the smoke is here to stay

Stemma til Moddi balsamerar hovudet mitt. Eg les A Prayer for Owen Meany av John Irving og tenker at den er ganske så fin. Det er norsktime og eg unngår all form for arbeid. I dag skal eg heim, til Flatraket, og sove. Energien er verre enn på veldig lenge, nesten like dårleg som tidleg i haust, og eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med det. Sove meir? Ete sunnare? Trene? I morgon skal eg til legen, han skal stjele blod frå meg også kanskje gir det han ei openberring, også får eg energi igjen. Kanskje.

Eg prøver mitt beste for å halde denne bloggen klagefri og positiv. Mest fordi eg kan vere ein utruleg pessimistisk person i røynda, og eigentleg vil eg berre vere glad. For livet er eigentleg ganske bra om dagen, folka er fine, og dei som ikkje er det, dei asossierar eg meg ikkje med. Men eg er trøytt, konstant utslitt. Uansett kor mykje raud lebestift eg tar på meg, kor mange blomekjolar eg går i, eller kor mange gongar eg høyrer på denne spelelista, så er eg like sliten. Det er ingenting å gjere med det, det ligg eit monster bak auga mine og i magen, den et opp gnisten min. Eg vil legge meg ned på golvet, det er for slitsomt å sitte, alt for slitsomt å stå – eg vil ikkje vere her, dette har eg ikkje energi til.

Moddi har rett, eg er stuck in the waltz, the smoke IS here to stay. Nei, onsdagar er nok heller ikkje heilt min dag. Laurdagar, sundagar, tysdagar og torsdagar går fint, men fredag, måndag og onsdag, burde vere bannlyst frå kalenderen.

foto: linka til opphav.

5 Comments

Filed under Kvardagen

5 responses to “the smoke is here to stay

  1. Du skriv ganske bra korleis eg har kjent det i 5 år no. Å vera utslitt er ikkje gøy..

  2. Ikke noe morsomt å være utslitt, been there! Jeg ble utslitt pga skole,og ble litt neden for og ned. Men så tror jeg at det også var litt av “vinterdepresjon” som satt inn i høst. Men det er lov til å klage litt,viser at man også kan ha dårlige dager:)
    håper legen finner ut av hva det er som gjør deg utslitt. Kanskje jernmangel eller lavt blodtrykk?

  3. veronika

    ååh, a prayer for owen meany må leses og nytes! det er ikke en bok som kan slukes på et par dager, men gjerne bruke en måned. for å forstå innholdet og sammenhengene. utrolig bra bok !

  4. Så leit at du er utslitt, vennen! Jeg kjenner meg egentlig igjen, ihvertfall på høsten. Da er alt ork. Men det tror jeg er høstdepresjon egentlig. Gleder meg til vår jeg!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s