april, mai og juni

april

i april byrja eg å spire mine eigne alfalfa spirer, dei var grøne og vakre og sinnsjukt gode!

eg var mykje på kafé saman med denne jenta og snakka om alt som vi kom på, også lo vi mykje.

eg drakk hylleblomst te, og vart gladare for kvar einaste solstråle som slapp gjennom vindauge i garasjehybelen min.

eg samla på cola-kork poesi, sjølv om eg ikkje likar cola, og fekk ofte nokon andre til å drikke opp, slik at eg fekk behalde korken.

fullt hus UB arrangerte fest på Hjelle, eg hadde både vorspiel og nachspiel på den vesle garasjehybelen min, og vi var eit tosifra anntal mennesker på eit rom egna for éin, kanskje to. vi hadde det så utruleg kjekt og i fem tida på natta sovna åtte personar i den vesle garasjehybelen min. torstein måtte sove på golvet, men det gikk fint og når vi vakna var alle saman med på å rydde og vaske opp. ei ganske så fin helg eigentleg.

eg kom med i finalen av ein fotokonkurranse og var kjempenøgd og superstolt.

eg reiste til bergen igjen saman med veslebror og farmor

der var eg barnevakt for verdas finaste aurora, og hadde eit fint avbrekk frå verkelegheita. eg gikk å gleda meg til å reise til frankrike og var livredd for at dei islandske vulkanane skulle gjere slik at vi ikkje fekk reise. men vi kom oss til frankrike og det såg om lag slik ut:

og natt til fyrste mai feira vi med vin og sjampagne og vodka, og vi såg alle omtrent slik ut:

katinka:)

Mai

i mai var eg trøytt og sliten, eg hadde tre eksamenar på ei veke, var lei meg fordi det endå var kaldt og snø ute. men det gjorde ingenting, for vi vorsa mykje på hybelen min og kræsja russefestar i jektehola. eg vart atten år og feira det med dei finaste folka med endå meir vorsing på garasjehybelen. og hadde min fyrste lovlege tur på pubben og med sprittusj smiley i panna, tok eg bussen heim til flatraket midt på natta.

eg reiste til bergen for syttande mai, og camilla tok meg ut på byn for å feire atten års dagen min, og passa på at eg alltid hadde noko å drikke. eg sang die polizei med ein gatemusikant, som viste seg å vere ein nordfjording og halv sju om morgonen ramla vi inn dørene hos camilla, glade og trøtte.

17. mai var ein kjempefin dag med god mat og godt selskap og eit kjempefint syttande mai tog.

eg las boka til Regine Stokke, eller, eg grein meg gjennom boka til Regine Stokke, og var utruleg takknemleg for alt eg har i livet.

eg byrja legge ut draumelistene mine og la ut teksten om eldfluga. også høyrte eg mykje på denne spelelista: Albert Einstein’s last words were ” I have done my share, it is time to go. I will do it elegantly”

eg skulka skulen for å få med meg hovudinstrument eksamenen til verdas beste Kristin, som ho fekk femmar på (og som eg meiner var ein sekser eksamen, hehe).

og yndlingsmånaden min vart avslutta med raudvin, fin musikk og verdas finaste utsikt, heime på Flatraket.

Juni

eg kjøpte meg eit nytt objektiv: 50 mm f/1.8, og tok bilete av verdas finaste mamma i verdas finaste junisol.

eg var mykje bort med tante renate og ungane, som fanga marihøner og hadde laga badebasseng i hagen.

det var siste innspurt for skuleåret, og vi var slitne, men lukkelege. her: verdas finaste Janne, ferdig med Fullt Hus UB for alltid.

nina les til særemnet, vi brukte fleirfaldige fritimar i kantina med særemne bøker og prøvde å lese. men av ein eller anna grunn snakka vi meir enn vi las.

siste måndagen før sommarferien grilla vi i jektehola og det var typ den finaste festen heile sommaren.

også byrja sommarferien og eg og kristin reiste på roadtrip til sandane og pakka ut av hybelen hennar som ho hadde hatt i tre år.

også overnatta eg med kristin på den nesten aude øya ho bur på, og vi åt kreps og pilsa og snakka om sommaren og framtida og slikt.

også var eg der heile helga, og været var nydeleg og vi var på ridetur med dei skjønnaste skjønne nesjar og vågaprins.

og det var den helga det var jonsokk, så den feira eg der, for eg er jo eigentleg fjernadoptert barmar.

eg og tiril-superhelt vassa på stranda midt på natta saman med sara-kvalp, og snakka om at ho skulle reise til usa, neste sommar og slikt som vi snakkar om.

dei siste dagane i juni fekk eg besøk av verdas beste veslesyster og veslebror, og det var kanskje dei finaste dagane i heile 2010.

8 Comments

Filed under Kvardagen

8 responses to “april, mai og juni

  1. Oi, her var det mye fint, her🙂

  2. hylleblomst er så undervurdert. håper din neste sommer blir like fin som denne🙂

  3. Å, så fine bilder! Sommeren din virker så fin, Kristina, bildene bare sender ut ordet lykke🙂

  4. Jeg lærte meg å gro alfa-alfaspirer i år. Det var ikke så vanskelig som jeg trodde… haha. Kjæresten min har gjort det alltid, og jeg har alltid tenkt at det der kan han gjøre sjøl, det blir for stress for meg.😛

  5. Ååå, jeg gleder meg til sommer! Og vår. Og litt varmere vær. Da kommer du kanskje til Oslo? Eller, det er vel mer på høsten, men🙂
    Og så fine kommentarer jeg har fått av deg, du er så utrolig søt! Håper du har hatt en fin jul, Kristina🙂 Og godt nyttår!🙂

  6. kjære søte kristina, eg vil bare sei at bloggen din e ein av de finaste eg vettom, og det va utrolig godt å få lesa så mången nye og fine innlegg. glede meg te prosjektet vårras😉 ønske deg ein knakanes og forrykanes god nyttårsfeiring😉

  7. Jostein også jo😀

    Blir nok Malakoff i år også, må bare spare litt penger først. Sju timer reising er ikke så billig det😛

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s