Monthly Archives: April 2011

oslo, do you want to be my friend?


eg er i oslo. vakre oslo som eg vart forelska i ein gong i fjor sommar. eg kom torsdagskveld, og sidan fredag har det eigentleg vore full rulle. opptakshelga har vore kjempefin/spennande/skummel/angstfylt/morosam, ja alle ord eg kan komme på. i går hadde vi forelesning med bjørn opsahl og damian heinisch, og av grunnleggar og kreative leiar inge helland. utruleg inspirerande, spennande og overveldande. no sit eg på ein kafé på karl johan og har akkurat levert siste opptaksprøva mi. no er opptakshelga ferdig, no skal eg slappe av. møte folk. så send ein mail om du vil møte eitt stykk forvirra nordfjording innan i morgon kveld! (kristinaaurore alfakrøll live dott no)

foto: privat


i’m in oslo. my beautiful oslo. i’m here at an admissionsweekend at the school bilder nordic school of photography. it’s been crazy and fun and petrifying and every emotion so far. i love it. 

Advertisements

6 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kristina i den Store Verda

filmar eg vil sjå

+ submarine

+ få meg på for faen

fordi boka er kjempebra, filmen kom vidare til hovudkonkurransen på tribeca film festival i new york, og ei venninne av meg har rolla som sara i filmen. ho er også russepresidenten vår forresten, tihi.

+ the roommate

+ the help

+ waiting for forever

+ last night

+ water for elephants

også satsar vi på at elefantane hadde det bra

+ something borrowed.

eg dør litt av denne traileren. plottet er gammalt, men eg elskar det fordiom, hahaha

+ bridesmaids

fordi ho som spelar sookie i gilmore girls har eine rolla. og ho er fantastisk.

+ pirates of the Caribbean 4

har du sett ein, må du sjå alle. er det ikkje slik?

+ HARRY POTTER AND THE DEATHLY HALLOWS PART 2

inga forklaring naudsynt

+ my week with marilyn


(fann ingen trailer)

emma watson, michelle williams. det må jo bli bra.

+ the other woman

+ norwegian wood (of course)

+ eat pray

kva filmar vil de sjå??


some movies i am really looking forward to watch. the second one (turnmeongoddammit) i starring one of my friends, malin, as sara. that is really cool. what movies are you looking forward to see?

10 Comments

Filed under Filmatiske vidunder

i was made for you

det er vår i lufta. sol sol sol. og frekner og grilling og skrubbsår på kneet. eg vil vere zooey deschanel i denne reklama. ver så snill.


it’s spring in the air. sun sun sun. and freckles and barbecues and wounded knees. i want to be zooey deschanel in this commercial. pretty please.

10 Comments

Filed under Filmatiske vidunder

av og til gjer det vondt i hjartet

då prøver eg som regel å berre ignorere det. det funkar som regel dårleg. likevel.


vår og kjensler
.

ein (meget ultra fantastisk) fin ting er at eg vart invitert til opptakshelg hos bilder nordic. når eg tenker på det gjer det ikkje så vondt i hjartet.

likevel.


sometimes hearts hurt. when that happens i usually try to ignore it. that usually doesn’t work out all too well. but still. vår og kjensler. one (really super fantastic) nice thing is that i was accepted to the admissions weekend at bilder nordic school of photography, that makes the hurting less painful. but still. 

13 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Skriverier og tekstar og slikt.

Elle est au centre, et pourtant elle est en dehors


eg er i valdres. utan kamera og bankkort, men med amerikansk vogue og britisk elle og the virgin suicides. dessutan har vi internett og nrk. på fredag vart eg offisielt russ, eg dyppa hovudet i ein vask med øl og johan skreiv kug i pannå mi. vi dansa i regnet og hoppa på campingvogner – ingen bekymringar, berre god stemning og fine folk. opptaksprøvene er sendt og søkefristane er utgått, eg har gjort alt eg kan med det eg vart utdelt og tida vil vise om det var godt nok. no skal eg sjå amélie og sove. god påske vakre vesen.

kva skal de i påska?


I’m at our family house in valdres with my mum, stepfather and brothers. i don’t have my camera or any money, but i do have american vogue, british elle and the virgin suicides. and also we have internet and tv. on friday i became russ officially, so i’ve now drenched my head in beer, danced in the rain and jumped on the rooftops of vans. i’m done applying at schools, and now time will show whether i’m good enough or not. right now it is out of my mind. what are you doing this easter? 

11 Comments

Filed under Foto og slikt fint, Kvardagen

the drugs don’t work

I dag tidleg fekk eg pakke i posten, den var frå eplehuset i ålesund, og i pakken låg det ein sprellande ny macbook 60W ladder. Det har vore nokre hektiske og angstfylte dagar den siste veka. og sjølv om roen ikkje kjem til å senke seg før opptaksprøvene er posta og stempla, ser eg eit lys i enden av tunellen. tusen takk for alle dei fine, støttande kommentarane dykkar, de er fantastiske! har ikkje så mykje anna å sei akkurat no, høyr på denne sangen, gled dykk til påska og gru dykk til russetida (som startar i morgon hehe), det skal i alle fall eg gjere!

foto: linka til kjelde


today i got a new mac-charger in the mail, and i couldn’t be happier! it’s been a crazy few days filled with anxiety and uncertainty since the admission tests are due tomorrow, and i haven’t had a computer for almost a week! thank you so much for all of your amazing comments, they really make my day and help me get motivated! please listen to this song, rejoice over the easter holiday that starts tomorrow, and worry about the russe-time (?) that also starts tomorrow.

7 Comments

Filed under Kvardagen

vi som har panikk


ladderen til macen min døde nettopp. den sa klikk, lagde stjerneskot og døde. og eg har aldri vore så panisk før i mitt liv. før batteriet på macen gikk ut fekk eg ført over opptakstekstane mine, skuleprosjekt og nokre av opptaksbilda mine til den eksterne harddiscen som eg overraskande nok hadde med meg. eg fekk ikkje ført over alt, og sjølv om det berre er snakk om ein laddar som har gått kaputt, får ein ikkje kjøpt mac-laddar på elkjøp. og næraste eplebutikk er i bergen, fem timar unna. utan å overdrive kan eg sei at eg har angst no. ikkje fordi eg må bruke arbeidspcen ei stund framover, men fordi eg må sende opptaksprøvene til westerdals med posten på onsdag, fordi eg ikkje har photoshop eller alle bilda til bilder:nordic, som skal inn på fredag. fordi opptaksprøver ikkje er ei innlevering du får utsetting på. fordi det er framtida mi vi køddar med no. det blir nok lite blogging desse dagane, eg får berre krysse fingrane for at eg får tak i ein ladder fortast mogleg!


the charger to my macbook just died. it made a cracking sound, shot out some fireworks and died. i am really stressed about it, because i live five hours from the nearest applestore, and all my schoolwork and admissionstest are on my mac. i managed to save some of it before the computer was shut off due to the shortage of power. hopefully i will have it fixed in time, but right now i am freaking out.

13 Comments

Filed under Kvardagen