i held my breath, and you said something

På tysdag hadde eg og Anniken fotoshoot. Temaet er litt hemmeleg, for det er alltid meir morosamt når ting er litt hemmelege. bileta tok vi i forbinding med mitt og Milla sitt nye kreative-prosjekt, som også er småleg hemmeleg akkurat no, men det óg er ein slik fin løyndom. ein dag, i ganske nær framtid, skal eg fortelje dykk alt.

dagane mine er ganske hektiske for tida, eg går konstant rundt og føler at eg burde gjere noko, og sit difor veldig lite i ro. det er nok ein reaksjon på at eg nettopp har starta mitt absolutt aller siste andre termin på Eid Vgs nokon sinne, og det er kanskje det skumlaste eg har vore med på så langt. dette er siste innspurt, og akkurat den tanken knyt magen minn inn i mange forskjellege, ekle, knutar og eg blir kvalm. i morgon er det studieretningsdag, og det er også ganske skummelt, sjølv om eg veit nokså godt kva eg skal gå til hausten igjen og kvar eg skal. men også det er ein løyndom. plassen er bestemt, men studiet er endå undecided.

eigentleg har eg berre lyst til å gøyme meg under dyna og gå tilbake i tid. tilbake til den måndagen i slutten av august, då eg og sissel og janne og veronika sat ute på trappa til hybelen min, og drakk kaffi i sola og smugrøykte og snakka om det fantastiske året som låg foran oss. og janne hadde nett fått lappen og alt låg liksom foran oss. så mykje har skjedd, så mykje har blitt heilt annerleis enn kva vi såg for oss den ettermiddagen. og det har vore både fine vendingar og triste vendingar. men det har vore vendingar. eg saknar den kjenslen om at alt er mogleg. dette er siste året vårt her på eid, samla, gudane veit kva ståa vil vere om eit halvtår. no duggar det av kaffikoppen min og det einaste eg lurer på i heile verda akkurat no er, korleis kom vi hit?

1 Comment

Filed under Foto og slikt fint, Kvardagen

One response to “i held my breath, and you said something

  1. nydlig bilde asså, fantastisk fint! glede meg te prosjektstart, ska bli kjekt å holda på med no kreativt, åsså med deg av alle folk😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s