2010: oktober, november og desember.

tenkte eg berre skulle bli ferdig med dette fortast mogleg, byrje å fokusere på det nye året i staden for å kontinuerleg sjå tilbake på det gamle.

oktober.

natt til fyrste oktober hadde vi russekro med forbokstavtema. jannemor var superskummel som jigsaw, og eg var kongeleg kåt kriminell kronprinsesse, om eg ikkje hugsar heilt feil.

i media byrja vi på eit praktisk prosjekt, og eg prøvde å finne ut kva eg skulle gjere og korleis.

også kom fine prinsessetremenningar til nordfjordeid, og dei snakka østlandsk og sa jeg og ikke, og var kjempeskjønne.

det vart haustferie på bakken og i kalenderen og eg skreiv denne lista om kva eg skulle gjere i ferien.

eg baka bollar fordi eg kjeda meg og smugrøykte på terassen.

og eg gikk mykje på tur med sofie og vart nostalgiske over kor fagert vesleflatraket var i haustværet.

eg tok båten til ålesund åleine, for eg hadde time hjå kjeveortopeden min, og den timen varer alltid i fem minutt. medan eg venta på bussen tilbake, kjøpte eg meg verdas finaste bok, drakk kaffi og åt makronar. og det var ganske fint og koseleg.

og den siste helga i ferien, reiste eg og janne-panne til svelgen og besøkte verdas finaste lene, eller, pene-lene, og vesle guten hennar, lucas. og det var type det koslegaste i heile oktober (og haust).

og siste kvelden i svelgen var vesle lucas hos besteforeldrene og vi for ut på rock and roll.

og så kom snøen og kuldegradene, og det var eg ikkje heilt forberedt på. så eg leste mange fine bloggar og hadde superkonkurranse på bloggen.

også var eg plutseleg ferdig med mediaprosjektet, og var eigentleg ganske nøgd med resultatet.

november.

eg fekk finfint besøk av lene og lucas

drakk nokon liter kaffi frå starbuckskoppar saman med denne skjønne jenta

eg trakk superkonkurransevinnarane og det var finfint!

det var russekro igjen

denne gongen med superhelt-tema

og eg var catwoman, med nerdebriller, og brillene mine vart vekke den kvelden.

bloggermagasinet byrja å bli ferdig, og det var kjempespennande!

det var knuskaldt ute og eg drakk ein del kaffi frå statoilkoppen min

og holdt på å dø av kulde på veg til skulen i blomekjolen

på skulen sakna eg jannepanne, som hadde slutta fyrste veka av månaden, og fann trøst i å stå bak skulen og smugrøyke saman med desse fine, rare folka.

eg las mykje axel jensen til særemnet

eg var på haukeland og opererte og vart sjukmeldt i ei veke.

veslebror laga frukost på senga til meg, eg og sissel bestillte tur til rhodos til sommaren og livet var ganske fint, tross alt.

desember.

desember byrja med fest i kjellarhybelen med fine folk. det skulle vise seg å bli ein av mange festar i løpet av månaden.

fyrste helga i desember hoppa heile kompani kvåle-ødegård i bilen og kjørte til haugesund.

for den laurdagen hadde verdas finaste minstebror åtte års dag.

og verdas finaste veslesyster var der, kvit i håret som ein engel.

og ein stestorebror som var veldig trøtt (og som har gebursdag i dag og blir nitten år, og som kjem til å kaldkvele meg for å ha lagt ut dette biletet).

gutteselskap er omtrent slik.

og på kvelden gikk vi på julemarknad i byen.

vel heime reiste vi på protest i måløy for å behalde lokalsjukehuset vårt, slik at vi slepp å kjøre i tre/fire timar i tilfelle fødsel eller broten lårhals. (fuuuu til stortinget, helse vest og ikkje minst helse førde!!)

eg kjøpte eit nytt gammalt analogt kamera, og var overlukkeleg på grunn av det.

eg laga inspirasjonsvegg

og så var det grisefest for heile 92-kullet (med innslag av 91 og 90), og det byrja ganske bra og slutta litt blæh.

kim-inge og ein av mine favorittlærerar, Arild Heggen!

Arnt-Ivar og religionslæraren min, Gislaug.

sondre, før han krangla med golvet og eg måtte følge han på legevakta i nokre timar. og det var vel ein av faktorane som gjorde kvelden litt blæh.

det vart julafta igjen og vi besøkte den finaste oldemora på eldresenteret.

vi opna åt og opna gåver og spelte spel og las bøker. fin julaft.

i romjula var eg heime og tok livet med ro. eg tok nesten ingen bileter og las ein god del bøker.

femte juledag tok eg bussen inn igjen til eid og festa med dei finaste folka. vi hadde jentevors i kjellarhybelen min og svelekameratane spelte på puben, og det var ganske kos og ganske mange folk.

sjette juledag var eg på romjulsdans på bryggja, men då tok eg ingen bileter for eg kom rett frå jobb og orka ikkje byrje styre med kameraet den kvelden.

på nyttårsafta var det stor storm og vi måtte ned på jordet for å skyte opp rakettar, og vi stod i vindauget og såg på fyrverkeriet og det var heile desember.

1 Comment

Filed under Foto og slikt fint, Kvardagen

One response to “2010: oktober, november og desember.

  1. Mange fine bilder, ser ut som du har hatt en fin høst. =)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s