laurdagar skal vere litt slik.

at ein står opp i ti tida og brukar lang tid på å lage frukost og kaffi, også ete det i stova i pysjen med ullteppe over seg og sjå på buffy og tenke at denne episoden har eg ikkje sett før.

ta på seg den nye kåpa si, som ein er litt usikker på, for den hadde litt merkeleg fasong, men bruke den likevel for å bygge sjølvtillitten opp til der den kanskje burde vere.

ha raud sløyfe-kjærleik i håret, og raud lebestift og røyke siste marlboroen og tenke at no må ein kjøpe ny pakke til i kveld.

gå på cubus og besøke verdas finaste sissel som arbeider der, kjøpe masse fine ting ein eigentleg ikkje hadde tenkt å kjøpe, som øyredobbar og blondetruser og over-knee strømper med blomar på, og tenke at dette blir ein fin kveld.

fare på rema 1000 og kjøpe tuborg og 7-up free, slik at kvelden er garantert suksess. møte fine folk på butikken som også skal ut i kveld og snakke om kvar det er vorspiel og kvar ein skal etterpå. pubben eller expeditionen?

komme opp at på hybelen og ta på seg pysjen igjen og drikke litt meir kaffi, medan ein ser over kvitteringane og gjer hovudrekning. Få litt angst fordi ein har brukt så mykje pengar før lønning, også slå seg til ro med at det er faktisk lønning på fredag.

finne ut kva ein skal ha på seg på fest i kveld, blomekjole, blomkjole, skinn-kjole (fake), blomekjole, sorbet-kjole? også tenke på det ei stund, fram til det er tid for å byrje å gjere seg klar til det som skal bli ein utruleg fin kveld.

korleis har dykkar laurdag vore? korleis ser laurdagskvelden dykkar ut?

12 Comments

Filed under Kvardagen

12 responses to “laurdagar skal vere litt slik.

  1. Høyres ut som ein finfin laurdag!
    Eg har vore på jobb i Loen, og no skal eg lage litt god mat til meg og min kjære før eg tar vinflaska under armen og målepenslane i handa og forhåpentlegvis får ein fin kveld men ei god venninde (og kanskje ein tur ut etterpå!) God helg!

  2. Buffy og sløyfer ^^

  3. Renate

    Kjempeflott lørdag, og fin måte å presentere dagen på!🙂 Fin i rødt var du og ^^
    Her er det latmannslørdag og fyllesjuka :p

  4. I dag har eg vore husmor. Eg har vaska klede, sett i oppvaskemaskinen og rydda rommet. Alt med feber. No får eg snart besøk av nokre fine mennesker, for me skal sjå skrekkfilm. Jaiks.
    Ha ein fin, fin laurdag🙂

  5. Masse fine bilder! Hvilken kanal går buffy på nå eller laster du ned? =)

    Lørdagen min har gått med på å slappe av,ha familiebesøk og se på “The Notebook”. Nydelig film!

  6. Fantastic Frida

    Åh, akkurat, akkurat slik skal lørdager være! Min lørdag har stort sett utspilt seg rundt omkring i Oslo, med god mat og mennesker som er minst like allrighte. Og det er ganske fint (:

  7. åh så fint! min lørdag va sånn: gå tur med Leia, ta på meg favpritt bukså mi og hatt, sitta på trikken å hørra på die antwoord, møta verdens finaste jessica, ta bilder, prøva jakker, kjøpa like jakker, klemma, le (høgt), ta ennå mær bilder, hoppa litt, spisa god mat på egon, klemma litt mær og sei byebye te verdens fnaste jessica, oj, detta va visst fredagen min :O

    haha, anywho LØRDAGEN min såg sånn ut: tur med prinsesse Leia, god frokost med finaste kjæresten i verden, masse episoder av Eureka (det tror eg e ein serie du hadde likt forresten), dusj, krølling av hår, die antwoord og sleigh bells og litt obie trice, tri stykk øll, hadebraklem te Leia, to stykk konsert (road rage og cacadou), masse latter, taxi, heipådegklem te Leia og kvalitetstid med putå.

  8. Har lest bloggen din også flere ganger. Den er utrolig bra! Et drømmested🙂

  9. Det hørtes veldig fint ut, alt minus røyken. Vår leilighet kommer til å være røykfri vettu!😀

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s