let’s fly, let’s fly away




eg vil sitte i ein bil midt på sommaren, med vindauga nede og handa i lufta, The Magnetic Fields – All My Little Words eller Giulia y Los Tellarini – Barcelona i bakgrunnen, og vite at eg på veg ein plass fint og heimeleg. som valdres. eller paris. og det skal vere skikkeleg sommar, med grønne bjørketre og pollen i lufta. og ansiktet mitt skal vere fullt av frekner, anten eg likar det eller ikkje, og heile verda skal bestå av festivalar og utepils, grilling og softis (sjølv om eg eigentleg ikkje likar det). aldri meir strømpebukse opp på strømpebukse, eller ull eller støvlar (anna enn på festivalar); men korte sommarkjolar, gamle syklar med korg på styret, nyplukka jordbær og femtitals bikini. interrail gjennom europa. difuse dagar og berusa netter i amsterdam og köln, venezia og praha. alle dokumentert i eit gammaldags dianakamera og eit analogt minolta. kanskje også i eit sprellande nytt canonkamera. eg vil ha dagar der eg er så fattig at eg tar på meg strøjobbar på kaféar i bukuresti og sofia, berre for å betale for kost og losji. ete croissants til frukost og scampi til kvelds (for ja, sjølv om eg er vegetarianer, et eg skalldyr). gå meg vill på loppemarknader og gå i gamle vintagefunn og kjenne meg litt som audrey hepburn. ta ein cassie og berre reise, destination unknown.

men mest av alt vil eg vere fri – langt vekke frå denne vesle plassen, langt vekke frå snø og sludd og ustabile regnbyger. anywhere but here, eh?

foto:linka til kjelde


i want to be anywhere but here these days. i am so tired of norway and snow and daunting schoolwork

7 Comments

Filed under Lister, annbefalingar og fine ting, Skriverier og tekstar og slikt.

7 responses to “let’s fly, let’s fly away

  1. For noen fantastiske bilder! Jeg skulle gjerne ha gjort det samme, sola i ansiktet og vind i håret og jordbær i en kurv<3

  2. jeg dro på spontantur alene til paris i høst, det var lurt. og det var der jeg fant ut at jeg ikke gadd studiet mitt og heller ville ha noe med språk, så nå er jeg på vei til england og har så godt som droppet ut av pedagogikk. ting snur så fort.

  3. Eg kjenner meg igjen. Til dei grader. Gler meg grusomt til det vert så lyse dagar at eg kan bruke diana utan blits og eg kan reise akkurat dit eg vil når eg vil. Akk, sumar!

  4. En flott tekst, jeg savner også sommeren, frihetsfølelsen og opplevelsene fra andre plasser =) Men nå er det ikke lenge igjen =)

  5. Anywhere but here, ja🙂 Fine bilder❤ Reiser du til varmere strøk gjemmer jeg meg i kofferten din ^^

  6. T

    Åh. Ja.

    Men så blir det plutselig vårsol, og gåseunger, og snøklokker, og så kan en sitte i solkroken med en kopp te og brette opp buksene til rett over kneet. Og så plutselig er ikke “here” så aller verst allikevel.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s