Kval

Om eg var ein kval,
kvit og majestetisk
under havet,
ville du besøkt meg då?
Der eg sumde,
langt nede i djupet,
mellom uer og korall,
og berre var.

Når eg, ein gong i blant,
kom opp etter luft,
ville du
sett etter meg?

Ville auga dine
vandre over bølgjene?
Leita mellom skjæra
som dukka opp
i eit landskap av vatn og ingenting,
til du fann meg,
der eg braut gjennom
overflata
og kom inn i di verd,
som eit kvitt gjenskin i sola.

Ville du vite då,
at det er her eg høyrer heime?

Om eg sang til deg,
ville du høyre
alt eg sa?

foto: linka til opphav.

6 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

6 responses to “Kval

  1. ubeskrivelig vakkert. hjerta mitt blei varmt, så varmt at ei tåra fallt.

  2. Vakkert og fint dikt=) Like<3

  3. sv: huff, det høyres ikkje bra ut. Vonar dei finn noko dei kan gjera noko med. Uansett må du ha god betring!

  4. SV;Bare hyggelig Kristina! Håper det går bedre meg deg nå. Har legen funnet noe ut av hva det er for noe?

    Takk , skulderen er fremdeles øm og sår. God helg til deg også!

  5. Bare hyggelig Kristina, du fortjene finfine kommentarer😉

    Tusen tusen takk, va veldig nysjerrig på ka du syns😉 Glede meg sykt te å se ka me finne på framover, det e virkelig et fint, kjekt og inspireranes prosjekt me har fått oss😉

    Ønske deg ein fortryllanes helg søte du!

  6. Å, hvaler, fineste dyret i verden❤ Diktet var også fint, forresten🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s