Litt om solstrålar i februar og framtida i august

Det er februar no, heile verda mi er kald. Bakken er dekt av is og sludd, og ofte tryner eg på veg enten til eller frå skulen. Skulen er håplaus, eg sit og kjeder meg, og underyter i timane fordi eg ikkje ser poenget. Det verste i verda er å føle at ein kastar vekk tida si på noko ein ikkje får noko for. Slik er skulen for tida. Det er blitt litt trist å stå ute i friminutta og fryse på fingrane, sommaren kjem jo aldri, det kjem til å vere vinter for alltid, sa vi. Så kom sola.

Den kom som eit brev i posten, heilt uforventa. Eg sat på biblioteket, som eg så ofte gjer, eg hadde fritime, det var fredag, og eg såg skins. Det var akkurat trettifem minutt til eg måtte vende nasa mot StudioEid og gymtime, og der eg sat og tenkte kor mykje eg hatar fredagar, kor forferdeleg eg syns det er å trene saman med andre og så få karakter på det, og kor irriterande det var at skins bufra seint – kjende eg det vart varmt i nakken. Eg reiv auga frå skjermen og såg rundt meg, eg sat i den raude sofaen med ryggen vendt mot glasveggen ut, som eg alltid gjer. Sollyset lyste opp alt – radene med bøker, ansikta til bibliotekarane og elevane, skjermen på macen min, halve venstrearmen min. Det var som om nokon hadde skrudd på lyset i eit mørkt rom. Everything was illuminated.

Samtalemna sirkulerte ikkje lenger rundt vinter, kor glatte vegane er eller den ekstreme kulden. I staden diskuterte vi vår og hyttetur, sydentur, russetid, sommarferie, festivalar og framtida. Det er det vi kallar hausten, framtida. Ingenting har verka meir uoppnåeleg enn framtida. Kva som kjem, kva som skjer, det er det ingen som veit heilt sikkert. Personleg er eg livredd framtida. Eg gler meg noko heilt nådelaust til august, til den byrjar, men eg er livredd for juni og juli. Karakterar og skulesvar.

Karakterar har aldri vore eit problem for meg, skule har som regel alltid vore noko eg har fått til . Men dei siste månadane, med ingen energi og ikkje noko overskot, har det vore vanskeleg å oppretthalde det som før var hobbien min. Misforstå meg rett, karakterane mine er gode, men godt er ikkje det som skal til. Vi snakkar superfenomenalt. No er vi komt til den delen der eg fortel om kva eg skal i framtida.

Til hausten flyttar eg til Oslo. Der skal eg bu i leilighet saman med Anette og studere. Eg skal gå på Blindern. Der skal eg gå eit årsstudium i anten engelsk, psykologi eller litteratur. Der er nokre andre årstudium eg går og tygg litt på også, men desse tre er dei som verkar mest aktuelle for meg akkurat no. Det er dette eg interesserar meg for. Grunnen til at eg tar eit årsstudium i år er ganske enkel, eg føler meg ikkje klar for å byrje på ein bachelor eller master heilt endå. Eg vil ha eit år til å tenke på. Eit slags friår, der eg studerer noko som eg likar og interesserar meg, samstundes som eg får ein smakebit av korleis studentlivet er, korleis bylivet er.

Eg gler meg noko heilt umåteleg til august. Til å flytte inn med Anette, til alt som ikkje er her i Sogn og Fjordane. Alle butikkane, utestadane, tilboda, menneska. Å flytte til Oslo kjem til å bli som å få alt tilgjengeleg med ein gong, det kjem til å forandre verda mi.

Og det er planen min. Ganske enkel eigentleg, og det er ganske godt. Kva eg gjer når året er omme, veit eg ikkje endå. Eg har nokre idéar flygande rundt i hovudet allereie. Eg vil i allefall ha ein bachelor i statsvitenskap ein dag, men der er også mange andre ting eg kan tenke meg å studere. Slik er det med meg, eg vil så mykje, har så mange planar og draumar og ønsker, og helst skulle eg ønske at eg kunne gjer alle saman med ein gong. I staden skal eg sitte ute i februar sola, med dei finaste menneska, og snakke om vår og hyttetur, festivalar og sydenturar, medan vi røyker sigarettar og grugler oss til sommaren kjem og alt er over, då alt byrjar.

Kva skal de til hausten?

11 Comments

Filed under Kristina i den Store Verda

11 responses to “Litt om solstrålar i februar og framtida i august

  1. Kjenner meg igjen der, sånn følte jeg når siste året på vgs. press,og forhåpninger,og tanker om fremtiden. At man skal bestemme seg for hva man skal bli her i “verden”,skulle ønske jeg hadde tatt et årstudie,men der og da hadde jeg sterkt ønske å utforske hva arkeologi hadde å by på. Historie og kultur var noe som har alltid interessert meg,men nå er jeg ikke helt sikker at det er det jeg vil bygge videre på. Kom inn på andre valget mitt for snart 3 år(antikk kultur og klassisk språk),der valgte jeg å fordype meg i arkeologi.

    Har 1 år igjen av bachelor graden min,må ta 1 år ekstra. Men kanskje innen den tid så har jeg bestemt veien videre.

    Så jeg synes det er utrolig lurt at deg å at årsstudium,i stedenfor å begynne på bachelorgrad. Hvis du finner ut at en av de årstudiumene er noe for deg,kan du jo etter det året er omme bygge videre på en bachelorgrad,det er mye muligheter:)

    Da blir du kanskje å se på Blindern til høsten=) kanskje vi treffes, kommer til å henge der 1 år ting.hehe:) Lykke til videre med skole og karakterer!

    SV;hehe,kan skjønne det kommer kleine situasjoner av det:)

    Stella Mwangi vant med “Haba Haba”:)

  2. Framtida kan vera noko av det mest skumlaste i verda, men eg har erfart at når den tida nærmar seg er den ikkje skummel.

    Sv: Så koseleg at du vil sjå filmane, eg meinar at alle er like fine, men aller helst “The Phantom of the Opera”

  3. i danmark finnes det ikke årsstudium, så jeg begynte på noe som interesserte meg halvt, men jeg visste jeg ikke kom til å fullføre. til høsten ser det ut til at det blir england på meg, spansk og engelsk + evt fransk, jeg har i hvert fall kommet inn.

  4. Så spennende, det finnes så mange muligheter at man kan bli litt sånn svimmel. Men med godt mot så kommer man langt, det tror jeg veldig på🙂

  5. framtiå skremme meg fremdeles, tror den alltid har gjort det, kanskje mest fordi eg e så redd for å skuffa andre med mine valg, spesielt mamma og pappa lissom. men ein kan jo ikje gjør no aent enn å leva i nåtiå og ta ein dag om gongen, framtiå komme når den komme, ingenting å gjør med det😉 me kan bare passa på at me har det fint på vei imot den😉

    / tusen takk du, veldig fornøyd med den sjøl, min favorittring faktisk😉

  6. Nina Erviksæter

    Eg ana ikkje kva eg vil eg. Har små tankar, men.. ja🙂
    Eg vil ikkje at du skal flytteee. Eg vil ikkje at nokon skal flytte, og dersom ein MÅ, skal alle flytte dit òg. Blæ, sakn er ikkje kos ..🙂

  7. Kanskje skal jeg ogspå på årsstudium i litteratur. Eller jeg bare begynner på bachelor. Eller jeg kommer inn på Skrivekunstakademiet i Bergen – aller helst.

  8. Kjenner meg litt igjen her. Føler meg ikke helt motivert til skolen lenger, selv om jeg liker å få bra karakterer.

    Btw, du skriver så bra!

  9. Renate

    Ja det er vanskelig å motivere seg når man går lei og ikke ser poeng i det mer, men man kommer alltids gjennom det. Kanskje når våren dukker opp får du mer vilje til å gjøre ting? Slik er det med meg iallefall. Er så herlig når man kjenner første tegn av at våren nærmer seg. Underbart.

    Syns den nærmeste fremtiden din virker veldig spennende. Flytting og interessant årsstudium, et bra valg om man ikke helt vet hva man ønsker.

    Høsten? Ja, for første gang siden jeg var bittelita jente kan jeg vel si at jeg ikke vet. For det er ikke skole lengre. Så rart! Siste semester av studie nå, høsten er et stort spørsmålstegn, noe som er fryktelig skummelt men spennende på samme tid!

    Du skriver så utrolig bra!

  10. Jeg gleder meg så fælt! Jeg tror det blir kjempebra uansett hva du velger🙂 Jeg har faktisk ei annen venninne som vurderer årsstudium i litteratur akkurat som deg🙂 Men alt det du vurderer høres gøy ut, jeg tror det blir bra, jeg🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s