tear us apart

Vi spring ned gata så kjolekantane flagrar, det er midt på natta, vi går i høge hælar og vi skrik av lukke. Her er ingen andre, berre oss og den tomme gata med alle kumlokka og dei kvite, gamle husa. Vi kjem aldri til å vere her igjen, og vi snurrar rundt og rundt for å bevare den berusande, svimle, kjenslen i hjartet og hovudet. Det er alt vi har og alt vi er akkurat no. Og vi ler. Sjølv om det er måndag og vi er blakkare enn faen og lever på nudlar, knekkebrød og litt for gammal pulverkaffi. Vi pustar i alle fall, og det er betre enn traktekaffi og gourmet quisine. Heile verda snurrar rundt, og vi er dei einaste som merkar det. ”La oss aldri gløyme dette” ropar Viviann, og vi nikkar og snurrar rundt så fort at vi dett i bakken. Her ligg vi, på den kalde asfalten og ler meir enn vi pustar. Fire jenter. Vi veit ikkje korleis vi kom oss hit, eller kvar vi er i morgon, men det betyr ingenting. Vi har kvarandre, vi er for alltid.


a text about friendship.

11 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

11 responses to “tear us apart

  1. Viviann Jevnlid

    ❤ Finaste du

  2. Så utrolig flott skrevet! Du er virkelig kjempeflink😀

  3. Kjempesøt tekst, ble glad av å lese den😀

  4. Myldretid

    Så utrolig fin tekst!

  5. Nydeleg tekst..

    sv: skal me sjå. No hugsar eg eigentleg ikkje heilt kva eg skreiv. Men twitter: http://twitter.com/#!/somedisaster (veit ikkje om det blir linka rett)
    Goodreads: Digitaldisaster
    Facebookside for bloggen har eg ikkje oppe enda, sidan eg er litt av ein skapbloggar🙂 Har eg gløymt nokon?

  6. Svar: Jeg velger å tro at alle bare har godt av å være sparsommelige for en liten del av livet, for tenk så gøy det blir å tjene ordentlige penger når man er ferdig å studere! Meen.. det er likevel litt kjipt akkurat nå!😛

  7. nydlig skreve, som alltid, du e så flink eg har kje ord!

  8. T

    åh. Så nydelig. Det kiler i magen å lese dette.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s