, så skal eg svare fortløpande.

Hva er favorittbandet/artisten din?

Kaizers Orchestra, Gåte, Moddi, Tom Waits, Patti Smith, PJ Harvey, The Smiths, Arctic Monkeys, Raga Rockers, Nico, The Foggy Few, Greenland Whalefishers, Dream Theatre, Jane Birkin, Belle and Sebastian, Elephant Parade, Brigitte Bardot, Bright Eyes, Ben Harper, Ane Brun og She & Him er dei eg kjem på i akkurat no. Eg er veldig kresen, samt liberal i musikksmaken min trur eg. Eg likar mange forskjellege sjangerar og artistar, men eg er veldig kresen på kva eg likar innanfor desse sjangerane. Det viktigaste er at dei må kjennes genuine ut, samstundes som at dei må ha ei kjensle av kvalitet og særpreg. Eg kan vere ganske kritisk når eg høyrer på musikk og har lett for å uttale meiningane mine og såleis rote meg inni svære diskusjonar. Dette skjer spesielt når eg skal diskutere musikk med veslebror som går musikklinja på Firda, eg meiner han er kommersiel i smaken og at det han høyrer på som er bra, har han kopiert frå meg. Søskenkjærleik.

Hva er favorittspråket ditt?

Fransk og svensk, utan tvil. akkurat no så har eg tjuvlånt franskboka til veslebror og målet er å lære meg sjølv fransk. Eg må berre få tid til det, og då blir det trés bonne! hihi.

Hvordan ville din perfekte dag se ut?

Hm… Å vakne til nytrakta kaffi inntulla i kvite laken og sengeklede om sommaren. Jordbær til frukost med ein som er snill og fin og som får meg til å smile. og le. Ligge på stranda og lese Spis, Elsk, Lev av Elizabeth Gilbert eller Trekkoppfuglen av Haruki Murakami. Ta bilete av alt som er fint og vondt og vakkert. Venner. Skrive. Kyssing. Male. Avokadosalat til middag, makronar til kaffien og raudvin til kvelds. Det høyres jo ut som ein fin dag?

Hvilke steder har du lyst å reise til?

Hellas (eg reise jo dit i juni!), Kambodsja, Italia, Amsterdam, New York, India, Kina, København, Stockholm, Dublin, Trondheim, Oslo… skal eg fortsette?

Hvilken film har du sett flest ganger?

Casablanca, Ronja Røverdatter, Amélie

Vis du kunne vert ein forfatter, kven ville du vert?

Ein fin blanding av Simone de Beauvoire, Jane Austen, Franz Kafka, Nicole Krauss og J.D Salinger

Kan du anbefale meg ei bok?

Trekkoppfuglen av Haruki Murakami, The History of Love av Nicole Krauss, alt skrive av Gunnar Ardelius, Erlend Loe, Ingvar Ambjørnsen og Axel Jensen.

Kor gammal var du når du fyrst oppdaga kjærleik?

4 år, eg gifta meg med naboguten og buketten min var ei svær solsikke og han hadde grasløkånde. Og det er eit ganske fint minne eigentleg. Eg trur ikkje eg heilt har forstått kjærleik endå, eg trur ingen heilt forstår kjærleik – det er for komplekst.

Kven er din helt? (hvis du har ein da)

Oldemor, for ho er det snillaste menneske i heile vide verda.

Har du ein tabbe eller flause du vil dele med oss?

Uææh! Eg har mange flauser og tabber, men det er blitt slik ein kvardagskost at eg gløymer å legge dei på minne. Eg kan derimot fortelle at i haust, då eg var i Praha, eller då vi var på Kiel Ferja på veg til Praha, vart det mykje alkohol i bilete. Det var latter det skråling og springing mellom lugarane. På eit tidspunkt bestemde eg og ei venninne oss for å stalke eine servitøren fordi han var så søt, og det heile ente med at eg fekk nummeret hans på ein serviett med setninga Ring Meg understreka tre gongar. Eg har endå servietten.

Er du mørkeredd?

Nei, eg har aldri vore mørkeredd i heile mitt liv – det har liksom aldri plaga meg. Eg har derimot vore livredd for å sovne, det skremte livet av meg då eg var yngre og eg kunne sitte oppe heile natta med lommelykt under dyna og lese bok etter bok, berre så eg slapp å sovne.

Har du lest Pride and Prejudice and Zombies? (Hvis du har, kva syns du om den? Eg har nettopp kjøpt den ser du)

Eg har lest Pride and Prejudice, men ikkje Pride and Prejudice and Zombies, men eg har derimot høyrt mykje fint om den, så eg trur du kan lese den med godt samvit. Den er sikkert kjempefin, og sikkert litt merkeleg, men det er jo det som gjer bøker så fine. Du må seie ifrå kva du syns når du er ferdig med den.

Hvis det er noko du kunne forandra eller gjort annerleis, kva ville det vore?

Eg kunne på mange måte ønske at eg søkte annerleis då eg søkte på vidaregåande skular. Eg hadde Allmenn på Eid på fyrste val, Musikk på Firda på andre val og Media på Firda på tredje. Hadde eg skulle søkt i dag hadde eg nok hatt Medie på fyrste, Allmenn på andre og Musikk på tredje. Men på den andre sida, hadde eg gått på Firda, så hadde eg mest sannsynleg aldri blitt så godt kjent med folk som gjennom åra har blitt nokre av mine nærmaste. Alt er relativt anntar eg.

Trur du me er aleine i universet?

Eg trur ikkje vi er åleine i universet, det blir egosentrisk å tru noko sånt. Det er merkeleg at eit uendeleg univers berre skal halde éin planet med levande, intelligent liv – eg greier ikkje å tru at vi er så unike. Men eg trur ikkje at utanomjordiske har vore på besøk på jorda. Men det er jo berre meg.

Har du ein favorittfilm du vil anbefale?

(500) days of Summer, Amélie, Harry Potter & the Deathly Hallows, Pippi Långstrump på de sju hav, Ronja Røverdatter, I et speil – i en gåte,

Cd eller Lp?

LP, men eg har verken cd-spelar eller Lp-spelar for augenblinken.

Liker du transformers? Og har du ein favoritt? (min er optimus prime of course);)

Eg har aldri sett ein transformers film, må eg innrømme, men eg kan jo velje ein favoritt fordiom. Og det blir sjølvsagt den med det finaste namnet, nemleg BumbleBee.

Hvilken farge foretrekker du på himmelen?

Ein bleik, kald, nesten kvit, blå farge. Men også ein raudleg solnedgong, å sjå sola gå i havet heime på Flatraket er noko av det finaste ein kan sjå, trur eg.

Hva er det første du tenker på når du våkner?

Det fyrste eg tenkjer når vekkerklokka ringer er nok faen, men etter det så pleier eg eigentleg berre å tenke kaffi, og slik tenkjer eg vel eigentleg fram til klokka nærmar seg tolv på formiddagen. Då går tankane mine til lunsj.

Hva er det første du ser når du våkner?

inspirasjonsveggen min, det kvite tretaket mitt, puta mi, stabelen med bøker like ved senga, vekkerklokka. også må eg stå opp og då leitar augene mine kun etter kaffi, hehe.

Hvordan ser ditt favorittantrekk ut?

Eg elskar kjolar, altså vintagekjolar og secondhand kjolar, eg elskar dei. Eg hatar vinteren for det betyr minusgrader og perioder med bukse og ullundertøy, likevel har eg fleire gongar hakka tenner på veg til skulen i farmor sin blomekjole frå 1972. Her er nokre av favoritt kjolane mine:

Bestemor sin blomekjole

Fransk, mosegrønn vintagekjole frå Tonica Vintage

mørkeblå blomekjole frå Zara, denne er nok den mest brukte kjolen min, tihi.

Hva har du tenkt å kalle eventuelle barn?

Snipp, Snapp og Snute. Nei, eg veit ikkje, akkurat no verkar ungar som noko utruleg fjernt for meg, eg er ikkje sikker på om eg vil ha ungar i det heile tatt. Kanskje berre ein hund? Eg kjem nok til å ta dette spørsmål litt som det kjem.

Hvordan forekommer skrive-blogginnlegg-prosessen din?

Det kjem heilt an på kva eg er i modus til. Som regel set eg meg berre med macen på fanget og ser på bileter på flickr til eg får inspirasjon om noko eg vil skrive om. Andre gongar hender det at eg ser eller høyrer noko som provoserar fram ei spesiell, udefinerbar kjensle i meg, og då prøver eg berre å skrive noko som kan beskrive den kjensla på ein vakker måte. Desse tekstane skriv eg alltid i word, og det er berre nokre få av dei eg bestemmer meg for å faktisk legge ut. Eg er utruleg usikker på tekstane mine, og syns det er ganske skummelt å legge dei ut til alles åsyn. Så har ein også dei innlegga der eg legg ut bileter eg er spesielt nøgd med, eller bileter frå fine festar, besøk eller kva det skal vere. Eg har alltid med meg kameraet mitt og moleskine boka mi, då kan eg ta bilete om eg blir inspirert til det, eller skrive ned inspirasjon til ein tekst slik at eg ikkje gløymer det.

Hva er favorittsyltetøyet ditt?

Heimelaga, rørt jordbærsylte og Bestefar si heimelaga eplesylte frå Kvåle (Sogndal)

Hva vil du helst ha på vafflene?

bestefar si heimelaga eplesylte frå Kvåle

Vil du ha saft eller melk til?

Saft, eg er småleg laktoseintolerant.

Hva er favorittsuppa di?

Blomkålsuppe og Grønskasuppe

Hva er favorittavisen?

New York Times

Hvilken bok gleder du deg til å lese?

Akkurat no driv eg å les Ingvar Ambjørnsen si novellesamling, natt til mørk morgen, og den er kjempefin. Ellers så gler eg meg til å få lest nokre av Milan Kundera bøkene eg kjøpte då eg var i Praha, spesielt the Book of Laughter and Forgetting, for tittelen gir meg gåsehud.

God Jul då skjønningar!

4 Comments

Filed under Kristina gløymer å kategorisere, Lister, annbefalingar og fine ting