Morgonsamtalar

– Draumen var så levande, så ekte, det var mest som eg sov meir når eg vakna, enn kva eg gjor i draumen. Det er eit svakt hint av panikk i stemma mi, ein liten redsel eg prøver å skjule, men endå vise.
– Kristina, slapp av, det var eit mareritt, ikkje noko meir, Viviann smiler til meg over kaffikoppen sin. Det er tidleg på morgonen og vi sit i kantina og venter på at skulen skal byrje. Det er fem minutt til.
– Eg veit, eg veit, men fy så verkeleg den var, eg vakna med eit rykk! Eg tar ein sup av statoil-koppen min, der er raudemerker forma som lepper på kanten.
– Du er no alltids litt dramatisk av deg, du, ler ho.
– Dessutan høyres jo draumen din utruleg morosam ut! Ho flirer, ler vel av overall-beskrivinga eg ga ho i sted.
– Dramatisk? eg? Kva snakkar du om? Seier eg med eit lite smil, eg gjer meg til med vilje.

Ting er lettare om eg gjer meg litt til, dersom eg ikkje er Kristina heile tida. Av og til liker eg å vere berre Aurore, med -e og ikkje -a. Aurore er fransk, ho liknar litt på Anna Karina, men også på Jane Birkin og Nico. Ho er eit småleg bad-ass alterego, frukosten hennar er cornflakes med vodka. Ikkje at det er noko tøft og stilig med å drikke på morgonen, det er jo ikkje difor ho gjer det, og ho gjer det berre i hovudet mitt. Det er berre det at Aurore gir ein god faen i sosiale normer og konvensjonar. Ho lever for å vere seg sjølv, og ho er eit banebrytande menneske. Ein ekte boheme, hippi, pønkar, kunstnar. Ho er alle dei tinga eg ikkje tørr vere, samstundes som ho er alt eg vil vere, og alt eg håper eg aldri blir. Ein trygg person å bli, når det er for skummelt å vere seg sjølv.

– Men sett deg i mine sko da! Eg ser på viviann, ber ho om å forstå.
– nei, uff, eg ser at det må ha vore ganske fælt der og da ja, stemma hennar er sympatisk og medlidande. Det er det fine med Viviss, ho kjenner sympati for dei fleste.
– Heile livet mitt var øydelagt! Eg kom ikkje inn nokon plass, måtte gå på dummie’s university of lumber and basic technical advices. Eit grøss fær gjennom meg i dét eg gjennbesøker plottet frå nattas hårreisande draum.
– Stakkars, du er jo i alle fall ikkje dum da, Kristina! Ho flirer, gapskrattar nesten, men greier å halde seg.

Fleire folk byrja å komme inn i kantina, det er snart fullt og den øredøvande susinga av morgonprat og kaffisukk, druknar den vesle samtalen vår.
– Eg er i alle fall ikkje SÅ dum! Begge ler, dei komiske aspekta frå draumen, dei aspekta som kun kjem i etterkant, når ein oppdagar det bisarre og merkelege i samanheng og hending, byrja endeleg å synke inn. Det var berre ein draum.
– Nei, eg må gå no, mediatime veit du, seier eg i dét eg røyser meg og byrja pakke saman.
– Ok, du får kose deg! Ho ser litt forlatt ut, der ho sit i den, no, tømmande kantina. Timen hennar byrja ikkje før om ei stund.
– Eg kjem ut i friminutta, lovar eg ho, og tar statoil koppen min medan eg slenger veska over skuldrane og byrja gå mot klasserommet.
– Den er grei, smiler ho og tar ein ny slurk av kaffien sin. I sidesynet mitt ser eg at ho flekkar opp pcen sin, og eg kjenner det skikkeleg godt på heile kroppen at no er det fredag.

foto: linka til opphaveleg kjelde

1 Comment

Filed under Kvardagen, Skriverier og tekstar og slikt.

One response to “Morgonsamtalar

  1. åh fantastisk fint. og hærlig. eg vil og ha ei Aurore inni meg, kanskje eg allerede har det. hu har bare ikje fått et navn ennå😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s