Minnesmerket

Regnet rann forsiktig ned kinnet hennar. Alle uoverkommelege tankar krangla med kvarandre i det ho sto der og stira ned gata. Det var mørkt og gatelyktene var tente. Lyden av gummidekk mot våt asfalt laga ein symfoni av det udefinerbare tomme som låg gøymt mellom regndråpane. Som stille sukk. Håret klistra seg til det kvite andletet hennar, kvitare enn dauden. Då ho var lita hadde oldemora hennar kalla ho ein engel, ho var død no og far hennar kalla ho eit lik.

Ein dag skulle ho bli forskar. Forklare dei fysiske lovene som dikterte dei minste hendingane i det daglege. Finne grunnar og meiningar som lovleggjorde det som var vondt og annleis. Ein dag skulle ho bli forfattar. Fortelje folk om det såre, det ukjende, det som konsumerte kvar ei celle i kroppen, som eit kjøttetande virus innanfrå. Ufarleggjere det.

Ho høyrde alle steg og kviskringar frå passerande fotgjengarar. Ho visste kva dei sa, kva dei tenkte, kva dei meinte. Ein dag skulle ho bli kunstnar. Formidle til verda det etsande mørket som drenerer alle blodceller og fyller dei med cyanid. Kvar dag døyr vi litt, pla mor hennar seie, kvar dag mistar vi verdfull tid vi ikkje får tilbake. Med det ein trailer køyrde forbi, børsta ho eit kvitt hårstrå ut or auga sine og tok eit steg fram. Ein dag skulle ho bli eit minnesmerke.

4 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

4 responses to “Minnesmerket

  1. Utrolig fint skrevet.

  2. du er så flink til å skrive du. fantastisk tekst.

  3. åh så fint. og trist. og vakkert. som alltid. elsker de små gistoriene dine. elsker ordene dine. elsker bloggen din. åh. eg blir målløs.

  4. fint skrevet.. kunne forstille meg det du skrev om.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s