Monthly Archives: January 2011

Oh, how I wish I could shut up like a telescope

Før jul fann eg og Milla ut at vi ville starte eit nytt prosjekt. Vi fann fort ut at det skulle vere eit kreativt prosjekt, der vi tolkar éin film i månaden ut året, i form av foto, tekst, teikning eller musikk. Januarfilmen var Alice in Wonderland, bok og film, og dette er mitt bidrag:

Which road  do I take?

Where do you want to go?

I don’t know

Then it doesn’t matter

If you don’t know where you are going,

any road will get you there.

Modell: Anniken Engeland
Foto: Privat
Sitat: Alice in Wonderland, Carole Lewis
Kamera: Canon Eos 400D

Filmliste 2011:

Januar – Alice in Wonderland
Februar – Donnie Darko
Mars – Girl, interrupted
April – Amelie
Mai – Everything is Illuminated
Juni – Little Miss Sunshine
Juli – (500) days of summer
August – Bang bang you’re dead
September – Star Wars
Oktober – Neverending Story
November – Where the Wild Things Are
Desember – Ringenes Herre

sjå Milla sitt bidrag her.

Advertisements

14 Comments

Filed under Filmatiske vidunder, Foto og slikt fint

det här är en kärlekshistoria

i går fekk eg pakke i posten. den kom heilt frå oslo, og var frå verdas skjønnaste anette. i pakken låg det ein søt, liten, plastikkpose frå frøken dianas salonger, og opp i den låg det finaste eg har fått i posten nokon sinne. nemleg hjartemagasinet til mariell.

og magasinet er så fint, at det skal vere med i veska mi, overalt eg går.

5 Comments

Filed under Bøker, litteratur, Lister, annbefalingar og fine ting

kaffifredag – vennefredag

eg hatar fredagar. dei er keisame, fredag er faktisk den mest keisame skuldagen min heile veka. dessutan har eg gym då, og eg likar ikkje gym. fleire år med pining og audmjuking, har begrensa interessa mi for å springe rundt i sirkel i ein stor gymsal som stinkar svette, saman med jamnaldrande, berre fordi dei er jamnaldrande.

difor er det så utruleg fint at det fins mennesker der ute, som, utan ein gong å prøve, lysar opp til og med dei mest keisame og grufulle fredagar. vener som blir med ut og smugrøyker, som høyrer på den litt vel ekstreme galgenhumoren min, som ler av sarkasmen min og som får meg til å le og smile og til og med gløyme at det faktisk er fredag. i staden minner dei meg på at i morgon er det laurdag. og på grunn av slike fine, vart ikkje denne fredagen så fæl som fyrst anntatt.

vi stod ute i alle friminutta og fraus på leggar og lår og hender, og forkorta livet med sju minutt.

etterfulgt av kafédate, eller fika, som dei seier på svensk, saman med verdas finaste sissel,

sondre

og viviann, som lånte meg skuldra si, slik at eg kunne sove litt, og gløyme at det var fredag.

og det var kaffikoppar med raude leppemerker, og då visste alle at det var min kaffikopp.

og vi tulla

og skrattlo

og tulla litt til.

og det var lyngblome på bordet, ute var det lyst, men vått. og då eg gikk opp igjen på hybelen, for å pakke til heimturen i helga, var det mest som om alle fredagsmursteinane i magen min var borte vekk. og eigentleg var det ein ganske fin fredag.

kva for dag i veka, er den verste syns du? korleis har din fredag vore?

6 Comments

Filed under Kvardagen

<3 Liked Posts

I dag tok eg ein liten kikk i liked-mappa mi på bloglovin, og der fann eg så mykje fint og kosleg, at eg berre må dele det med dykk!

1. Fuck you fuckface

om kjærleik og livet og korleis livet er.

2. Joakim

om uendeleg venskap som overlever alt.

3. Biblioteksdagen

om å glede andre

4. into the wild

Dei finaste bileta i heile vide verda!

5. O

fordi det er den finaste filmen nokon sinne.

kva slags løynde skattar skjuler seg i dykkar liker-mappe?? i want to know!

4 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

Eit liv i to moleskinebøker

eg bur i desse to bøkene. dei planlegg dagane mine, gir plass til å utfalde meg kreativt, samstundes som eg har ein plass å skrive livet suger med store bokstaver, fem utropsteikn og så mange understrekar som eg måtte ønske. eg hadde vore ganske fortapt utan desse to, små, bøkene.

men det er meir som er så fint med desse bøkene. i dayplanneren, almanakken, fins det så mykje fint frå før. som verdskart og måleiningar og landskoder  og reisesider og notatsider. slike fine ting som får ein til å smile, og som kan komme til nytte på dei merkelegaste tidspunkt.

dessutan passar almanakken på at eg ikkje druknar i meg sjølv, og fortel meg kva eg må hugse, ting eg må gjere, også minner den meg på dei små gledene i kvardagen. som kaffidate med den finaste venninna.

i notatboka kan eg skrive. eg kan skrive kva eg vil og kva eg tenkjer og kva eg ser. det fyrste eg gjorde då eg kjøpte akkurat denne notatboka, då eg var i ålesund i haust, var å skrive. om alt.

også kan eg lime inn dei finaste utklippa, slik at når dagane blir grå og identiske, treng eg berre å bla i den, så kjem inspirasjonen til meg.

og eg kan teikne. og skrive sitat. lage lister, samle på oppskrifter, ta notatar i timen, dersom eg har gløymd kladdeboka. utan desse herlegdomane frå moleskine, hadde eg nok gått under for lenge sidan.

har de noko som de ikkje kan leve utan?

6 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting

om å lengte etter sommaren

Åh, eg er så lei av Eid. Av hybelen og snøen og skulen og pubben og alt. Det einaste eg vil er å spole nokre månader fram i tid, til rett etter eksamen – då sommarferien byrjar og eg skal i sommarbrullup og vera fotograf og niese. Til eg og Sissel sett oss i bilen, som er stappfull av koffertar og vesker og jordbær og flaskevatn, også berre kjører vi til Oslo. Med musikk på full guffe. Litt slikt som Sissel likar, litt slikt som eg likar, og litt slikt som minner oss om Praha og året som var. Eg har så lyst å sitte i den bilen, med setet lent heilt bakover og handa ut vindauget, og berre kunne sjå tilbake på alt og tenke, eg overlevde det. Vidaregåande, hybel, tredjeklasse utan Janne, Sogn og Fjordane utan Kristin og utan Tiril. Eg har lyst å tenke at eg overlevde eksamen, og å bli nitten, at eg overlevde vinteren og dens iskalde manipulasjon. Også vil eg legge hovudet endå lenger bak i setet, lukke auga heilt att og berre ligge der og vere til. I sol og varme og jordbær. Plutseleg er vi på Gardermoen, og så på flyet – og når vi landar på Rhodos, då veit eg at eg har levd dette året også.

i mellomtida høyrer eg på denne spelelista: Set yourself on fire, og les bøker om sommar og sol og tenker på at kvar dag eg vaknar, er eg ein dag nærare framtida.

foto: linka til opphav

1 Comment

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

Morgonsamtalar

– Draumen var så levande, så ekte, det var mest som eg sov meir når eg vakna, enn kva eg gjor i draumen. Det er eit svakt hint av panikk i stemma mi, ein liten redsel eg prøver å skjule, men endå vise.
– Kristina, slapp av, det var eit mareritt, ikkje noko meir, Viviann smiler til meg over kaffikoppen sin. Det er tidleg på morgonen og vi sit i kantina og venter på at skulen skal byrje. Det er fem minutt til.
– Eg veit, eg veit, men fy så verkeleg den var, eg vakna med eit rykk! Eg tar ein sup av statoil-koppen min, der er raudemerker forma som lepper på kanten.
– Du er no alltids litt dramatisk av deg, du, ler ho.
– Dessutan høyres jo draumen din utruleg morosam ut! Ho flirer, ler vel av overall-beskrivinga eg ga ho i sted.
– Dramatisk? eg? Kva snakkar du om? Seier eg med eit lite smil, eg gjer meg til med vilje.

Ting er lettare om eg gjer meg litt til, dersom eg ikkje er Kristina heile tida. Av og til liker eg å vere berre Aurore, med -e og ikkje -a. Aurore er fransk, ho liknar litt på Anna Karina, men også på Jane Birkin og Nico. Ho er eit småleg bad-ass alterego, frukosten hennar er cornflakes med vodka. Ikkje at det er noko tøft og stilig med å drikke på morgonen, det er jo ikkje difor ho gjer det, og ho gjer det berre i hovudet mitt. Det er berre det at Aurore gir ein god faen i sosiale normer og konvensjonar. Ho lever for å vere seg sjølv, og ho er eit banebrytande menneske. Ein ekte boheme, hippi, pønkar, kunstnar. Ho er alle dei tinga eg ikkje tørr vere, samstundes som ho er alt eg vil vere, og alt eg håper eg aldri blir. Ein trygg person å bli, når det er for skummelt å vere seg sjølv.

– Men sett deg i mine sko da! Eg ser på viviann, ber ho om å forstå.
– nei, uff, eg ser at det må ha vore ganske fælt der og da ja, stemma hennar er sympatisk og medlidande. Det er det fine med Viviss, ho kjenner sympati for dei fleste.
– Heile livet mitt var øydelagt! Eg kom ikkje inn nokon plass, måtte gå på dummie’s university of lumber and basic technical advices. Eit grøss fær gjennom meg i dét eg gjennbesøker plottet frå nattas hårreisande draum.
– Stakkars, du er jo i alle fall ikkje dum da, Kristina! Ho flirer, gapskrattar nesten, men greier å halde seg.

Fleire folk byrja å komme inn i kantina, det er snart fullt og den øredøvande susinga av morgonprat og kaffisukk, druknar den vesle samtalen vår.
– Eg er i alle fall ikkje SÅ dum! Begge ler, dei komiske aspekta frå draumen, dei aspekta som kun kjem i etterkant, når ein oppdagar det bisarre og merkelege i samanheng og hending, byrja endeleg å synke inn. Det var berre ein draum.
– Nei, eg må gå no, mediatime veit du, seier eg i dét eg røyser meg og byrja pakke saman.
– Ok, du får kose deg! Ho ser litt forlatt ut, der ho sit i den, no, tømmande kantina. Timen hennar byrja ikkje før om ei stund.
– Eg kjem ut i friminutta, lovar eg ho, og tar statoil koppen min medan eg slenger veska over skuldrane og byrja gå mot klasserommet.
– Den er grei, smiler ho og tar ein ny slurk av kaffien sin. I sidesynet mitt ser eg at ho flekkar opp pcen sin, og eg kjenner det skikkeleg godt på heile kroppen at no er det fredag.

foto: linka til opphaveleg kjelde

1 Comment

Filed under Kvardagen, Skriverier og tekstar og slikt.