tekoppar og svarte februarnetter

eg fann denne teksten då eg rydda gjennom kreativ utfaldings mappa mi på macen. den mappa der eg legg alle tekstane og løyndomane mine. eg trur eg skal publisere den.

eg brenn meg tunga i dét eg tar ein slurk av koppen. téen er nykokt, og det er vel eigentleg eg også, sjølv om eg ikkje heilt veit korleis eller kvifor. ute er alt svart og svalt. i den forstand at det kan vere svalt ute ei februarnatt, men sett i forhald til at snøen er vekk og eg kan stå ut på den vesle verandaen min og sjå ut i det svarte havet utan å fryse av meg vitale organ, er det svalt. kanskje blir det vår i år likevel? ein heil arbeidsdag er lagt bak meg, og i morgon tidleg byrjar ein heilt ny ein. kvardagen snik opp på ein slik. før ein får sukk for seg, er dei lyse morgonane blå, te er blitt kaffi og alle dei fine bøkene, med dei sønderknusande setningane som får ein til å smile, er ein del av pensum.

av ein grunn skriv eg så kjært og ømt om framtida, og kor mykje eg skulle ønske at den var akkurat her og no. men akkurat no har tida gått litt for fort. den har småjogga seg gjennom dei kvite morgonane og tekoppane og blitt svarte netter med alle tankane som har rot i det mørke. og sjølv om claudine longet syng forsiktig og stille om kjærleik og søvn, er eg like vaken og aleine her eg sit, med tekopp og prøver å skrive noko som ikkje er faenskap. nasa mi er tett og alt eg kan tenke på i heile verda er, kvifor skriv eg? kvifor sit eg her og stille tenkjer ut ulike måtar å formulere setningane mine på, for å skape nettopp den stemninga og kjenslen eg ønsker å formidle? kvifor bruker eg så mykje tid på ord? kven skal lese dei, analysere dei, og fortelje meg at dei er feil? kven har tenkt å forelske seg djupt og hemingslaust i setningane eg har komposert? orda eg nøye og forsiktig har satt saman, mot eit formål eg ikkje kan seie kva er.

ute i den store vide verda fins det så uendeleg mange bøker og bloggar og artiklar frå mennesker som skriv. mennesker som alltid har visst at dei skal skrive og kvifor og korleis og til kven. eg har alltid visst at eg skal skrive. journalist sidan så lenge eg kan hugse. sidan eg opna omslaget på den sønderleste boka om den vesle prinsessa som ni åring, og skreiv hemlege noveller i skrivebøkene mine om prinsesser som eigentleg ikkje var prinsesser og magiske loft med soverom og løyndomar. journalist. sidan eg var elleve år og såg deler av ein christiane amanpour reportasje på cnn og berre visste, at dette vil eg også gjere. journalist. sidan eg var tolv og forelska meg i eit tvprogram som minte meg så mykje om meg sjølv, der hovudpersonen også ville bli som christiane amanpour, og ho også hadde brunt hår og ei eksentrisk, småleg åttitalsbesatt mor. journalist. fordi det kombinerar alt eg elskar i heile verda; skriving, fotografering, filming, historier, bøker, liv, tankar, politikk, kaffi, reiser.

men kvifor skriv eg akkurat no? og kvifor akkurat dette?

ein treng ikkje vere rakettforskar for å sjå at dette på ingen måte er ein reportasje eller ein artikkel. kanskje eit essay, men eigentleg er det berre ein tekst. med komma og punktum, semikolon og ingen store bokstavar. ingen kjem til å rette den, eller seie at eg må ordne på den setninga, flytte det avsnittet eller ta vekk den paragrafen. det er berre ein tekst. ein tekst om å brenne seg på tunga av nykokt te, svarte februarnetter og barndomsdraumar.

ingen får lese det eg har laga. kjem nokon inn i rommet medan eg sit å skriv, lukkar eg worddokumentet, eller let att moleskinboka. det er ikkje ferdig endå, seier eg, sjølv om eg veit at eg aldri kjem til å lese det opp til nokon, og eigentleg kjem teksten aldri til å bli ferdig. eg kjem til å redigere den til mac tar kvelden og sløkker seg for alltid. i førre veke skreiv eg ein tekst til ei venninne av meg som hadde det vondt. eg gjorde noko eg aldri pla gjere då, eg printa den ut og ga den til ho. berre le om du vil, den er ganske tåpleg altså, sa eg, og hadde vondt i magen med dét vi gikk i forskjellige retningar, og ho forsvann med orda mine. løyndomane mine. er det forfattar du vil bli då, spør nokon, og eg heiser på skuldrane og nyrene mine vrir seg. eg las ein plass at så lenge ein skriv, er ein ein skribent, eg kan skrive ugg ugg ugg i fleire mil, er eg endå ein skribent?

overalt rundt meg ser eg bloggarar som fortel at dei skal bli forfattarar, dei skal skrive bøker og noveller og reise jorda rundt, og eg kjenner det stikk mellom ribbeina medan eg tenker på alle dei private skribentane som har sagt det same, men som ingen har hørt om. korleis kan nokon tørre å satse på å livnære seg på noko så ustabilt som skrivaryrket? Det gjer meg sjalu, skulle ønske eg var like modig som dei. like sikker på kvifor eg skriv. i staden sit eg i senga mi å skriv ein mykje for lang tekst om tekoppar og skriving, som eigentleg handlar om å vere feig.

 

6 Comments

Filed under Skriverier og tekstar og slikt.

6 responses to “tekoppar og svarte februarnetter

  1. sv: han flytter til kina, og jeg… vet ikke. et sted jeg har råd til hvor jeg forhåpentligvis har lov til å ha dyr.

  2. Utrolig flott skrevet, Kristina, du er så utrolig dykig! Missunner deg skriveevnen🙂 Er det det du drømmer om å gjøre videre? Å skrive?🙂

  3. / Spennende! Håper du kommer inn🙂

    Jeg har fått noen tilbud fra England og Wales, men jeg har ikke levert inn søknad noe sted enda. Er fryktelig usikker, og i tillegg til skoler i UK, så begynner Bilder Nordic å friste litt… Bah, vanskelig.

  4. åh så spennanes, og nok ein gong, du skrive som ei gudinna! eg elske dine ord asså! eg håpe at du blir forfatter, for eg tror du konne blitt min favoritt forfatter, så drit i alle dei som skrive om at dei ska bli det for vettuka? du E allerede ein forfatter😉

    / oj, tusen tusen takk, men hei, du trenge kje å ha prestasjonsangst du? du e jo dritflink!!!😉

  5. Tekstene dine er satt sammen på en nydelig måte =) Elsker setningen ; “orda eg nøye og forsiktig har satt saman, mot eit formål eg ikkje kan seie kva er.”
    Jeg synes det er kjempe skummelt med alt som skal komme, for selv vet jeg ikke hvor jeg skal, eller vil for den saks skyld. Begynnelser er ofte skumle, i slutten er det trist, men det er det som ligger i mellom som lar oss smile. =)

  6. fine teksten<3 du er så flink til å ordlegge deg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s