å sitte på stovegolvet i blondeblomekjole og ete frukostblanding medan ein ser amélie og tenkjer på alt det fine i verda

Suget i magen er der endå, sjølv om premiera er ferdig, sminkeromma rydda klare til i morgon og eg sit fint i senga på kjellarhybelen min. det berre vart så bra. alle lys og lydeffektar kom akkurat då dei skulle, ingen gløymde replikkane sine, ingen stod med ryggen til publikum og dei lo. dei lo faktisk. vi dreit oss ikkje ut. tenk det!

den stille roa som har senka seg over hybel er av den fine roen. den nøgde, konkluderande, avspennande typen. blondeblomekjolen er sjølvsagt på, og i håret har eg den vakraste sløyfekjærleiken som eg kjøpte av marte. suget i magen og kjolen og sløyfa og roen inspirerar meg. eg vil skrive, eg vil fotografere, eg vil danse. synge. male. teikne. filme. eg vil rydde heile hybelen, vaske den heilt ned, frå tak til golv, og så lage meg den beste middagen i heile verda, sitte på golvet i stova og ete den medan eg ser Amélie. Amélie er yndlingsfilmen min. og kanskje er det nettopp det eg skal gjere? sjølv om all maten eg har på hybelen er melk og lauk og frukostblanding. av og til har ein jo lov til å skjemme seg litt vekk.

og før eg byrjar med vaskekost og grønsåpe, så vil eg berre sei til alle dykk fabelaktige vesen som les denne bloggen, tusen takk for alle fine kommentar, for kvart innlegg de likar på bloglovin. de aner ikkje kor mykje det betyr for meg. dei siste vekene har det vore litt så som så her på bloggen, og det beklager eg sterkt. eg håper de ber med meg, at de ikkje gir meg opp, eg kjem nok til å hugleike dykk alle for alltid. de er lys i ein hybelkvardag i nordfjord, og eg trur ikkje de heilt forstår nettopp kor viktige det gjer dykk.

5 Comments

Filed under Filmatiske vidunder, Skriverier og tekstar og slikt.

5 responses to “å sitte på stovegolvet i blondeblomekjole og ete frukostblanding medan ein ser amélie og tenkjer på alt det fine i verda

  1. Så bra at forestillingen gikk bra=) Har aldri sett den filmen før,men kanskje jeg skal gjøre det.

  2. så godt å lesa at det gikk bra. sko ønska eg konne fått sett det🙂

    Amelie e ein vakker film, eg glede meg te eg ska ta den opp igjen i prosjektet vårras🙂

    tusen tusen takk Kristina, det e så kjekt å hørra at du syns noe eg gjør e fint, då blir eg så glad fordi eg syns DU e så flink🙂

  3. den filmen er bra !

    sv: åh, det høres ut som en utrolig bra jobb. kan forstå at du liker den jobben !:)

  4. SV;Skal ta til meg tipset,å se den filmen! Må utvide min filmhorisont litt!🙂

    hadde en fin sverige tur, kjøpe senteret på charlottenberg var stappafullt! hehe.

    //Bare å glede seg til Hellas, hvor skal du henn? Jeg var mest i Athen men var på klassetur til peloponnes,og delfi bla. En sted man bør sjekke ut er Nafplos,hvis jeg ikke har stavet det feil igjen.hehe.

  5. Amélie er en fantastisk film:-)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s