vinterchampagne

Det snør ute. Store, kvite fnugg kjem seglande ned frå himmelen og legg seg som eit teppe over isen. Det er kaldt. Ho frys på henda og gnir selbuvottane saman i raskt tempo for å skape mest mogleg friksjon. Forbi ho køyrer bussar og bilar i forskjellige retningar, mot forskjellige mål, forskjellige liv. Ho let att augene og latar som om ho er ein av passasjerane på bussen. Tenkjer på kvar ho skal, kven ho skal møte og kvifor. Ho ser for seg kven ho er, utsjånad, personlegdom, interesser. Kanskje har ho blondt hår, er litt høg, men kanskje også litt kraftig? Kanskje likar ho ballett, eller fotball, og kanskje er ho den smartaste på heile bussen? Kanskje er ho nettopp utdanna fysiker og jobber på eit laboritorium litt utanfor byen og bruker kvit frakk og blyantskjørt på jobb kvar einaste dag. Kanskje skal ho heim til mann og barn, to barn faktisk, ei jente og ein gut. Og kanskje er dei fire og seks år gamle og likar å klatre i det bjørketreet som kanskje står i hagen deira. Ho likar den tanken.

Det byrja å blåse, ein kald nordavind som skrapar ho i ansiktet og tvinger ho til å opne auga. Ho er ingen fysikar, der er ingen kvite frakkar eller blyantskjørt. Ingen ektemann, ingen barn, ingen bjørketre, rett og slett ingen tankar eller kanksje-er. Ho trakkar ned i ein sølepytt, den er djup og skoen hennar fyllast med iskald søle. Telefonen ringer og ho veit kven det er. Det er ein verkeleg person. Ein som både er vond og god om kvarandre, som får ho til å både le og gråte. – Eg trur ikkje våren kjem i år, seier ho, og dei som står nære nok kan så vidt høyre kva telefonen svarar.  – I kveld må vi drikke champagne, det er ikkje til å komme unna, det er slik det må bli. Ho seier det som den største sjølvfølge, før ho legger på og fortsetter ned gata, mot sitt eige mål, sitt eige liv.

2 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

2 responses to “vinterchampagne

  1. Kjempe fint skrevet:) Hender jeg drømmer meg bort,og tenker som i teksten ovenfor.:)

  2. du skrive så fint kristina, eg blir målløs!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s