Monthly Archives: March 2011

i dag




reiste eg til sandane for å besøke veslebroren min, jon erik, som går andre musikk der. vi hadde nemleg ein fotodate, for han skulle vere modell til opptaksprøva mi. eg søker nemleg på litt fleire skular i oslo, enn berre blindern. det har vore ein fantastisk fin dag, med mykje latter, foto og trasking. vi satt ute og drakk kaffi på kafé daiva, med ullteppe, paramount og kjekke folk. rett og slett ein fintravel dag. over ser de nokre av dei, kanskje trillionar, bilda eg tok av veslebror. og sjølv om han kanskje er litt imot rosatoninga på bilda, så er eg stornøgd med dagen. og littegrann rolegare i forhald til opptaksprøver og framtidsangst. qué sera, ikkje sant?


today i went and visited my little brother in sandane, where he studies music at the high school. he was modeling for my admissiontest to a photography school in oslo. it was a really nice, but really tiresome day. at least now i feel more secure about my applications and all of that. qué sera, right?

Advertisements

8 Comments

Filed under Foto og slikt fint

let’s fly, let’s fly away




eg vil sitte i ein bil midt på sommaren, med vindauga nede og handa i lufta, The Magnetic Fields – All My Little Words eller Giulia y Los Tellarini – Barcelona i bakgrunnen, og vite at eg på veg ein plass fint og heimeleg. som valdres. eller paris. og det skal vere skikkeleg sommar, med grønne bjørketre og pollen i lufta. og ansiktet mitt skal vere fullt av frekner, anten eg likar det eller ikkje, og heile verda skal bestå av festivalar og utepils, grilling og softis (sjølv om eg eigentleg ikkje likar det). aldri meir strømpebukse opp på strømpebukse, eller ull eller støvlar (anna enn på festivalar); men korte sommarkjolar, gamle syklar med korg på styret, nyplukka jordbær og femtitals bikini. interrail gjennom europa. difuse dagar og berusa netter i amsterdam og köln, venezia og praha. alle dokumentert i eit gammaldags dianakamera og eit analogt minolta. kanskje også i eit sprellande nytt canonkamera. eg vil ha dagar der eg er så fattig at eg tar på meg strøjobbar på kaféar i bukuresti og sofia, berre for å betale for kost og losji. ete croissants til frukost og scampi til kvelds (for ja, sjølv om eg er vegetarianer, et eg skalldyr). gå meg vill på loppemarknader og gå i gamle vintagefunn og kjenne meg litt som audrey hepburn. ta ein cassie og berre reise, destination unknown.

men mest av alt vil eg vere fri – langt vekke frå denne vesle plassen, langt vekke frå snø og sludd og ustabile regnbyger. anywhere but here, eh?

foto:linka til kjelde


i want to be anywhere but here these days. i am so tired of norway and snow and daunting schoolwork

7 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting, Skriverier og tekstar og slikt.

fuglen i tapeten

Han syng til meg. Forsiktig og forførande. Giftige ord flyt inn i øregongen min, blir til ekko, enkle mantraer som vuggar meg i søvn. Han syng, men han gret, og eg kan ikkje trøste.

Kvifor laug du?

Han kviskrar, melodiøst, og alt kring oss er stille og øydelagt.

Kvifor laug du?

Han mumlar det stille, til seg sjølv, slik at ingen andre enn eg høyrer det.

Kvifor laug du?

Han spyttar det ut, kveser det som ein sint katt.

Taket sirkulerer, eller kanskje eg er den som snurrar. Fuglen i tapeten flyr. Den flaksar desperat i veg, men kjem seg ingen stad. Som meg, som han, som oss. Han syng til meg, og det er alt vi er og har og alt vi nokon sinne kjem til å bli. Som fuglen i tapeten, kjem vi alltid til å vere her.

9 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

don’t you, forget about me, don’t don’t don’t!

soundtrack: Simple Minds – Don’t You (Forget About Me)

i går var eg bursdagsfest til sofie, som nett har blitt nitten

og yngvild som nett er blitt atten! (ekstramykje hipphurra!)

der var yello-shots!

franky-boy var der, og var einaste gutten på vorspiel!

og lina, som har budd i shanghai og oslo, men som no bur i førde og balestrand

og ingvill, som meiner at alle har blod frå hardanger

og live, frå sandane, som eigentleg ikkje ville bli tatt bilde av, men var søt og morsom fordiom

vi spelte store-maia/vesle-maia

og det var kjekt!

men etter ei stund byrja vi spele suckandblow, som har fleire merkelege reglar og som ein kanskje ler litt meir av. eine regelen er at dersom ein trekker ess, så må ein transportere det kortet ved å suge det til seg og gi det vidare. nesten som å kysse, og då ler ein mykje og det såg litt slik ut:
animated gif maker


eine regelen er kongen befaler, og då måtte eg styrte i meg ein supersøt sjokolademuffins

eg hadde forresten på meg favorittblomkjolen min frå i sommar.


på kongen befaler måtte sofie hinke og drikke samstundes, og det var ganske morosamt eigentleg. eg er forresten heilt sjukt forelska i kjolen hennar, men ein ser den ikkje så godt på desse bilda.

det blei litt meir jello-shots
animated gif maker
og froskehopp

og alle var i kjempehumør!


rundt midnatt reiste vi på jibben, som er pubben i måløy. der var det så alt for mørkt til å ta skikkelege bilder. men det gjorde ingenting, for ein fest handlar jo ikkje utelukkande om bilder. og vi hadde biljardmoro og lo og kosa oss heilt til det stengte ein gong i to tida. og det var fredagen min. korleis var din?


this friday i was at a birthdayparty to my friend sofie, who just turned nineteen, and my friend yngvild, who just turned eighteen! it was so much fun, we had jello-shots, and played drinking games and laughed and laughed and laughed. around midnight we went to the local pub in måløy, jibben, where it was all too dark to photograph, but it didn’t matter. we had a great time playing pool and dancing and laughing until the pub closed somewhere around two o’clock. and that was my friday-night, how was yours?

4 Comments

Filed under Festligheiter og feirerier

fine ting på youtube

skins – mad world:

moddi

this is england trailer

the essence of memories

girl, interrupted – ice cream outing

pippin’s song

the kooks – brooklyn

moon river

Jon Cryer – Try a little tenderness (frå pretty in pink, som er så fin)

kva er dine favorittfilmar på youtube?


my favorite youtube movies, what are yours?

9 Comments

Filed under Filmatiske vidunder, Lister, annbefalingar og fine ting

flickrfavorittar mars

rekke 1: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11 ,12

rekke 21, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11 ,12

rekke 31, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11 ,12


flickr favorites from march. linked!

 

8 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Lister, annbefalingar og fine ting

min morgon er lasta med

gilmore girls, kaffi, jordbær/blåbærsmoothie og vitamin medan eg sprang rundt og rydda og ordna meg. fin morgon. fin skuledag også, historie, norsk og engelsk. and that’s it. lenge leve tysdagar.

korleis ser dykkar tysdagmorgon ut?


my morning was filled with gilmore girls, coffee and strawberry/blueberry smoothie while i ran about the flat tiding up and getting ready. it was a really nice and calm morning. i only have school until two today also, and all my favorite subjects are today; history, norwegian and social science english. how was your tuesdaymorning?

11 Comments

Filed under Kvardagen, Mat